- Vilde Handegard er stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH.
- 24.mars disputerer ho over avhandlinga: "Myofibre Ca2+ handling, t-system structure and contractile function in the overloaded muscle and the dystrophic muscle"
- Les heile avhandlinga (NVA.no)
- Sjå disputasen direkte på NIHs YouTube-kanal.
Om studien
Dette prosjektet handlar om kva som skjer i musklane våre etter ekstrem eller uvant styrketrening, og korleis musklane tilpassar seg både hos friske personar og hos menneske med muskelsjukdommen dystrofia myotonika type 1 (DM1).
Når vi trenar tungt, særleg med bremsande arbeid i musklane, kan musklane bli skadde og miste mykje av styrken i fleire dagar. Studien viser at dette heng saman med forstyrringar i musklane sitt «indre signalsystem», der kalsium spelar ei nøkkelrolle for at musklane skal trekkje seg saman normalt.
Eit viktig funn er at auka muskelstivheit målt med ultralyd til ein viss grad speglar muskelskade, men at meir arbeid må til før ein kan bruke denne metoden for å følgje muskelskade og restitusjon på ein enkel måte, utan blodprøver eller biopsiar.
Studien viser også at styrketrening ikkje er farleg for personar med DM1. Tvert imot kan gjentatt styrketrening forbetre korleis musklane handterer kalsium og bidra til raskare restitusjon. For folk flest gir arbeidet betre forståing av muskelsvekking etter hard trening og støttar trygg bruk av styrketrening for personar med DM1.
Resultat
- Hard og uvant trening kan gjere musklar svake i lang tid
Når ein driv med uvant og svært krevjande styrketrening (særleg bremsande arbeid i musklane), kan musklane miste mykje styrke – og det kan ta fleire dagar før dei kjem seg. Overraskande nok skuldast ikkje dette berre at sjølve muskelfibrane er «øydelagde», men også at signala som får muskelen til å trekkje seg saman ikkje fungerer som dei skal.
- Treningsindusert skade kan påverke musklane sitt «indre røyrsystem og pumper»
Inne i musklane finst det eit slags røyrsystem og pumper som styrer kalsium. Etter hard trening endrar desse strukturane seg, og pumpene kan få dårlegare funksjon. Dette kan bidra til at muskelen held seg svak lenge etter at treninga er ferdig.
- Muskelstivheit kan seie noko om kva som skjer på innsida av muskelen
Ved hjelp av ein spesiell ultralydmetode kan ein måle kor «stiv» ein muskel er. Studien viste at musklane blir merkbart stivare rett etter hard trening, og at denne stivheita delvis heng saman med teikn på muskelskade og endringar inne i muskelen.
Dette tyder på at stivheit kan gi nyttig informasjon, men det er ikkje eit heilt presist mål på kor skadd muskelen er.
- Personar med muskelsjukdom (DM1) toler styrketrening betre enn mange trur
Personar med ein sjukdom som blant anna rammar musklane, kalla dystrofia myotonika type 1 eller DM1, vart svakare rett etter styrketrening, noko som også er forventa hos friske personar rett etter trening, men dei kom seg raskt igjen – ofte i løpet av same dag eller dagen etter. Det var inga teikn til at treninga faktisk skadde musklane deira.
- Styrketrening kan kanskje forbetre muskelfunksjonen hos personar med muskelsjukdom
Hos personar med DM1 såg ein at styrketrening gjorde at musklane vart betre til å handtere kalsium, noko som er viktig for normal muskelfunksjon. Dette tyder på at riktig dosert styrketrening kan vere positivt – og ikkje farleg – for denne gruppa.
Komité
Leiar: Professor Thomas Johansen Losnegard, Norges idrettshøgskole
Førsteopponent er: Professor Emeritus Håkan Westerblad, Department of Physiology & Pharmacology, Karolinska Institutet, Sweden
Andreopponent er: Professor Elise Duchesne, Faculté de médecine, École des sciences de la réadaptation, Université Laval, Canada
Hovudrettleiar: Truls Raastad
Disputasen blir leia av rektor Aage Radmann.
Praktisk info
- 10.15-11.00: Prøveforelesing over temaet: "The role of different Ca2+ fluxes in human skeletal muscle cells at rest and during contraction in the fresh and fatigued state on healthy individuals".
- 13.00-16.00: Disputas over avhandlinga: "Myofibre Ca2+ handling, t-system structure and contractile function in the overloaded muscle and the dystrophic muscle"
Disputasen er open for alle og blir strøyma på NIHs YouTube-kanal.