"Betalmeg" - sjølvbetening på nett

Har du har utført eit oppdrag for Norges idrettshøgskole, kan du sende inn ditt lønnskrav og eventuelle reiseutgifter du har hatt i den samanheng i samsvar med inngått kontrakt.

"Betalmeg" løysingen er ein sjølvbeteningsportal levert av Direktoratet for økonomistyring (DFØ). Ved å bruke "Betalmeg" til registering av lønskrav og reiseoppgjer, vil du kunne sjå kvar i prosessen oppgjeret ditt er.

Alle utbetalingar vil liggje inne i din portal med din historikk. På den måten vil du alltid kunne ha eit overblikk over dine lønnskrav og reise- og utgiftsrefusjoner.

Du logger inn via ID-porten

Fyrste gong du skal registrere deg i "Betalmeg":

Innan du kan ta "Betalmeg" i bruk, må du vere registrert som brukar. Din kontaktperson ved NIH skal ta ansvar for at dette skjer når kontrakten er underteikna. Dette krev at vi har din e-postadresse m.m.

OBS dersom du har/skal endre adresse, e-postadresse, bankkontonummer med mer må du sjølv gjere dette under din personlege profil i "Betalmeg".

Rettleiing

Kontakt

Anne-Beth Hasselstrøm

Seniorkonsulent

Telefon: +47 23 26 20 07