Nordmenn er over gjennomsnittet glade i sekkar. Vi brukar dei ikkje berre på tur. Sekken er ofte på ryggen på veg til jobb, butikken eller trening.
Og gjerne ein kombinasjon av alle desse.
Men veit vi om sekkane sit optimalt på ryggen vår?
Sidan 2012 har Bergans utvikla eit unikt beresystem som gjer at sekken beveger seg annleis på ryggen enn ein sekk med stiv ramme vil gjere.
Går vi meir naturleg med fleksibelt beresystem?
Nå har det for fyrste gong blitt forska på kva dette beresystemet gjer for turgåaren. Blir vi mindre slitne og beveger oss meir naturleg med ein slik sekk?
– Vi har hatt lyst til å gjere dette her i ti år. Og har både vore redde og spente. Vi testar jo sekkane våre mykje på tur, så vi veit jo at det fungerer. Men å gjere det i ein lab blir noko heilt anna, seier Johannes Flem.
Han er leiar for design og utvikling for turutstyr i Bergans, og har jobba med utvikling av sekkar i snart 20 år.
Bæresystemet «SPINE» er konstruert med ei ramme i fjærstål som er forma som ein dobbel spiral.
– Tanken er at sekken skal fylgje ryggens bevegelsar når du er i aktivitet og gjere at hoftene og skuldrene kan bevege seg fritt, uavhengig av kvarandre, forklarer Flem.
Når du som turgåar går med tung sekk kan du nok tenkje deg at ganglaget ditt endrar seg.
– Hypotesen vår er at kroppen ikkje eigentleg er laga for å gå med slikt utstyr. Når du får på deg eit stort hoftebelte og ein stor, tung sekk, er det for eksempel bevist at du går mykje meir breibeint. Da brukar du også meir energi, seier han.
Prosjektet er finansiert av Regionalt forskningsfond Viken. Bergans har ikkje finansiert forskinga.
Testa to forskjellige sekkar med forskjellig beresystem
I forskingsprosjektet testa 14 deltakarar to forskjellige sekkar på 70-90 liter på biomekanikk-laben på NIH.
Den siste versjonen (ikkje tilgjengeleg i butikk ennå) frå Bergans med det fleksible beresystemet og ein toppmodell frå ein internasjonalt sekkprodusent med stiv ramme.
I sekken var det mat, drikke og klede til ei overnatting ute.
Deltakarane gjekk i motbakke (10 prosent) på ei stor rulleskimølle. For å simulere ulendt terreng gjekk dei også på skrå og over ein boks på 30 centimeter.
Oksygenopptaket til deltakarane blei testa for å sjå om det var forskjell på oksygenforbruket under bruk av dei to ulike sekkane. Dei hadde også på seg refleksmarkørar, slik at forskarane kunne sjå på forskjellen i bevegelsane i hofte- og skulderpartiet.
Kunne det vere at ein brukar meir oksygen av å gå med ein sekk som gjer at du beveger deg meir?
– Vi hadde blitt veldig overraska viss det hadde vore ein forskjell i oksygenforbruket. Det er mange som har prøvd å finne måtar å redusere oksygenforbruket, særleg i militær samanheng, utan å ha klart det, seier førsteamanuensis i biomekanikk, Hannah Rice.
Lettare å bevege seg
Men forskingsfunna viste derimot at deltakarane kunne bevege seg lettare med beresystemet til Bergans. Også i opplevinga deltakarane hadde av dei to sekkane var det klare skilnadar.
Analysane viste at deltakarane hadde meir rotasjon og bevegelse da dei gjekk med det fleksible beresystemet til Bergans.
– Det er vanskeleg og seie om det er betre med større bevegelsar eller slag, men det gjorde ikkje at oksygenforbruket auka. Så på ein måte kan ein seie at du har større bevegelsesfridom med denne sekken, utan at du blir meir sliten, seier Rice.
Når deltakarane skulle vurdere dei to sekkane kom også Bergans-sekken best ut.
– Dei synest den kjentest meir stabil og dei hadde betre balanse med den, seier Rice.
Bergans vil forske meir
Kles- og sekkeprodusenten som har laga sekkar sidan 1908, synest naturleg nok forskingsfunna er spennande og vil bruke dei i marknadsføring når sekken kjem ut i butikkane.
– Funna var veldig interessante og så klart ynskjer vi å gjere testen enda større. Kva skjer om vi køyrer deltakarane hardare med meir belastning? Når ein blir sliten, går jo det ofte utover balansen, seier Flem.
Vil bedrifta di samarbeide om forsking med NIH?
Referanse:
Lundervold, Ellison, Madsen, Werkhausen & Rice. "Altered trunk-pelvis kinematics during load carriage with a compliant versus a rigid system"