Vekta omkring fødselen forfølgjer helsa di vidare i livet

Vekta både hos mor og hos deg som spedbarn kan avgjere helsa di vidare i livet. Særleg om du blir fødd liten, aukar faren for hjerte- og karsjukdommar seinare. Men fysisk aktivitet kan førebyggje mykje.

Et nyfødt barn med sine foreldre
Er at du fødd særs lita, vil du óg vere meir utsett forsjukdom seinare i livet - og om du er gut: også bli mindre aktiv medan du veks til, syner Bernhardsen si undersøkjing. Ill-foto: Shutterstock

Ein utfordring er at du som er fødd liten også vil vere mindre aktiv medan du veks til. Det gjeld særleg om du er gut.    

Det syner ei undersøking Guro Pauck Bernhardsen på NIH har gjort.

Guro Pauck bernhardsen
Guro Pauck Bernhardsen er stipendiat på Institutt for idrettsmedisinske fag, NIH. Hun tok bachelor og mastergrad på NIH, og har jobbet noen år i Oslo Idrettskrets med folkehelseprosjekter før hun begynte på NIH som stipendiat i 2014. Foto: NIH

Undersøkinga syner òg at om du blir fødd uvanleg tung, veks til fort (særleg det første året) eller jamvel om mor er overvektig under svangerskapet, så aukar óg faren for å bli overvektig seinare. Også her er gutar mest utsett.

Men: Fysisk aktivitet kan hjelpe. Nettopp gutar kan trene seg bort frå mykje av den auka risken.

Det er litt komplisert, men funna er viktige fordi dei gjev ei løysing på korleis ein person kan betre helsa si på lang sikt, sjølv dei som måtte bere på ein slik uheldig disposisjon.

Vekt viktig

Du er meir utsett for typiske livsstilssjukdomar om du har relativt mange såkalla kardiometabolske risikofaktorar. Det betyr at du særleg er meir utsett for hjartekarsjukdomar og diabetes 2. Dess sjukdomane gjer det vanskelegare å leve normalt og aukar faren for å døy tidleg.

Slike faktorar er særleg:

  • høgare nivå av insulin
  • høgare nivå av feitt i blodet
  • høgare blodtrykk
  • overvekt/fedme

Meir om forebyggjing

For å ta litt av det som er kjend først: Frå før veit ein at såkalla tidlege faktorar påverkar helsa di vidare i livet. Mellom anna veit ein at

  • mors overvekt (eller rettare: kroppsmasseindeks, også kalla KMI eller BMI - sjå faktaboks) i svangerskapet,
  • fødselsvekt og
  • vektaukadet første leveåret

aukar risikoen for pådra seg livsstilssjukdommar seinare i livet. Ein snakkar da om hjerte- og karsjukdommar, diabetes 2 og risikoen for overvekt og overvekt seinare.

Og allereie i barne- og ungdomsåra er det teikn til utvikling av sjukdom hos dei som har vore  utsett for desse tidlige risikofaktorane. Især dei som er fødde serskild lette eller tunge – i  ytterkant av «normalen — synest å vera spesielt utsette for livsstilssjukdomar seinare.

Samanhengen kan vera at den vesle får for lite næring og er svekka frå start, medan den overvektige også kan bli nettopp overvektige fram gjennom oppveksten, med dei fylgjer dette har for helsa.

– Dette skuldast at det hopar seg opp med såkalla kardiometabolske risikofaktorar (sjå faktaboks), som er nært forbunde med livsstilssjukdomar som hjerte- og karsjukdomar og diabetes 2. Slike sjukdommar inneber ofte lågare livskvalitet og kortare levetid.

  • «Lita» eller «undervektig» er i denne samanheng barn som er fødd under 2,5 kg.
  • «Stor» eller «overvektig» er over 4,5 kilo.
  • Snittvekta for ungar fødd i Norge er omlag 3,5 kg, litt høgare for gutar enn for jenter.
  • Risikofaktorar for lav fødselsvekt er om mor er undervektig, røykjer, om morkaka fungerer dårleg, om mor har høgt blodtrykk eller arvelege forhold.

Vanskeleg som liten og stor

Låg fødselsvekt kan skuldast mykje forskjellig, at mor har spist dårleg og dermed vore underernært, at ho har røyka, arvelige forhold, feil i morkaka eller andre ting. Mange er óg fødd for tidlig.

I analysar tar ein ofte bort denne årsaken til for lav fødselsvekt; ein vil berre undersøke dei som har lav fødselsvekt fordi de ikkje har fått nok næring i mors mage.

Dét skillet er ikkje så enkelt.

Lett i starten, mindre aktiv seinare

Som nemnt har Bernhardsen óg studert kva fødselsvekt og tidlege vekstforhold har å seie for kor fysisk aktiv ein unge er seinare – og på den andre sida: kor godt fysisk aktivitet kan viske ut den auka risikoen mange ungar har med seg.

For ein veit altså at om mor har låg kmi (under 20), vil ungen hennar oftast òg ha låg fødselsvekt. Og: Det slår ut i at ungen blir mindre fysisk aktiv seinare, noko som i sin tur er uheldig for helsa deira.

Barn som leker
Barn som leiker får òg trent styrke. Ill-foto: Shutherstock

  • KMI eller BMI sett eit tal på kroppsvekta i forhold til høgd og fortel om vekta di er innanfor normalen.
    18,5 - 24,9 tyder på at kroppsvekta er normal.
    25 - 29,9 reknast som overvekt
    Over 30 reknast som fedme.
  • BMI brukast internasjonalt for å måle og samanlikne helserisikoen ved over- og undervekt og for å følge utviklinga i ei befolkning.

Kilde: Store norske leksikon

Prøv: KMI-kalkulator (nhi.no)

 

– Ein slik unge kan få mindre muskelvekst og lågare fysisk kapasitet seinare. Dei utviklar gjerne mindre muskelmasse og blir dermed mindre sterke, forklarar Bernhardsen.

Ho seier det gjev ein slags vond sirkel som òg inneber at ungen – og ungdomen – blir mindre fysisk aktiv opp igjennom åra. – Fysisk aktivitet er som kjent viktig for helsa, så dette kan altså slå ut i auka sjukdomsfare.

Gutar meir utsett

Eit overraskande funn er at denne samanhengen er veldig klar hos gutar, men ikkje hos jenter.

– Vi veit ikkje kvifor, men det kan skuldast at gutar er meir kjenslevare for desse tidlege risikofaktorane.

– Kva er viktig for desse gutane?

– Å auke aktivitetsnivået. Og om lågt aktivitetsnivå skuldast dårlegare muskelvekst, vil naturleg nok òg styrketrening være viktig.

Tyngst som liten

Den gode nyheiten er at fysisk aktivitet kan løyse det meste.

Undersøkinga syner nemlig at sjølv om ein har trekt eit uheldig helselodd frå starten av livet, er ein ikkje dømd til dårleg helse og sjukdomsfare resten av livet. I alle fall ikkje så dårleg.

– Jo meir aktiv ein er, jo meir minkar risikofaktorane, så langt er det enkelt. Det gjeld alle, seier Bernhardsen.

Men, med låg fødselsvekt er det ikkje nok. – Ein som er fødd svært liten vil rett nok redusere faren for sjukdom ved å vere fysisk aktiv, men dei klarer berre å kvitte seg med ein del av bagasjen.

Motsett, derimot, er det meir eintydig.

– Om mor og eventuelt også ungen er stor, kan den auka risikoen faktisk viskast delvis ut. Det same gjeld jamvel om ungen aukar vekta raskt etter fødselen: Fysisk aktivitet kan viske ut ulempene ein har med frå start. Det er lettare å starte for tung enn for lett.

Få små i toppidretten?

– Litt komplisert og forvirrande?

– For å oppsummere kan ein seie at all fysisk aktivitet har gunstig effekt. Men sjølv om du er veldig aktiv, vil du som er fødd liten ha høgare nivå av desse kardiometabolske risikofaktorane samanlikna med andre, like aktive som er fødd nærare normalvekta. Unge i dei andre gruppene kan «redde seg inn» med å vere fysisk aktive.

– Så om ein er fødd liten, minkar òg sjansen for å lukkast i toppidrett?

– Hehe. Truleg er det vel slik, i gjennomsnitt, men dette har eg ikkje undersøkt. Som sagt vil mange som er fødd små bli litt svakare, noko som følgjer dei lenge, men mange små kan òg gjere det svært godt.