
Den intense perioden med eksamenar er over. NIHs 1300 studentar har blitt sett rundt om på heile bygget hardarbeidande for å førebu seg til desse viktige forsommardagene.
I vår har 105 studentar levert eller leverer masteroppgåve her på NIH. Det er faktisk uoffisiell rekord!
Gratulerer så mykje til deg som nå kan vise til ein mastergrad frå Noregs idrettshøgskule.
Me håpar det og kunnskapen du har tilegna deg her vil ta deg langt i arbeidslivet. Lykke til alle som nå har gjort seg ferdig med utdanninga her, skal vidare på nye studier eller skal ut i arbeidslivet.
Takk for at akkurat du valde idrettshøgskulen som studiestad.
Til deg som kjem tilbake for å studere vidare til hausten. Ha ein god ferie og ta ein velfortent pause med andre impulsar. Eg gler meg til å treffe dykk igjen på campus i august.
Ha ein strålande sommar!