Endeleg er studieåret i gang!

Å studere idrett er noko meir enn å drive med idrett, sa Lars Tore Ronglan da han ynskte 450 studentar velkomen som nye NIH-arar.

Fadrar held oppe plakatar og tar i mot nye studentar.
Etter at det offisielle programmet var over var fadderveka 2023 i gang og dei mange fadrane tok i mot faddergruppene.

Regnet gav seg akkurat i tide til enda eit nytt kull med NIH-studentar skulle få sin velkomst. 

450 spente studentar blei ynskt velkomen som NIH-ar med taler frå rektor Lars Tore Roglan og Marcela Bustos, leiar Oslo idrettskrins og song frå NIH-student Janis Kronberg.

Lars Tore Ronglan heldt tradisjonen tru tale i rektorkappa på immatrikuleringa.

– Lær kvarandre å kjenne og bry deg om korleis medstudenten din har det. Ver ein ven - NIH-arar tek vare på kvarandre og seier frå om det skjer noko som ikkje er greitt. Open dialog mellom studentar, og mellom studentar, tilsette og leiing, skapar eit trygt miljø der me alle kan trivst, lære og utvikle oss. Det er det som er NIH-kulturen, sa mellom anna rektor Lars Tore Ronglan. 

Han la vekt på at trivselen på campus også vil styrke læringsmiljøet. 

– Engasjerte studentar som spør og graver og stiller kritiske spørsmål er noko me treng – og ynskjer oss. Hugs: Å studere idrett er noko meir enn å drive med idrett. Mange på NIH, både studentar og tilsette, driv med ulike typar idrett og aktivitet. Det er flott, har stor eigenverdi, og er et godt utgangspunkt for å studere faget. 

Kvinne har tale i bunad.
Marcela Bustos sit i NIH-styret, jobbar på OsloMet og er leiar av Oslo idrettskrins.

Velkomen til alle ny studentar og lykke til med studiestarten!

Student spelar gitar og syng
Janis Kronberg song ein neddempa og vakker versjon av "Forever Young".