Diskuterte trening som medisin: Milliardar å spare, men framleis uklart kven som skal ta rekninga

Politikarar, legar, helsemyndigheiter og forskarar kom med sine tiltak for korleis ein skal bruke trening meir som medisin. Men kven har eigentleg ansvaret?

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Fem paneldeltakarar på scenen i auditorium.

Charlotte Salter, Norsk forening for livsstilsmedisin Øyvind Kjerpeset, fastlege Erlend Bø, Helsedirektoratet, Elin Kolle, professor NIH og Truls Vasvik, Arbeidarpartiet var med i panelsamtalen under frukostseminaret på NIH. Førsteamanuensis Christina Gjestvang leia seminaret. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø

NIH inviterte til frukostseminaret "Korleis kan trening som medisin hindre at helsevesenet kneler?" i samband med Forskingsdagane som i år har helse som tema.

Paneldeltakarane blei utfordra på kva slags tiltak dei meiner må til for at bruken av fysisk aktivitet som medisin skal aukast. 

Enorm samfunnsgevinst

  • Erlend Bø, avdelingssjef Helsedirektoratet, meiner kommunane har eit stort ansvar for å legge til rette for fysisk aktivitet for alle og må også legge til rette for at fastlegane har ein stad å sende pasientane til. 

– Det vil vere ein enorm samfunnsgevinst også for kommunane om me klarer å få befolkninga meir fysisk aktive. Det er viktig at også dei andre sektorane tar ansvar for fysisk aktivitet og ser verdien av det. Dette kan me ikkje gjere aleine i helsesektoren, sa Bø. 

  • Fastlege Øyvind Kjerpeset meiner at fastlegane må ha økonomiske insentiv for å foreskrive fysisk aktivitet og at dei får konkrete stadar og folk å vise dei vidare til.

– Akkurat nå finst ikkje dei fagfolka. Eg veit sjølv at fysisk aktivitet hadde vore den beste medisinen for mange, men eg veit ikkje kven eg skal vise dei vidare til. Tenk viss eg hadde ein plakat på kontoret der det stod at eg kunne vise vidare til ei turgruppe eller til ein som sett opp eit treningsprogram for deg etc, sa Kjerpeset i panelsamtalen.

Diskuterer i panel. Elin Kolle og Truls Vasvik
Professor Elin Kolle utfordra Arbeidarpartiets Truls Vasvik på kva som skjer med timen med fysisk aktivitet i skulen som dei var med å vedta på Stortinget. 

Fagfolka finst, berre ikkje riktig stad

  • Elin Kolle er professor på NIH og forskar på fysisk aktivitet i befolkninga. Ho meiner at det blir utdanna ei yrkesgruppe på NIH som ikkje blir brukt i stor nok grad. 

– Fagfolka eksisterer, men dei eksisterer ikkje der dei bør gjere. Mitt forslag er å tilsette ein helse- og treningsfysiolog på alle fastlegekontor, sa Kolle og utfordra også politikar og helsemyndigheiter på aktivitet i skulen.

– Me veit at mange av 15-åringane våre ikkje er aktive nok. Kva skjer med timen med fysisk aktivitet som blei vedteke på Stortinget for sju år sidan? 

Arbeidarpartiets helsepolitiske talsmann, Truls Vasvik svarte at målet deira er å få den aktiviteten inn i ein meir praktisk skuledag som dei nå jobbar for. 

spørsmål frå publikum
Det blei stort engasjement og mange spørsmål frå publikum i salen. 

Meir undervisning på medisinstudiet

  • For Truls Vasvik, helsepolitisk talsmann i Ap var det viktigaste tiltaket at Helsedirektoratet har fått i oppdrag å undersøke korleis helse- og omsorgstenestene kan bli meir førebyggande, for å sikre at helsepersonell har kapasitet til å prioritere førebyggande rettleiing.

– Det aller viktigaste er å unngå å få folk inn i helsevesenet, for at det ikkje skal knekke. Me må få helseinstitusjonane til å anerkjenne bruken av fysisk aktivitet. Eg veit sjølv av erfaring at ikkje alle på desse institusjonane ser verdien av ein idrettspedagog. Dette krev sjølvsagt økonomi og me må få eit system som kan funke både på Røst og på Majorstua, sa Vasvik. 

  • Charlotte Salter er spesialist i allmennmedisin og leiar av Norsk forening for livsstilsmedisin. Ho meiner det aller viktigaste er å få inn meir undervisning om fysisk aktivitet og viktigheita av det på medisinstudiet. 

I dag er det berre to førelesningar av 45 minutt kvar på Universitet i Oslo for eksempel.

– Det er viktig at me gir alle i helsevesenet opplæring i livsstilsmedisin. Spesielt legane. Vi må integrere livsstilsmedisin i medisinstudiet. Tenk viss alle legane me allereie har kunne snakka litt meir om fysisk aktivitet, mat og søvn. Da hadde kunne me hjelpt mange fleire pasientar, meiner Salter.

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag
Publisert 24. sep. 2024 15:18 - Sist endret 11. okt. 2024 09:07