Svaksynte Knut tilbake på NIH: – Dette lærer du ikkje i lærebøkene

Knut Sørskår har berre tre prosent synssans og blei kroppsøvingslærar på NIH mot alle odds. Nå er han tilbake for å gje erfaring vidare til nye studentar. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Lærar underviserframfor studentar i klasserom

Knut Sørskår fekk mange spørsmål frå studentane om korleis dei kan legge til rette best mogleg, da han fortalde om sine erfaringar for andreårsstudentane på LUPE. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø/NIH

25-år gamle Knut var ferdig utdanna kroppsøvingslærar på NIH våren 2023. 

Undervisarane på NIH sleit med å forstå korleis dei skulle få det til, da dei fyrst fekk vite at dei skulle få ein nærmast blind student i klassa. 

Ei tid før og etter Knut på NIH

– Eg tenkte mykje på alle utfordringane. Som det å identifisere utanforskap og mobbing i eit klasserom. Og korleis skal ein som ikkje kan sjå kunne gje gode vurderingar? Og kva med symjeundervisning? Og turar? fortalde Lars Harald Eide, programleiar for den femårige lærarutdanninga i kroppsøving og idrettsfag til NRK, som skreiv om historia til Knut i november.

Eide skildrar det som ei tid før og etter Knut i lærarutdanninga slik den er i dag. (Ein blind student gjekk på PPU for tolv år sidan).

Det var godt samarbeid med Knut sjølv som bidrog til at utfordringane løyste seg i tur og orden. 

Portrett Lars Harald
Lars Harald Eide er universitetslektor på NIH og ein av dei som har jobba for å legge best mogleg til rette da Knut Sørskår utdanna seg til kroppsøvingslærar på NIH.

Knut har motbevist alle og jobbar nå som lærar. Nå får framtidas kroppsøvingslærar glede av kompetansen til Knut.

Kva slags ballspel passar best for svaksynte?

Hendene kjem hyppig i lufta når Knut snakkar.

25-åringen frå Haugesund er tilbake i klasserommet på NIH for å fortelje om erfaringane han så langt har gjort seg i arbeidslivet.

Studentane lurar på kva slags ballspel som passar best for elevar med synshemming, kva som er greitt å spørje om og korleis Knut kommuniserer med dei døvblinde elevane sine. 

– Fotball er best av hallidrettane. Kontrastar, fargar og lyd er viktig å tenkje på. Handball er vanskelegare. Det er vanskeleg å reagere fort nok, svarer Knut mellom anna. 

Han seier dei ikkje treng å vere redde for stille feil spørsmål. Det er sjølvsagt personavhengig, men han har alltid hatt lyst til å vere open og ikkje skjule utfordringane, fortel han.

Han fortel også at han tidlegare på dagen har vore på båltur med elevane sine, som alle er døvblinde. 

Da er dei andre sansane viktige. Han fortel om lukta av popcorn på bål, og korleis dei brukar hendene til både å kjenne og kommunisere.

Sørskår gir også studentane råd om korleis dei kan ledsage ein blind elev på best mogleg måte på tur.

– Bekrefta det vi har lært

Kyrre Krager synest det var veldig nyttig å høyre på erfaringane til Sørskår om korleis ein kan legge til rette for elevar med nedsett funksjonsevne.

– Som framtidige kroppsøvingslærarar kan vi lære mykje av Knut sidan han er eit prakteksempel på tilrettelegging. Han seier sjølv at det som skal til er å vere litt ekstra ivrig som lærar og legge inn den ekstra innsatsen med å ta kontakt med eleven det gjeld og skape relasjon, seier andreårsstudenten og legg til:

– Knut sa mykje som me alt har lært på NIH, berre at han bekrefta at det funka! Det er fint for oss å høyre, slik at me streve etter å bli betre lærarar, slik som han.

Les meir:Lærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag på NIH

Studentane etterlyste kunnskap etter praksis

Det var Lars Harald Eide som inviterte Sørskår tilbake til NIH.

– Fleire av studentane etterlyste meir kunnskap om tilrettelegging for elevar med nedsatt funksjonsevne etter å ha vore i praksis. Kven er vel betre å hente inn enn Knut som både er lærar med ein funksjonsnedsettelse og jobbar med elevar med spesielle behov? seier Eide. 

Høyr meir: VR-briller og Nintendo Switch i gymtimen: Hvordan bruke digitale verktøy som kroppsøvingslærer?

Lærar framme i klasserommet. Student i ufokus
Knut fortel at han blei godt fornøgd med tilrettelegginga på NIH utover studieløpet. Han fortel at han heile tida møtte vilje og positivitet til å få ting til.

Knut jobbar nå nemleg som lærar på Diamanten skole i Oslo, ein spesialskule for døvblinde elevar. Sist fredag fekk klassen som går andre året på kroppsøvingslærarutdanninga på NIH, høyre om erfaringane hans både frå studietida på NIH og i arbeidslivet.

–  Det blei jo eit fokus i klassa eg gjekk på NIH på grunn av at eg gjekk der. Men dette er ikkje noko som det står om i lærebøkene. Du må ut og erfare og hente inn kunnskap frå andre kjelder. Det er veldig viktig for å meistre læraryrket, meiner Sørskår.

Les meir: Hva blir konsekvensen om man fjerner kroppsøving for ungdom som allerede sitter for mye stille?

Alltid drøymt om å bli kroppsøvingslærar

I læraryrket trivst han godt. For han har dette lenge vore ein drøymejobb. Han har alltid vore glad i aktivitet og idrett, og det har vore ein naturleg del av livet. 

– Å få dele den aktivitetsgleda med andre er veldig fint.

Han føler han har motbevist mange ved å ta utdanninga og vere i jobb som kroppsøvingslærar. Også kollegaer har vore skeptiske, men har sett korleis Knut løyser utfordringane i praksis.

– Mange lurar på korleis eg kan få med meg korleis elevane reagerer. Da ein kollega var med meg i ein kroppsøvingstime, såg ho at eg las ting kanskje raskare enn mange andre. Eg såg nødvendigvis ikkje ansiktsuttrykket deira, men eg fangar opp andre sansar. På uttrykk, kjensler og atmosfære. Eg brukar nok hørselen og alt anna som ligg i rommet, meir enn det andre gjer, forklarer Sørskår. 

Knut framfor klassa saman med lærarar
Lars Harald Eide og Ståle Jønsberg, begge universitetslektorar saman med Knut Sørskår, framfor andreårsstudentane på LUPE.

Han er glad for å vere tilbake på NIH. Til trass for skepsisen i starten, følte han alltid det var vilje og positivitet til han som student. 

– Det var alltid ein god dialog mellom meg og undervisarane. Når ein er innstilt på å få til noko, så får ein gjort veldig mykje meir. Totalen er eg veldig fornøgd med. 

Emneord: Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier
Publisert 2. des. 2024 09:22 - Sist endret 17. des. 2024 10:31