Da Oslomarka blei park

Dette er historia om da Oslomarka gjekk frå villmark til park. Allereie i mellomkrigstida endra sjølve landskapet seg, og marka endra seg i folk sitt medvit. Oslo-«parken» var ein kulturell konstruksjon adoptert frå fiffen, og som folk framleis nyt godt av.

Turgruppe på Kolsåstoppen sommaren 1920
I mellomkrigstida inntok stadig fleire turgåarar marka, dei kunne følgje gradvis fleire blåmerka stiar. Her «Foreningen Friluftsliv og Kropskultur» samla på Kolsåstoppen i Bærum sommaren 1920. Håndfarga fotografi. Foto: Anders Beer Wilse/ Oslobilder

Det seiast at Oslomarka er det som gjer Oslo så unik, ein hovudstad tett på store skogsområde. Men kor lenge har eigentleg «Oslomarka» lege der ute i skogane? På mange måtar var det fyrst i mellomkrigstida at Oslomarka vaks frem i befolkningas medvit og vart ein stad i deira omverd. Eit moderne friluftsområde vaks fram.

Iver Mytting portrett
Iver Mytting er stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudiar på NIH. Foto: NIH

Historia skaut fart

Det skjedde som resultat av fleire parallelle prosessar. Mellom anna blei nye friluftslivsorganisasjonar stifta på 1920-tallet, som «Frilufts-klubben» og «Foreningen til fremme av friluftsliv og kropskultur». Dei opplevde nye stadar i skogane og ville dele "oppdagingane" med folk elles.  Dei formidla historier og bilete frå vakre plassar og fine opplevingar så sto på trykk i blad.

– Utover i mellomkrigstida blei forteljingane frå marka fleire, og dei fekk stadig flottare innpakning. All omtalen gjorde marka til det den er, brakte folk til marka og landskapet ut i verda. Marka blei løfta ut over sine eigne grenser, heim til menneskja.

Parallelt bidrog friluftslivsorganisasjonar og framsynte individ til å gjere marka til folkeeige. Skogane fekk ei ny rolle som tur- og rekreasjonsområde, som ein park.

Korleis skal vi kome tilbake til.

Stor mengde turfolk utanfor Skimuseet ved Frognerseteren på 1920-talet
Sol og truleg godt føre: Storutfart framfor det gamle Skimuseet ved Frognerseteren ein gang i 1920-åra. Foto: Hermann Christian Neupert

 

Turgåere foran Tryvannstårnet i tre ca 1920
Tryvannstårnet var eit populært turmål allereie frå 1863, da det første utkikstårnet blei bygga av Thomas Heftye. Her frå det andre tårnet, omlag 1920. Foto: Oslo bymuseum

Men alt det ikkje kunne skje før folk fekk råd til det, og det fekk dei først i mellom- og etterkrigstida. Nye arbeidstidsreglar i 1919 med lov om fritid, var òg ei føresetnad, fortel Iver Mytting.

– Det er kanskje lett å forstå oppblomstringa av tekster om Oslomarka ganske enkelt som eit uttrykk for noko bakanforliggande, for ein veksande interesse. Men ein kan også forstå tekstane som ein kraft i seg sjølve. At landskapet er forma i friluftslivsorganisasjonane sine tekstar.

Blå band

I avhandlinga si, som han sjølv omtalar som ei teoretisering rundt ei historisk utvikling, skriv han at merking og kart med nye ruter òg kan sjåast som ein måte å skrive på. Merkinga skapar koplingar til og i landskapet – landskapet ordnast gjennom teikn, språk og ruter, og den fekk ein infrastruktur som ikkje var der før.

I 1936 kom Oslomarkas Friluftsråd – Oslo og Omland Friluftsråd frå 1946 – ein viktig aktør i denne historia.

På 1920-tallet opplevde altså organisasjonane at ein kunne gjere nye oppdagingar i Oslomarka; skogområda formeleg vaks med stadig ny utforsking og nye oppteikningar.

Men allereie på 30-tallet vende dette om. No stod det om å bevare og stengje øydeleggjande krefter ute. Ein måtte slå ring om landskapet.

Friluftsrådet hadde to hovudoppgåver: Dei skulle arbeide for å bevare Oslomarka som friluftsområde, og dei skulle sørge for å etablere utfartsvegar og skiløyper som kopla byen mot marka. Til dømes i Havnabakken og Damefallet ser ein restar av slike vegar den dag i dag.

Nokre hytter vart òg sett opp for turfolket, men historia til utfartsstadene vi kjenner i dag er samansett. Nokon er frå tidlegare tider, nokon nyare.

– Denne nye praksisen forma marka. Da friluftslivsorganisasjonane ynskte å byrje å beskriva rutar gjennom Oslomarka på 1920-talet, oppdaga dei fort at det ikkje held å skrive og teikne på papir. Dei måtte òg skape ei teiknsetting i terrenget. Utan skilt og blå band på trea, ville ruteskildringane bortimot vore umogleg å skrive – eller å følgje.

Han seier han i avhandlinga har fokusert på denne tett samanvevde samsvaret mellom teikna på papiret og teikna i terrenget, og at han har undersøkt korleis det bidrog til endringane i landskapet.

Det hjelpte ikkje berre folk å finne fram i skogen, det gav dei òg ein heilt anna oversikt og endra dessutan persepsjonen deira av naturen, meiner han.

– Vidare knytta infrastrukturen landskapet saman og var til sist avgjerande for kva som høyrde til og ikkje i den eininga som oppsto og som seinare fekk sitt eige namn, nemleg Oslomarka.

Kjøpte marka som folkepark

– Men marka er da ikkje nokon park...?

– Avhandlinga mi viser kva slag historiske samband det finst mellom fenomena park og Oslomarka, seier Iver Mytting.

I dag tenkjer nok mange på marka først og fremst som natur, men samstundes er ho eit kulturprodukt. I fyrste halvdel av 1900-talet byrja ein å argumentere for å bevare Oslomarka, først delar, så heile. Da var parken som fenomen tydeleg med i diskusjonane. Parken var ein referanseramme som ein forstod dette nyare fenomenet på bakgrunn av. Fleire såg òg Oslomarka som ein historisk forlenging av parkar, offentlege som private. Samstundes var òg meir romantiske førestillingar om skogen som fri mark utbreidd.

Venninner på skitur mellom snøkledde trær 1920
Venninner på tur i Oslomarka i 1920-åra. Foto: Hermann Christian Neupert

 

– Dette var komplekse diskusjonar og ei utvikling frå fleire historiske røter. Ein del av avhandlinga er ei studie av dynamikken og spenninga mellom kultur og natur i framveksten av Oslomarka. Denne kulturelle «oppkonstrueringa» som fann stad var heilt avgjerande, så jo, ein kan godt kan betrakte Oslomarka som ein type park.

Mellom anna blei det argumentert for at marka skulle spele ei rolle i innbyggjarane sine liv. Dette var ei moderne forvaltingstenking der ein sette av Oslomarka som eit friområde for slitne byborgarar, akkurat som parkane. Ein la landskapet til rette for rekreasjon og fritid. Oslomarka ble forma som ein avlastningsstad for byen.

Stiar eller gondolar

Iver Mytting meiner det ikkje negativt at den tidlegare villmarka har blitt eit konstruert landskap med mykje felles med ein park.

– Eg nyanserer førestillingane om Oslomarka og andre friluftsområde som såkalla fri natur. Landskapet er stelt med og forvalta på heilt bestemte måtar, og det formar korleis vi forstår og brukar områda.

Damefallet - skiløpar står ned ein bakke nord i Oslo
«Damefallet» på Nordberg like nedanfor Sognsvann er ei av dei ”Marka-gatane” som blei planlagt allereie i mellomkrigstida og som framleis er i bruk. Bilete frå 1950. Foto: Jarle Birketvedt/ Oslo byarkiv

– Men kor går grensa for kva som er positiv tilrettelegging? Kva med gondolbaner, stålbruer over fossar, skiheisar...?

– Det fell utanfor avhandlinga mi, men folk gløymer fort kor mykje som allereie er tilrettelagt. Sjølv stiar og skilt er slike døme, og noko skaper òg problem, som erosjon. Med tilrettelegging følgjer ofte måtar å ta vare på naturen.

Mytting meiner ein lærdom av den historia han fortel, er at vi ikkje burde ta naturområda vi har for gitt. – Naturen er ikkje noko som ganske enkelt ligg der og ventar på oss. Nokon har sørga for at ho er tilgjengeleg, og vi kan være takksame for at dei var så framsynte og tenkte på fellesskapet sitt beste. Slik ivaretaking for fellesskapet er noko å tenkje på også i dag, til dømes når ein driv omfattande utbygging i strandsona eller i hyttefelt.

Vidare på nett

For oslofolk meiner han marka er svært viktig, at den formar folk sitt sjølvbilete. At den er like viktig som sjølve byen. Og at ein skal være takksam for forvaltinga, at marka ikkje er bygd ned korkje av bysatellittar eller hyttegrender.

– Men – kva med nyare omtale, ferdaminne på Facebook, Instagram og i andre kanalar? Har slike same funksjon som forteljingane i før- og mellomkrigstida?

– Eg trur det. No finst det berre eit enda større mangfald av medium både å fortelje og oppleve naturen igjennom. Folk kan drive friluftsliv heimanfrå, dei kan oppleve skikøyring, fjell og kystlandskap enda meir livaktig. Men opplevingane ute er og blir sterkare og noko folk vil tiltrekkjast av. Med input frå nettet blir dei berre lokka enda meir ut.

Praktfull utsikt fra Måtinden vest på på Andøya
Forlokkande bilete til dømes i Facebook aukar utferdstrongen på same måte i dag som magasinartiklane gjorde i mellomkrigstida. Utsikt frå Måtinden vest på Andøya. Foto: Kjetil Grude Flekkøy