
Dei har god grunn til å feire på Senter for idrettsskadeforskning.
Nyleg kom beskjeden frå Sparebankstiftinga om at 3,9 millionar blir tildelt teamet for å utvikle læringsverktøyet "Nærmere best" vidare.
25 prosent av elevane var skada
– Sparebankstiftinga meiner me treff barn og ungdom veldig godt med "Nærmere best". Me er ekstremt glad for å få pengar slik at me kan halde det levande framover og utvikle verktøyet vidare, seier Grethe Myklebust, professor i idrettsmedisinske fag.
"Nærmere best" er eit læringsverktøy laga for lærarar/trenarar og elevar på toppidrettsgymnas og idrettsungdomsskular.

Gjennom ulike modular får elevane kunnskap om tema som restitusjon, treningsbelastning og ernæring i undervisninga, med mellom anna korte videoar, gruppeoppgåver og refleksjonsoppgåver.
Bakgrunnen var tal som viste at akkurat desse elevane er svært utsette for skader og sjukdom. I doktorgraden til Christine Holm Moseid kom det fram at det til ein kvar tid var 43 prosent av elevane som hadde ein form skade eller sjukdom.
25 prosent var såpass skada at dei ikkje kunne delta i trening eller konkurranse.
– Ei gåvepakke til lærarar
"Nærmere best" skal gje elevane ei større forståing av mellom anna treningsbelastning, restitusjon og ernæring.
– Målet er at det skal vere eit heilskapleg program som skal dekke heile dette komplekse feltet som handlar om førebygging av sjukdom og skader. Dette er ei skikkeleg gåvepakke til skulane og trenarane, fortel Hege Heiestad, stipendiat på prosjektet.
Alle modulane er forankra i dei nye læreplanane både for ungdomsskule og vidaregåande.
Frå hausten av blir verktøyet tatt i bruk ved 29 toppidrettsskular rundt om i landet, mellom anna på alle WANG og NTG sine skular.
– Dette er malar som lærarane enkelt kan bruke, og sjølvsagt også legge til sin eigen kompetanse. Men ein trenar i handball føler nødvendigvis ikkje at ein har like mykje kompetanse å kome med når det kjem til treningsbelastning, ernæring eller mental helse. Der hjelper "Nærmere best" dei til å gje god undervisning, seier Heiestad.

Mål om tilbod til idrettslinjer
Skadefri-teamet har også tidlegare fått midlar frå Sparebankstiftinga for å utvikle verktøyet. Den nye tildelinga gjer at dei kan halde fram jobben og utvikle det vidare etter tilbakemeldingar frå skulane.
– Eit langsiktig mål er etter kvart også kunne tilby delar av dette undervisningsverktøyet til idrettslinjer over heile landet. Ulike offentlege skular med spissa toppidrett har også meldt interessa si. Me tar det skritt for skritt, og startar innføringa av "Nærmere best" for toppidrettselevane, som me ser har eit stort behov for denne kunnskapen, seier Heiestad.