- Alder: 29 år
- Spesialist på 100 meter.
- Kom til Norge som flyktning frå Konge i 2003.
- Har den medfødde augesjukdomen Stargardts.
- Gull i Paralympics i 2021.
- Personleg rekord: 10,43 på 100 meter.

Alt endra seg omtrent over natta for Salum Kashafali. Som 23-åring vakna han og skulle lage seg frukost. Da han opna kjøleskåpet såg han plutseleg ingenting.
– Det var berre masse farger. Heilt "blurry".
Ville ikkje la seg stoppe
Han la seg igjen og håpa han berre var svimmel og sliten etter ein lang gårsdag med skule og trening.
Det skulle vise seg at han aldri skulle få tilbake opprinneleg syn.
– Eg var ganske langt nede, men etter kvart var det augeblikk da eg tenkte: "Det er ikkje min feil at eg havna i denne situasjonen. Det er ikkje noko eg kan gjere for å forandre det, sånn er realiteten. Men eg kan ikkje bremse livet på grunn av det. Eg må komme meg på beina, fortel han i NIH-podden.
Høyr NIH-podden over eller der du høyrer podkast.
Vann gull i Tokyo
Det har han til dei grader også gjort. I 2021 satte Kashafali verdensrekord da han tok gull i Paralympics i Tokyo. Han har blitt noko så sjeldan som ein svaksynt idrettsstjerne og ein av våre mest kjente para-utøvarar.
Men til trass for gode forbilde som 29-åringen frå Bergen blir det stadig færre svaksynte og blinde i idretten.
– Det er trist. Utruleg kjedeleg å høyre om nedgangen, seier han.
Norges blindeforbund har merka nedgangen i fleire år. Mange eldre som var aktive i mange år har gitt seg i idretten, og dei har slitt med å rekruttere nye.
Derfor blei Adrian Lindgren i fjor tilsett i ei nyoppretta stilling i for å snu den negative trenden.
– Det var vanleg å vere 40-50 aktive for eksempel på friidrettsbanen og me var ein av dei største undergruppene innan paraidrett. Mens nå er det veldig få som driver idrett, seier Lindgren.
Gruar seg til kroppsøving
Han har fått høyre mange vonde historier i sitt fyrste år i Blindeforbundet. Frå foreldre og unge sjølv som har opplevd å ikkje bli inkludert i aktivitet både på skule og i idretten.
Nokre har fått beskjed i kroppsøvingstimen om at dette ikkje er noko for dei som svaksynte eller blinde. Andre blir sett på eit rom aleine på ein spinningssykkel.
– Eg har snakka med foreldre som fortel at barnet deira grin kvar fredag, fordi da er det kroppsøving på skulen. Om ein møter slike barrierer i tidleg alder, når ein ikkje får vere med på enkle aktivitetar på skulen, da er vegen inn i idretten kjempelang.
Han håpar dei kan bruke historia til Kashafali som inspirasjon. Både for dei som vil drive toppidrett og dei som berre vil vere i aktivitet.

Vil inn i trenarutdanningar
Men da er dei nøydd til å ha med idretten på laget.
– Idretten har ansvar for å legge til rette, men dei har mange dei skal legge til rette for og me har vore "ute" frå idretten i lang tid. Så, idretten veit nødvendigvis ikkje korleis ein legg til rette.
Derfor håpar dei å kunne gje kunnskap og kompetanse inn i idretten. Målet er å lage tilretteleggingsverktøy som mellom anna kan kome inn i trenarutdanningar.
Visste du at du kan ta årsstudiet Fysisk aktivitet og funksjonshemming på NIH?
– Det er plass til alle
For Salum Kashafali var overgangen til svaksynt brutal. Han var aktiv i både friidrett og fotball før augesjukdomen slo inn, og ville i byringa berre gje opp alt.
Heldigvis fann han motivasjon og endte opp som topputøvar.
Men utfordringane har vore mange.
– Det som er mest slitsamt for meg er å heile tida ta kampen om at eg ikkje får like moglegheiter for tilrettelegging.
Han trur kompetansen Blindeforbundet vil bygge opp er vegen å gå.
– Eg tenkjer fyrst og fremst at kunnskap kan påverke haldningar. Om folk får kunnskap er det lettare å ha haldningar om korleis ein skal legge til rette og inkludere, seier han og legg til:
– Det er det som er fint med idretten: det spelar ikkje nokon rolle kva slags nedsett funksjon du har, kjønn, alder – det er plass til alle.
Les meir: Tre av fire rullestolbrukarar har for låg beintettleik
Har fått personleg assistent
Den medfødde augesjukdomen Stargardts gjev han ein del utfordringar i kvardagen. Treningsøktene er ikkje dei største. Det er alt rundt som er det vanskelegaste for mannen som kom til Norge som flyktning frå Kongo i 2003.
Kome seg rundt, lage mat, handling. Heldigvis fekk han på plass ein personleg assistent i vinter, etter at over 300 personar søkte på stillinga.
– Det er kanskje ein av dei største omveltingane som har skjedd i min kvardag. Eg er mindre sliten, har meir energi og kan leve livet mitt på mine premiss.
Det har gjort neste års store draum enda meir realististisk. For bergensaren drøymer ikkje berre om nye medaljer i Paralympics i Paris. Han vil også stå på startstreken når dei funksjonsfriske kappar om OL-medaljar ein månad før.
– Kvar visjon har ein ambisjon, så enkelt er det for meg. Om eg klarer det, det veit eg ikkje. Men eg skal gjere alt i det daglege for å prøve å nå det.