Følg med på tenåringane – så får færre skadar

Mange idrettsskadar – og faren for å få dei – blir oversett av trenarar. For å redusere skadar og fråfall, må treninga tilpassast meir etter vekst og modning enn ein gjer i dag.

Ungdom sprinter ut fra startblokkene på en innendørsbane
Sprint – på Aspire Academy i Doha, Qatar. Her som elles får mange av utøvarane skadar, men mange av desse kan unngås om ein er meir merksam, viser studiane Wik har gjennomført. Foto: Aspire Academy

Du har sikkert sett det sjølv: Ungdom skyt i vêret til ulik tid og med ulikt tempo. Nokre blir raskt muskuløse, andre brått høge og spinkle. Jenter modnast lenge før gutane.

Eirik Halvorsen Wikportrett
Eirik Halvorsen Wik er stipendiat ved Senter for idrettsskadeforskning og Institutt for idrettsmedisin på NIH, men arbeider til dagleg ved eliteskulen Aspire Academy i Doha, Qatar. Foto: privat

Men: Kva nå om ulike delar av kroppen modnast i ulik takt medan ungdom veks til? Da vil dei delane av kroppen som er bokstaveleg talt svakaste ledd også variere over tid.

– Det må trenarar ta omsyn til det. Men samstundes må dei veta kva for skadar som er mest utbreidde og alvorlege. Her kan mykje bli betre.

Risikable fasar

Det seier Eirik Halvorsen Wik, som har studert korleis ulike skadar kan koplast til ulike risikofaktorar gjennom tenåra – eller: Korleis skadar kan knytast til ulike fasar av kroppsleg vekst og modning hos ungdom. Med så ulike kroppsleg modning innanfor ei gruppe, bør ein ikkje einast leggje vekt på alder når ein set opp eit lag og eller treningsgruppe. Men det skal vi komme tilbake til.

Eitt mål med Wik sitt arbeid har vore å svare på om risiko for skade har samanheng med vekst og modning. Mykje tyder på det. Eitt av funna er også at skjelettskadar – ein av de mest alvorlige skadetypane – blir underrapporterte.

Har oversett skjelettskadar

Dei siste fire åra har Eirik Halvorsen Wik budd i Qatar sin hovudstad Doha, tilknytt Aspire Academy, ein nasjonal eliteskole for idrettstalent i alderen 12-18 år. Han har studert idrettsskadar hos fotball- og friidrettsutøvarar, spesialisert innan sprint, langdistanseløp, kast og hopp. Alle ungdomane har fysioterapeut tilgjengeleg heile tida, og såleis har det vore mogleg å registrere alt av små og store skadar.

Hovudmålet for Senter for idrettsskadeforskning, som Wik er tilknytt i Noreg, er å førebyggje skadar. For å veta på kva for områder tiltak bør setjast inn, må ein veta mest mogleg om skadebiletet. Da fyrst kan ein også oppdage ein skade i emning, setje inn skadereduserande tiltak – og betre skape progresjon for utøvaren. Dette er viktig for eigen framdrift, for å hindre langvarige plager og kanskje også for om han eller ho held fram i idretten eller ikkje. Også for laget er dette viktig.

Tverrsnitt av kne og løpende fotballspiller merket med utsatte soner i ankel, kne og hofte
Ulike vekstsonar er særskilt utsette for skadar medan ein veks til. Senefestet for den store lårmuskelen øvst foran på leggbeinet er ein slik plass (sjå faktaboks). Grafikk: Eirik Halvorsen Wik

Nokre døme på skadar som kan oppstå før skjelettet er ferdig utvikla, medan ein ungdom framleis veks:

  • Slatters (Osgood-Schlatters sykdom) er ein irritasjon som kan oppstå i senefestet øvst på leggbeinet, der sena frå lårmuskelen via kneskåla er festa. (Sjå òg no)
  • Severs sjukdom (ein såkalla apofysitt) er ein irritasjon i festet for akillessena bakpå hælen. Sena er festa i brusk og bein i sjølve vekstsonen på hælen.
  • Apofysitt eller irritasjon i det øvre festet for den rette lårmuskelen (hovudmuskelen foran på låret) inn mot hoftebeinet.

 

Her har ikkje Wik berre sett på såkalla insidens, kor ofte ein skade skjer, men også på kor alvorleg skaden er: skadebyrden (sjå faktaboks).

– Vi fann at særleg skjelettskadar vert oversett. Dei skjer sjeldnare, så dei forsvinn i statistikken, men dei er alvorlege for utøvaren. Om ein ser på total skadetid, er slike skadar meir alvorlege enn det som har vore kjent. Relativt sett er dei eit større problem i friidrett enn i fotball.

Svakaste ledd skiftar

Skjelettskadar er her ikkje berre beinbrot, som er vanlegast hos vaksne, men også belastningsskadar og skadar i brusken i vekstområda i knoklane. Slike skadar finn ein ofte inn mot leddkula der brusken hardnar til bein først etter kvart. Til forskjell frå brot vil slike skadar som oftast einast gje smerte, så utøvaren kan halde fram.

– For å avgrense skadane, må ein ikkje berre ta smertene på alvor, men også vita at kor slike skadar kjem, er aldersavhengig, påpeiker Wik. Hælen er mest utsett i 10-12/13-årsalderen, kneet i 12-15-årsalderen, medan andre att ikkje har fullt modna skjellett i hofte og bekken før i 20-årsalderen. Dette gjeld gutar; for jenter skjer utviklinga tidlegare.

– Men kva som er «svakaste ledd» til einkvar tid i utviklinga er såleis også individuelt?

– Ja, så visst, fordi dei nemnte strukturane utviklar seg til så ulik tid hos ulike personar.

Kva set utøvarar ut av spel? - FOTBALL

Doha-studien omfattar idrettsskadar innan fotball og friidrett med gutar 12-18 åR.

Omfattar 1 111 fråværsskadar gjennom 92 828 fotballtimar med 301 spelarar over 4 sesongar.

Muskulatur og sener blir oftast skada, men skjelettskadar står for største del tapte dagar (ein tredel) og påverkar såleis deltaking mykje meir – har størst «skadebyrde».

Skadar som set fotballspelarane mest ut – skadebyrde (tapte dagar pr. 1 000 timar):

  • Leddbandskade kne: 46
  • Muskelstrekk lår: 29
  • Leddbandskade ankel: 27
  • Stressreaksjon rygg: 13
  • Vekstsoneskade bekken/hofte/lysk: 11

Friidrett - sjå under 

Kan logge modning

Dette skiftande skademønsteret må trenaren ta omsyn til, meiner Wik. Men berre ein veit om farane, treng det ikkje vere så vanskeleg.

Gruppe ungdommer løper på gressmatta
Langdistanseøkt – ungdom frå Aspire Academy i Doha. Foto: Aspire Academy

 

– Ein kan ta i bruk ein vekst- eller modningslogg, notere høgda på kvar einskild utøvar til dømes 3-4 gongar i året. Når puberteten «tek av», bør ein vere meir forsiktig med øvingar som er spesielt harde for hælen, så knea, så hofta, seier han. – Samstundes må ein vere varsam med bråe skifte i treningsbelastninga. Især dei som er seint utvikla kan vere [spesielt] utsette i så måte, fordi krav til trening og konkurranse gjerne aukar før dei er modne til å ta den auka belastninga.

Enda meir nøye kan ein fylgje utviklinga hos ein ungdom om ein måler såkalla beinalder, men det krev meir avansert utstyr. – Samstundes vil det nok vere viktig at trenaren forklarar foreldra kvifor han tilpassar treninga slik han gjer.

– Men det kan vel vere vanskeleg? Ein vil så gjerne vere best til kvar tid?

– Ein må forklare kvifor det er viktig å tilpasse. Får dei gjennomført individuell tilpassing, er det vinn-vinn for alle.

Kva set utøvarar ut av spel? - FRIIDRETT

Omfattar 290 fråværsskadar gjennom 72 086 øktar med 178 utøvarar over 5 sesongar:

Skjelettskadar har størst skadebyrde, utgjer 58 prosent av alle «tapte dagar».

Skadar som set friidrettsutøvarar mest ut (tapte dagar pr. 1000 timar):

  • Muskelstrekk lår: 15
  • Stressfraktur rygg: 12
  • Stressreaksjon legg: 7
  • Vekstsoneskade bekken/hofte/lysk: 5
  • Vekstsoneskade kne: 4

Motiverande

Å følgje med på modninga er avgjerande for å halde utøvarane i idretten. Årsaka er at ungdom veks til til så ulik tid. Ein tidleg utvikla 13-åring kan fysisk vere som ein middels 15-åring, som igjen kan likne ein «late bloomer» på 17.

Oppstilt gruppe av menn i Aspire-drakter på gressmatte inne i stor hall
Trenere og fysioterapeuter på Aspire Academy i Doha. Eirik Halvorsen Wik til høyre. Foto: Aspire Academy

 

– Kvar einskild burde få spele eller trene med andre på sitt eige nivå, uavhengig av alder, i alle fall innimellom. Det kan vere motiverande både for tidleg og seint utvikla ungdom fordi dei då får bryne seg på og vist seg for jamnsterke, meiner Wik, anten det gjeld fysiske utfordringar eller å få vist teknisk dugleik. – I nokre idrettar, som kampsport slik som judo, bruker dei jo òg vektklassar innan breie aldersgrupper.

Men han understreker at slik sjonglering må gjerast nennsamt. – Her òg må trenaren forklare skikkelig kvifor han eller ho gjer det.

Han understreker at dette er tankar han har gjort seg i arbeidet, og som godt kan syne seg vanskeleg i praksis, til dømes av sosiale årsakar ein må erfare over tid.

Registreringa haltar

Da Wik sette saman tala frå fysioterapeutane i Doha, oppdaga han at dei sprikte kraftig når man tok med alle skadar som medførte undersøking av fysioterapeut eller lege (såkalla brei skadedefinisjon). Òg andre undersøkingar kan lide under same svakheit, åtvarar han: 

  • Nøyaktig registrering av kva og korleis utøvarar skadar seg er avgjerande for å kunne førebyggje nettopp skadar. 
  • Det synte seg at dei ulike fysioterapeutane rapporterte veldig ulikt – fordi dei brukte ein såkalla brei skadedefinisjon. Den ivrigaste noterte nesten ni gonger fleire skadar som ikkje påverka deltaking enn dei minst motiverte gjorde. Det gjorde tala ubrukelege. Metodologisk er dette eit svært viktig funn i Doha-studien.  
  • Heldigvis: Registreringa av alvorlegare skadar var mykje betre. Der kunne fysioterapeutane bruke ein «smalare» skadedefinisjon: Når ein skade påverka deltaking, registrerte alle det same.

Tøyle riktig

I tillegg til trinnvis modning og skaderisikoen som flyttar seg over tid, syner studiane i Doha at skadar ungdom pådreg seg skjer oftare med aukande alder.

– Når ein blir eldre, blir ein også tyngre, sterkare, ein trener og konkurrerer meir, og belastninga, intensiteten og krafta aukar. Vi har teke omsyn til treningstid, men ikkje målt alt.

Meir opplagt er det kanskje at type skade følgjer type idrett. Også i Qatar får sprintarane oftast muskelskadar, kastarane får skadar i menisk og ulike musklar i overkroppen, langdistanseløparane plagast oftast av beinhinnebetennelsar medan hopparane oftast får trøyttheitsbrot. – Men også her speler alder og modning inn. Det gjeld å tøyle hesten riktig til riktig tid.

12-13-åringer i ring rundt Wik på gressmatta mens frsotsrøyken står
Eirik Halvorsen Wik på trening i meir heimlege traktar, med ungdomane i Vålerenga Galaxy. Riktig oppvarming og betydninga det har for å unngå skadar sto på programmet. Foto: privat