IDROTTSLAGET I BUL SØKER TRENERE

BVT-gruppa har eksistert sidan 1981, og er ei aktivitetsgruppe for personar med utviklingshemmingar. Gruppa har i dag ca. 30 medlemer, som trenar handball og fotball faste dagar i veka.

No søker handball to trenarar til å lede laget vidare dei neste åra. Handballgruppa består i dag av ca 12 spelarar i alderen 18-50 år. Dei trenar ein dag i veka på Kuben VGS frå 18.00-19.30.

Elles i løpet av året deltar dei på seriespel fire helger i året med 3-4 kampar kvar runde. Dette er i området rundt Oslo og Akershus. Dei deltar også på ViVil-lekene i mai, landsturnering i august/september, samt to cupar innandørs i vintermånadene. Desse turneringane deltar også vårt fotballag på, noko som gjer det til veldig sosiale og artige turar.

Som trenar for handball vil din arbeidsinstruks være å lede treningane kvar onsdag, samt ordne logistikk rundt dei fire serierundene. Dei resterande turneringane som skjer saman med fotballaget vil bli ordna av BVT-gruppas leiar og fotballtrenar.

Har du lyst på ei morosam utfordring med ein gjeng glade handballspelarar er dette jobben for deg. Trenarjobben er lønna.

Ta kontakt med gruppas leiar, Kjetil Myklebust på mail: Kjetilmy@gmail.com om du har spørsmål eller ønsker å søke på jobben.