Faglæraren og friidrettstrenaren som fekk draumejobben i DNT Drammen og Omegn

Undervegs i studiane fekk Sigbjørn Bøtun tilbod om å jobbe med ulike prosjekt i Den Norske Turistforening Drammen og Omegn (DNTD) – ein av Noregs eldste og største turistforening. For ein ung gut som elskar naturen var dette den perfekte inngang til arbeidslivet.

Sigbjørn Bøtun er utdanna faglærer i kroppsøving og idrettsfag. I tillegg har han årsstudie i friluftsliv, og 50 studiepoeng i coaching. I dag jobbar han i DNT Drammen og Omegn - ein jobb han stortrivast i.

Ynskje om å jobbe med menneskje

Sigbjørn har teke utdanning innan kroppsøving og idrettsfag, i tillegg til studiar innan friluftsliv og coaching. Fagkombinasjonane gjer seg godt då han i det daglege sjonglerar mellom ei administrativ fulltidsstilling, samstundes som han er hovudtrenar for ein friidrettsutøvar med tosifra seniormedaljar i NM.

- Grunnen til at eg starta på Norges idrettshøgskole var eit ønskje om å jobbe med menneske, samstundes som eg var interessert i friluftsliv. Det var difor flott at eg kunne kombinere interessene mine gjennom årsstudium i friluftsliv før eg byrja på faglærarutdanninga, der eg også tok fordjuping i friluftsliv, fortel Sigbjørn.

Gjennom studiet gjekk det opp for han at ein jobb i DNT hadde vore spanande. Det var derfor til stor glede at han fekk tilbod om å jobbe med prosjekt for DNT Drammen og Omegn tidleg i studieløpet.

- Eg strekte meg alltid langt for å takke ja til prosjekta eg fekk av DNT. Samstundes tok eg sjølv initiativ til fleire prosjekt. Eg gjorde dette utelukkande av eigenverdien i å arbeida med menneske, natur, friluftsliv og av og til også pedagogikk utandørs. Då eg var i ferd med å avslutte studiane blei det ei ledig stilling i DNT Drammen og Omegn, og eg blei bedt om å søkje.

Sigbjørn arrangerte turledersamling for ungdom ved Solheimstulen Turisthytte, øst på Hardangervidda. Hunden fekk han låne av ein venn

 

Aktivitetsavdelinga i DNT Drammen og Omegn

Stillinga i DNT Drammen og Omegn er 100% fast. Her arbeidar han i aktivitetsavdelinga med blant anna arrangement og DNT Ung. Saman med ei handfull flinke kollegaer jobbar han for å skape mest mogeleg aktivitet i deira område som strekker seg frå Sande i Vestfold til Hemsedal i Hallingdal.

- Eg har eit spesielt ansvar for våre medlemmar mellom 13 og 30 år, samt fleire av våre større arrangement.  Vi jobbar både med  tilrettelegging av  organisert og uorganisert friluftslivsaktivitet. Ein stor del av jobben er å sørgje for at våre frivillige får ei positiv oppleving når dei bidreg for DNT. I DNT Drammen og Omegn har vi over 30.000 dugnadstimar årleg, eller heile 17 årsverk med frivillig, ubetalt arbeid. Arbeidsdagen er variert, men det er primært administrative oppgåver som fyller dagen, til dømes å skrive søknadar, gjere risikoanalyser, sette opp kompetansekurs, planlegge arrangement, møter med samarbeidspartnarar og frivillige, og støtte dei frivillige med det det eg kan. I tillegg gjer eg også praktisk arbeid knytt til dei ulike friluftslivsaktivitetane. For å gjere ein god jobb må eg ha god innsikt i det aktivitetstilbodet vi har, noko som inneber at eg av og til må være der aktiviteten skjer, ute i friluft.

Kom-Deg-Ut-Dagen 3. februar 2019. Sigbjørn saman med Jon Øvrehus, ivrig turledar, frivillig og kurshaldar for DNT Drammen.

 

Ein jobb som gjer hjartevarma

På spørsmål om kva det beste med jobben er, svarer Sigbjørn kontant; mogligheita til å arbeide med og for menneskjer.

- DNT Drammen er flinke til å inkludere alle, til dømes dei som statistisk sett fell utanfor friluftslivet, som dei med fleirkulturell bakgrunn eller funksjons- og utviklingsnedsetting. Det å sjå gleda hos ein blind mann som regelmessig padlar kajakk i Drammenselva, kvinner i hijab som smiler frå øyre til øyre medan dei suser forbi deg på ski, eller unge menneske med bevegelsesnedsetting som møtes på ein hytte langt inne i naturen, gjer meg ein hjartevarme som eg ikkje finn noko anna plass. Det gjer at eg blir stolt av arbeidsstaden min. Akkurat no arbeider eg blant anna med å overta, restaurere og opne ei ny ubetent hytte i Drammensmarka. Hytta skal restaurerast og driftast av ungdommen sjølv, og den skal signalisere ungdom, frivilligheit, dugnad, miljø- og naturvern.

Friidrettstrenar på si

I tillegg til jobben i DNT arbeidar Sigbjørn også som friidrettstrenar for ungdom, og vaksne på nasjonalt toppnivå der han er hovudtrenar for mangkjemparen Henrik Holmberg. Jobben er i stor grad avhengig av sesongen og konkurranseplanen.

Sigbjørn er hovudtrenar for mangekjemparen Henrik Holmberg.

 

Trenarjobben for Henrik Holmberg har vore ei naturleg utvikling og resultert i eit tosifra tal NM-medaljar i ein rekke øvingar.  Jobben som trenar for Henrik, Vik Friidrett og Tyrving Friidret inneber at eg støttar utøvaren på både ungdomsnivå og nasjonalt/internasjonalt nivå gjennom praktiske økter, planlegging og refleksjon av trening, tilrettelegging og coaching på konkurransar. Å være trenar for Henrik medfører også ein del reiser til treningsleirar eller til stemner. Dei siste åra har eg reist på konkurransar til bl.a. USA, Finland, Tsjekkia og Taiwan. Her kan stressnivået være høgt, læringa må skje fort, og mine oppgåver er alt frå å veglede teknikk, massere sår muskulatur, til å organisere transport, passe på utstyr og ordne fasilitetar som til dømes hotell, måltid og utstyr.

Betydninga av NIH nettverk

Den faglige bakgrunnen har betydd mykje for Sigbjørn og den jobben han har i dag. Men, det er spesielt ein ting han trekker fram frå studietida - studentane og fellesskapet.

- For meg vil NIH alltid være folka. Ein tilbringar langt meir tid saman med studentane enn det ein gjer på lesesalen. I jobbane mine i dag er eg heile tida avhengig av andre menneskjer når eg skal utrette noko, enten det er å arrangere klatrekurs, friluftslivfestival, kajakktur, bygge hytte, arrangere sommarleir for barn, basecamp for ungdom eller å reise på treningsleirar og konkurransar. Då er netteverket som eg bygde på NIH avgjerande for å få jobben gjort på ein god måte. På høgskulen fann eg folk som var engasjerte i pedagogikk, rehabilitering, arrangement, kajakk, coaching, barn og så vidare. Desse x-studentane er i dag mange av mine «go-to» når eg skal få ting gjort, avsluttar han.