Politiattest

Studentar som kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksisstudium, skal legge fram politiattest som nevnt i politiregisterloven § 39.

Kven skal levere politiattest?

Studentar på følgande grunnstudier må levere politiattest ved studiestart:

  • bachelor idrettsvitenskap (felles første år)
  • bachelor - faglærer i kroppsøving og idrettsfag
  • bachelor - fysisk aktivitet og helse
  • bachelor - idrettsbiologi
  • bachelor - Sport Management
  • bachelor - trening, coaching og idrettspsykologi
  • friluftsliv årsstudium

Følgande vidareutdanningar har også krav om politiattest:

  • Fysisk aktivitet og funksjonshemming (FAF)
  • Masterstudier i idrettsfysioterapi
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Kva skjer hvis eg ikkje leverer?

Studentar som ikkje leverer politiattest jamfør reglane i forskrift om opptak til høgare utdanning, har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudium ved den aktuelle utdanninga. Studentar vil difor miste sin studierett.

Korleis søker eg?

Du søker om politiattest elektronisk via politiets nettsider. I søknaden skal du opplyse om kvifor du treng attesten. Ved utfylling av søknad må følgande fylles ut:
Kategori: Studenter
Formål: Opptak - Generell

Husk å laste opp stadfesting på tilbod om studieplass (frå Samordna opptak, eller tilbodsepost frå NIH ved lokalt opptak).

Merk at politiet ka ha ei behandlingstid på inntil 4 veker.

Kva står i politiattesten?

I politiattest for personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige (barneomsorgsattest), skal det gå fram om personen er sikta, tiltalt, har vedtatt forelegg eller er dømt for overskriding av paragrafar i straffeloven som omhandlar narkotika, seksualforbrytingar og voldssaker, jf. Politiregisterloven.

Når skal eg levere politiattesten til høgskulen?

Dersom du har fått studieplass og ikkje har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til den aktuelle utdanninga, skal du legge fram politiattest seinast ved studiestart.

Dersom du har fått studieplass og har merknad på politiattesten som er relevant for studiet du har fått opptak til, skal du sende politiattesten til Norges idrettshøgskole seinast 3 veker etter at du har fått tilbod om studieplass.

NB! Politiattesten skal ved levering til Norges idrettshøgskole ikkje vere eldre enn tre månader. Vi godtek ikkje kopi eller scannet versjon av politiattesten. Du må framvise original versjon av politiattesten. Mottek du politiattest via digital postkasse, må du skrive ut og levere begge sider av attesten.

Politiattesten er kun gyldig tre månader frå datoen den er skreve ut.

Kor skal eg levere politiattesten?

Du leverer politiattesten i Servicetorget, eller sende det til følgande adresse:
Norges idrettshøgskole
Postboks 4014 Ullevål Stadion
0806 Oslo

Kontakt

Opptakskontoret

E-post: opptak@nih.no
Telefon: 23 26 20 30
(kl. 09-1130, 12-15)