Reinhald

Serviceerklæring for reinhald

1. Overordna mål

Reinhaldseininga skal levere reinhaldstenester med god kvalitet. Hyppigheit på reinhald og kvalitetsnivå skal fylgje standardar som angitt i INSTA – 800 (nordisk standard for vurdering av kvalitet) med tilpassing til dei ulike bruksområdene.  INSTA 800 har ei gradering fra 0 – 5 hvor 5 er høgaste kvalitetsnivå som nyttast på sjukehus og liknande.

2. Produkt- / tenestebeskriving 

  • Dagleg reinhald av fellesareal, auditorium, bibliotek, lesesalar, gymsalar, treningsrom, klasserom, garderobar, trykkeri, toalettrom, kjøkken/kantine, laboratorium.
  • Reinhald kvar veke av kontor (turrmopping, støvturring, fjerning av flekkar og søppeltømming), tribuneanlegg symjehall, pistolbana, kombihalla.
  • Det er ikkje faste dagar for reinhald av kontorarealer. Årsaka er behov for å omdirigera kapasitet ved stor aktivitet, etter større arrangement og ved sykdomsfråvær.
  • På kontora skal flater større enn et A4-ark reingjerast. Vinduskarmar reingjerast dersom desse er fri for gjenstandar, og det skal reingjerast opp til ei høgd på inntil 180 cm.
  • Periodisk reinhald av skytebana, kalkfjerning sanitærområde og ventilasjonsopningar.
  • Hoved-/sommarreinhald av utvalde fellesarealer, undervisningsrom, lesesal/ bibliotek, møterom.
  • Hovedreinhald ellers foretes kun ved kontorflyttingar eller på bestilling dersom kapasiteten tillet det og leggjast gjerne til jule- /påsketid eller sommarferien. Det foretes ikkje regelmessig hovedreinhald av alle kontorer og andre arealer.
  • Flyttereinhald må bestillast etter dei rutinar som gjeld for NIHs flyttereinhald. 
  • Spesialreinhald må avklarast og avtalast i kvart enkelt tilfelle og gjeldar spesielt laboratorium med spesielle behov for tilpassa reinhald.
  • Ekstraordinært reinhald etter bestilling knytt til arrangement og tilstellingar ved høgskolen.

3. Servicemål

  • Reinhaldsfrekvensar kan tilpassast høgskolens og utleigekontorets behov. Dersom dette genererer behov for ekstra timar eller overtid, vil det bli fakturert.
  • Fellesareal, toalett og andre sanitæranlegg vaskast kvar dag etter kvalitetsnivå 3 eller 4 etter INSTA 800 og avheng av brukshyppigheita. Dette kvalitetsnivået skal gi ei høg visuell oppleving av rengjøringskvalitet. Denne kvaliteten kan opplevast noe forskjellig avhengig av om bygningsmassen er ny eller gammel.
  • Kontorer vaskast ein gang pr. uke etter kvalitetsnivå 3 etter INSTA 800. Lokalet skal sjå reint og pent ut og er standard for vanleg kontorrenhold. Tilgjengelegheit (ryddig/ikkje ryddig kontor) for reinhaldspersonalet kan være avgjerande for resultatet.
  • På alle felles- og publikumstoalett skal reinhaldspersonalet signere for utført reinhald med dato og signatur på liste hengjande på døra.

4. Tilgjengelegheit

  • Reinhaldseininga er tilgjengeleg mellom kl. 0600 – 1400 måndag – fredag. Laurdag/søndag normalt 5-fem timar pr. dag. Reinhald utover dette fakturerast etter avtale.

5. Føresetnader – kva kan den tilsette gjere på eigenhand?

Generell tilkomst / tilgjengelegheit for reinhald er ein føresetnad for riktig leveranse. Alle tilsette kan selv påvirke kvaliteten på reinhaldet ved å syrgje for:

  • Ryddig kontor og tilgjengelege gulvflatar – flytte på møblar fra uke til uke.
  • Syrgje for at PC og "kabelklyser" hengjast opp under kontorpult.
  • Rydde kontoret spesielt godt når du er borte nokre dagar og hengja lapp på døra med beskjed om at renhold ynskjast og kor lenge du blir borte.
  •  Du kan kontakte renhold-supprt@nih.no og bestille ein "dustbuster" og du kan ta eit ekstra sveip på eigenhand med den.

6. Tilbakemeldingar

Reinhaldseininga ynskjer tilbakemeldingar på leverte tenestar. Dette forsøkjer vi å ta hand om på fylgjande måte:
- Seksjonsleiar og reinhaldsleiar går kvalitetskontrollrunde annenkvar uke kor enkelte soner gjennomgåast særskild. Ved kontrollrunde i kontorarealer innhentast tilbakemeldingar fra våre "interne kunder".
- Via mail til renhold-support@nih.no.
- Direkte førespurnader til reinhalder, reinhaldsleiar og seksjonsleiar.
- Reinhalderens dag markerast fyrste måndag i desember og skal synleggjera viktigheita av reinhald ved NIH.