- Fleire må ta ansvar for dopinga

– Ein som blir tatt for doping, bør ikkje bli gjort til syndebukk. Skal ein dopinga til livs, må idrettsorganisasjonane ta meir ansvar.

Therese Johaug og Marit Bjørgen på ski i Holmenkollen
Lenge før dopingsaka: Therese Johaug vann 30-kilometeren foran Marit Bjørgen i VM i Holmenkollen, 5. mars 2011. Foto: Shutterstock
  • "Toppidretten er tent med å forstå doping og antidoping på ein annan måte enn dei fleste gjer i dag."
  • Det meiner Morten Renslo Sandvik, som har gjort dette til tema for doktorgraden han skal forsvare på NIH i juni.
Morten Renslo Sandvik portrett
Morten Renslo Sandvik er forskar ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap på NIH. Foto: NIH

– Målet mitt har vore å utvikle ein ny tankegang eller filosofi som kan gjere antidopingarbeidet både meir fruktbart og etisk forsvarleg: Kva skjer om vi ikkje ser på antidoping som eit hinder mot juks, men heller som eit verktøy for å fremje solidaritet innan idrettsfellesskapet?

Ein veg vidare

Eit svar er ein filosofi som tek oss bort frå fordømminga av dei som jukser og som heller ber oss lytte til kva dei har å seie.

– Skal ein godta billege orsakingar og ansvarsfråskrivingar som desse utøvarane kjem med?

Eit vanskeleg eksempel er russisk doping. Etter OL i Sotsji kom det fram at Russland hadde drive systematisk doping blant landets idrettsutøvarar.

– Korleis skal de internasjonale idrettsorganisasjonane kunne førebyggje liknande hendingar framover utan historiene frå utøvarane? Dei ville fått fram mykje meir om kva som ligg bak, seier Morten Renslo Sandvik og legg til:

– Eksempelet er komplekst, for her står det ikkje berre på vilja til å lytte, men og berre det å få fram fortellingane frå utøvarane. Svært få russiske utøvarar vil snakke. Dét er eit problem, for slik innsikt kunne få fram faktiske sosiale og strukturelle sider ved russisk idrett. Og det kunne gje idrettsorganisasjonane et mykje betre grunnlag for handtere eit elles kanskje varig dopingproblem.

– Skal vi kome lenger, må vi òg høyre på desse. Fortellingane bak, kvifor dei byrja. For det famnar mykje vidare enn berre å bli best, seier Sandvik. Han meiner ein i dag ser altfor lite på alt rundt topputøvarane, som er den gruppa han har konsentrert seg om.

– Utøvarane sine eigne fortellingar handlar i stor grad om strukturelle faktorar, arbeidsforhold, kontrakttypar og sjølve organiseringa av toppidretten. I avhandlinga argumenterer eg for at ein tilnærming som tar desse skildringane på alvor. Det er mykje meir fruktbart enn berre å tenke jakt, kontroll og straff.

Einspora

Sandvik meiner at den gjengse tilnærminga i antidopingrørsla og store delar av toppidretten er prega av dogmatiske beskrivingar av doping som et moralsk problem.

– At ansvaret i så stor grad leggjast til utøvarane og deira såkalla umoralske val, er spegla av et overdøyvande fokus på å oppdage doping, gjerne bokstaveleg talt i utøvarane.

Sandvik tar til orde for ein «av-moralisering», ein parallell til korleis samfunnet si tilnærming til rusmisbrukarar er i endring: Tenk deg at du vil høyre fordomsfritt, utan å dømme, på dopingtatte, omtrent som ein har byrja å høyre på rusmisbrukarar. Dei går, eller held på å gå, frå kriminelle til folk med eit helseproblem, noko som fullstendig endrar korleis ein skal kome problemet til livs.

– Berre utøvarane sjølv kan fortelje kva som eigentleg fekk dei utpå, om vi høyrer på dei. Da kan vi mykje lettare ta problemet ved rota.

Medietrøkk

Johaug-saken er eitt døme på kva som kan skje dersom vi verkeleg lyttar til dopingtatte utøvarar. Etter at ho vart teken, kom det fram ein lang rekke ulike røyster i den norske idrettsoffentlegheita. Dei sette mellom anna lys på fleire problematiske sider ved antidoping­systemet og måten doping har vorte utvikla som mediefenomen.

– Saken opna eit nytt rom for politisk og etisk refleksjon, mellom anna fekk fleire auga opp for korleis både regelverk og massiv medieomtale kan ramme utøvarar hardt sjølv om dei ikkje har dopa seg med overlegg.

Gruppe syklistar i sykkelfelt
Sykkelsporten har vore hardt belasta med doping. Ill-foto: Markus Spiske, Unsplash

 

Må gje tryggleik

Likevel er det der utøvarar dopar seg med overlegg ein har mest å hente på å få fram historia bak, meiner Sandvik. I avhandlinga har han mellom anna sett på kva for problemstillingar som kome fram gjennom forteljingane til landevegsyklistar som dopa seg på 1990- og 2000-tallet.

– Ein viktig, underliggjande faktor er at toppidretten er ein ekstremt attraktiv karriereveg som mange vil «ofre» mykje for å være en del av. Men samstundes er det ein særs usikker karriereveg der få lukkast.

Idrettsorganisasjonane, og ikkje berre for syklistar, bør absolutt sjå på korleis dei kan sikre utøvarane på lang sikt, gje dei meir tryggleik, betre rettighetar og meir innflytelse i ein elles kortsiktig og utrygg bransje.

Eit fellesskap

– Men konkurransedelen av idretten er vel litt vanskelig å fjerne, det handlar jo om å vinne?

– Det er heller ikkje meininga. Men ein kan gjere mykje med «arbeidsforholda» til utøvarane. Sandvik seier det er opp til idrettsorganisasjonane å sørgje for at topputøvarar føler seg som del av eit større idrettsfellesskap enn den næraste kretsen av lagkameratar og trenarar, at deira interesser er ivaretatt gjennom styrka rettigheitar og politisk representasjon.

Ein løpar gjer seg klar til start i stafett
Ein lang rad utøvarar har vorte tekne for doping opp gjennom åra. Ill-foto: Braden Collum, Unsplash

 

– Når fleire og fleire utøvarar føler solidaritet overfor idretten sin som ein heilskap, trur eg det er gode moglegheiter for at dei djupare strukturane som eigentleg skapar mykje av dopingproblemet forvitrar.

Mindre tvil, betre tillit

– Men kva med tilliten, både frå folk flest og andre utøvarar? Den reddar ein ikkje berre med historier og fagre ord?

– Der har eg ikkje noko godt svar, tvilen kan bli hengande ved. Men det gjer den også i dag, poengterer han. Eit døme er når syklistar som gjer det bra i Tour de France sjikanerast. Dei får dopingskuldingar slengt etter seg frå publikum langs vegen, sjølv om dei berre har testa negativt på aldri så mange dopingprøvar.

– Om ein  «av-moraliserar» dopinga, trur eg doping vil hengje mindre ved ein enn i dag. Tvilen vil i det minste ikkje ha dei same negative konsekvensane som det den har nå.

– Men får vi bukt med dopinga om vi berre gjer som du foreslår?

– Dette arbeidet er komplekst. Eg trur ikkje på nokon revolusjon, men eg er overtydd om at vi kjem lenger om vi òg lyttar til dei som står nærast nettopp dopinga.