Frukostseminar: Sterk helse for ein trygg alderdom

Korleis bør eldre over 70 år trene og ete for å bevare ei sterk helse lengst mogleg? På dette frukostseminaret får du presentert ny forsking og praktiske anbefalingar. 

Ein infografikk med info om frukostseminar saman med eit bilde frå treningssenteret på NIH, med bilde av Elise, Truls og ein eldre person i styrkeapparat.

Elise Lander og Truls Raastad forskar på ernæring og styrketrening på NIH. 

Forskingsdagane har i år tema "Tryggleik". Denne tysdagsmorgonen får du servert ny forsking og praktiske råd for korleis trening og ernæring kan bidra til ein god alderdom.

Seminaret er gratis og passar for eldre sjølv, helsepersonell, personlege trenarar, studentar, forskarar, politikarar og alle som er opptatt av fysisk aktivitet og trening. Frukostseminaret blir arrangert på Norges idrettshøgskule, og vi håpar at så mange som mogleg tek turen til oss. For dykk som ikkje har høve til å kome, vil konferansen bli strøyma på NIH sin YouTube-kanal  (du treng ikkje melde deg på om du skal sjå det på YouTube).

Det blir enkel frukostservering frå kl 08.00-08.30.

Påmelding er stengt.

Program

Kl 08.30 - 10.00

  • Trygg og effektiv styrketrening for eldre (70 +)

Korleis kan eldre trene effektivt for å behalde funksjon og forebygge risiko for fall? 

Truls Raastad, professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH

  • Ernæring og aldringsprosess

Kvifor er proteinet du et viktig for aldringa? Praktiske anbefalingar og prestasjon av funn frå forskingsprosjektet "Eat4age" der eldre testa nyutvikla proteinrike matvarer.

Elise Lander, stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonesvene, NIH

  • Derfor brukar eldre treningsklokker og slik blir dei påverka

Blir eldre meir fysisk aktive og held seg yngre lengre ved å bruke teknologi som treningsklokker? Gir smartklokka eldre ein tryggleik?

Marte Knutsson, stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap.

  • Panelsamtale: Korleis kan vi få fysisk aktivitet og styrketrening inn i eldreomsorgen?

Deltakarar

Elisabeth W. Telenius, førsteamanuensis på fysioterapiutdanninga på OsloMet og seniorforskar på Nasjonalt senter for aldring og helse.

Jon Skjævestad, overlege, geriater alderspsykiatrisk seksjon, Oslo universitetssykehus

Anders Hall Grøterud, dagleg leiar, Aktivitetsalliansen

Truls Raastad, professor, Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH

Olov Belander, seniorrådgjevar Helsedirektoratet

Arrangør

Ingrid Halden
Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 20. aug. 2025 15:17 - Sist endret 3. nov. 2025 12:13