Fann ein nøkkel til å lette kroppspresset blant ungdom

For tung, for tynn, for tjukk, for lav, for brei... «Alle» ungdommar vert utsett for kroppspress, men enkle grep i skolen kan lette kvardagen. Særlig gutar slit med å ta imot hjelp som varer.

Skoleklasse jubler
Klassemiljøet er viktig for korleis kvar einskilt oppfattar seg sjølv og sin kropp. Frå ein av dei mange skolane Christine Sundgot-Borgen og Kethe Engen besøkte. Foto: Christine Sundgot-Borgen
  • Korleis skal ungdom få eit betre forhold til eigen kropp?
  • Vil helsa og livskvaliteten deira bli betre da?
  • Og om vi klarer å hjelpe dei som slit, vil verknaden vare?
Christine Sundgot-Borgen portrett
Christine Sundgot-Borgen er forsker ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Norges idrettshøgskole. Foto: Privat

Omtrent slik var spørsmåla Christine Sundgot-Borgen stilte seg før ho saman med kollega Kethe Engen gjekk laus på 4.000 16-åringar på 30 ulike skoler rundt om i Oslo og Akershus. Med eit ikkje så lite følsamt tema skulle det ta borti eit år før ho hadde svar.

Korleis ein ungdom opplever og kva verdi dei gjev seg sjølv, er avgjerande for livskvaliteten. Det kan avgjere korleis dei behandlar seg sjølv og andre, kva aktivitetar dei tek del i og korleis dei tek vare på eigen helse. Eit godt sjølvbilde, sjølvkjensle og kroppsbilde er viktig for mental, sosial og fysisk utvikling inn i vaksenlivet.

Christine Sundgot-Borgen, forskar, NIH

Studien måler eit breitt omfang av endringar i kroppsbilete hos ungdomar, mynta på å betre helsa, styrke kroppsbiletet og få dei til å akseptere sin eigen kropp.

Dei skulle betre handtere dårlege kroppsopplevingar, også tuil dømes på stranda

Tilsvarande: Lære å ete og trene utan stress og press.

Det handlar om å akseptere seg sjølv i eit samfunn som støtt fortel deg at du alltid kan bli ein enda betre versjon av deg sjølv.

«Deffa» kropp

Både gutar og jenter ser det same, heile tida: Særleg sosiale media er fulle av idealkroppar og modellfigurar, faste og riktig store puppar, hofter, midjer, tydelege six-packar og breie brystkasser, sterke armar og bein (for all del utan overflødig feitt!).

Og i tillegg til å sjå flott og sunn ut, skal ein vere skoleflink, vere gode vener og kjærestar – det er vanskeleg å seie at man er fornøgd med seg sjølv og eigen kropp.

– Mange av gutane fortalte om deffa kropp og...

– «Deffa...»?

Kroppsbilete: Handlar om å ha eit dårleg forhold til kroppen sin.

Det påverkar korleis den opplevast i ulike sosiale samanhengar, korleis du ser på andre, korleis du gjer det på arenaar der det er viktig å prestere, som på idrettsbanen.

Eit negativt kroppsfokus vil ta bort merksemda frå eigentlege arbeidsoppgåver og prestasjon.

«Kroppsmisnøye» er ein del av dette:

Da er man misnøgd med einskilde eller fleire delar av kroppen, som størrelse, fasong, høgd, vekt, kroppssamansetning og likande.

– «Definert kropp», ein kropp med tydeleg muskulatur og lite underhusdfeitt, forklarar Christine Sundgot-Borgen. – Ungdomane sa det var fullt mogleg å trene og ete seg til draumekroppen – men det kom gradvis fram kor mykje slike kroppsprosjekt påverka kvardagen.

Her er ungdommanes catwalk. Vi har elevar som skulkar om dei ikkje har hatt tid til å vaske håret.

Rektor på Akershus-skole

For alle

I skolane møtte dei to forskarane ungdomar i tre omgangar. Gjennom to skoletimar kvar gong tok dei opp tema rundt kroppsbilete og kva som påverkar det, og ikkje minst kva dei sjølv hadde opplevd.

– Sjølvkjensle er ikkje alltid så lett å snakke om, så dei fekk først snakke saman i små grupper før vi tok opp nokre av spørsmåla i plenum, fortel Christine Sundgot-Borgen.

Kor godt dette fungerte, kom likevel heilt an på miljøet i kvar klasse og kor godt det var. – Det viktige var at flest mogleg fekk høyre om problem og løysingar frå andre, så dette blei normalisert og noko alle fekk eit eigarskap til.

Kethe Engen og Christine Sundgot-Borgen
Kethe Engen og Christine Sundgot-Borgen besøkte saman og snakka med ungdom på 30 ulike videregåande skolar i Oslo og Akershus. Foto: Privat

Store offer

Svært mange, både gutar og jenter, meinte det var godt mogleg  å kome seg nærare idealkroppen, sjølv om det kunne krevje stor innsats – og offer.

– Ungdomane fortalte til dømes om det å byggje musklar opp og feittprosenten ned; med mindre underhudsfeitt synes musklane betre.

Men, i timane diskuterte dei så kva som faktisk måtte til av hyppig trening, finjustering av kosthold og kosttilskot, bruk av hormon og at dei måtte droppe pizzakveldar og andre sosiale samkomer med venar og så vidare. Om dei skulle nå desse kroppsmåla.

– Dei konkluderte med at det ville koste mykje og at dei ville bli dårlegare både venar og kjærestar, og det ville dei jo ikkje. Tilsvarande gjaldt for jentene.

Skadeleg ideal

– Dei fann ut at dette er vanskeleg. Ein kan korkje byggje musklar eller følgje godt med på skolen med energiunderskot. Og med nok næring til å byggje musklar, kan ein ikkje samtidig bli kvitt kroppsfeittet.

Ho seier unge kroppar i vekst og utvikling skal bruke energi på alt anna enn å utvikle en «deffa» kropp, den har ikkje den mengda veksthormon som skal til, og feittprosenten på «idealkroppen» er helseskadelig.

– Men for få ungdom forstår dette fordi industrien og media fortel ein heilt anna historie, seier Christine Sundgot-Borgen. Ungdommane fann òg ut at det blir lite pengar att til eit sosialt liv eller klede når alt går til trening, kosttilskot og hormon.

Idealkroppen er ikkje realistisk; det skjøner dei òg etter kvart. Men før dei faktisk VEIT dette, er det vanskelig å kome vidare.

Christine Sundgot-Borgen, forskar, NIH

Uunngåeleg

Christine Sundgot-Borgen og prosjektgruppa hennar sette i gang prosjektet i denne aldersgruppa fordi ho veit at nettopp dei er så utsette. Eller: Eigentleg er 12-14-åringar enda meir utsette, men forskarane trengte deltakarar som var kognitivt godt nok utvikla til å reflektere, diskutere og svare godt på spørsmåla. Ungdom over 16 kunne dessutan gje samtykke sjølv.

– Men kroppspress er vel eigentleg uunngåeleg? Ein klarer ikkje kople ut til dømes sosiale media?

– Nei, det er riktig, men vi fann ut at vi kunne lære dei betre bruk av sosiale media og teknikkar for å handtere presset.

Lærer å hjelpe seg sjølv

– Kva utløyser så eit dårleg kroppsbilete?

– Det er vanskeleg å svare på. Ein har sine biologiske føresetnader, og ein blir påverka av ulike ideal, anten i eldre sysken, vener, kjendisar i TV eller sosiale medium, seier Sundgot-Borgen og ramsar like godt opp foreldre, trenarar, helsesøstrer, rektorar, jamvel industrien og reklame som påverkarar – og legg til:

Christine Sundgot-Borgen foran stand/plakat
På stand - på ein av dei mange skolane som fekk besøk. Foto: Privat

 

– Vi har forsøkt å lære ungdomane som samanliknar seg sjølv mykje med andre følgjande: Dei må spørje seg sjølv kva dei får ut av denne samanlikninga. Er det eigentleg mogleg for meg å bli som han eller ho? Kva må til, og kva må eg gje slipp på? Kor mykje tid vil det ta, og er det verdt det? Og: Kva med genetikken, kan eg faktisk bli så høg/ brei/ smal/ muskuløs,...?

Ho seier ein ikkje kan unngå å samanlikne seg med andre, men at ein må lære seg teknikkar for å takle destruktive samanlikningar, og ein må heller finne nokon det er realistisk å sjå til.

– Da kjem det også opp spørsmål som korleis ein bruker sosiale media, tv, bloggar, venar... Kanskje skal ein heller følgje dei som er positive og droppe dei som likevel får ein i dårlig humør?

Eg trudde alt fett på kroppen var feil, at eg måtte ned i vekt, men likevel gjekk eg litt opp. Det var godt å få vite at det er normalt, at det faktisk er sunt. Vi burde jo lært om dette på skulen, for lengst.

Jente, 16

Varig verknad – hos jentene

Tiltaka verka. I alle fall hos jentene; hos gutane forsvann verknaden etter kvart.

– Vi klarte best å hjelpe jentene. Dei sleit meir i utgangspunktet, dei låg dårlegare an på alle psykologiske variablar, så dei hadde større rom for betring enn gutane. I tillegg klarte jentene betre å halde fram med det dei lærte, fortel Christine Sundgot-Borgen. Spørjeskjemaa frå den siste runden, eit år etter start, synte tydeleg at gutane hadde mista mykje.

– Det aller viktigaste var at det var mogleg å hjelpe så mange på ein såpass enkel måte, meiner ho og fortel om fleire jenter som kom og fortalte om avgjerande aha-opplevingar.

At dei ikkje lukkast like godt hos gutane, meiner ho KAN vere fordi dei to som underviste var to kvinner, som kanskje ikkje nådde heilt fram til gutane. – Eller kanskje gutane ikkje var kognitivt modne nok eller at ein må bruke litt andre teknikkar hos dei? Vi veit ikkje.

Uansett, meiner ho, er resultata så gode at skolane absolutt bør ta dette inn i undervisinga.

Eg hadde alltid samanlikna meg med storesyster, men nå skjønte eg at vi er to ulike personar. Å samanlikne meg med ho endra ikkje på kven eg var eller ga meg noko anna positivt. Eg har skjønt at det er greitt å ikkje trene kvar dag og også å ta en sjokolade av og til sjølv om søstera mi tar andre val.

Jente, 16

– Skolen må ta jobben

Heile prosjektet starta med eitt spørjeskjema for å finne ut korleis det stod til med ungdommen, før tiltak blei sett i gang. Omtrent halvparten av dei 4.000 spurte svara i første omgang. Etterpå besøkte dei to skolane som vart trekt tilfeldig ut som forsøksskolar.

Til saman haldt dei 113 workshopar. Både forsøksskolane og eit tilsvarande tal kontrollskolar fekk dei same spørsmåla fire gonger, i forkant og så tre gongar etter bolkane med skolebesøk.

Undersøkinga synte omlag det same problemet overalt, uavhengig av område og karakternivå på skolane.

– Å byggje opp ein god og realistisk kroppskjensle er svært viktig for livet vidare. Folk i mange aldrar kjenner på dette, men det er spesielt tøft for dei unge. Om vi har klart å hjelpe i alle fall nokre av dei til å akseptere både seg sjølv og andre betre, ta betre vare på seg sjølv og få ein sunnare oppfatning av kva trening og kosthold handlar om, har vi lukkast. Dei bør ikkje trene for idealkroppen, men fordi det er gøy og fordi ein får møtast, skravle og gjere noko fint saman. Å lære dei dette er noko skolen må ta på mykje større alvor.