Kroppsøvingstimar mest for dei idrettsflinke

Ungdom får ikkje den undervisinga dei har krav på i kroppsøving. Undervisinga styrast av ein idrettslogikk som mest gagnar dei idrettsflinke. Resten av ungdomane blir lett hengjande etter.

Kurs for kroppsøvingslærarar – kvinne løper over markører på gymsalgolvet
Utdanninga av kroppsøvingslærarar må leggjast opp slik at undervisinga i neste omgang passar kvar einskilt, òg dei som er minst aktive i idrett på fritida. Frå kurs for kroppsøvingslærarar på NIH. Arkivfoto: Jarle Stokland, NIH

– Trist, sidan det ofte er dei minst idrettsaktive og -flinke som treng dette mest, seier Irina Burchard Erdvik. Ho har forska på korleis undervisninga i kroppsøving faktisk fungerer – og korleis ungdom sjølv opplever ho. 4. september forsvarer ho ein doktorgrad om emnet ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

Irina Burchard Erdvik portrett
Irina Burchard Erdvik er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for helse- og sosialvitskap på Høgskolen i Innlandet, men tar doktorgraden sin ved NIH. Foto: Privat

Praksisen bryt med både læreplanen og opplæringslova.

Skal ikkje lære idrett

Tenk etter: Mest truleg er du sjølv offer for denne «idrettslogikken». Den går ut på at hovudmålet med kroppsøving er å bli god i idrett. Men slik er det ikkje, eller: Slik skulle det ikkje vore.

Læreplanen legg nemlig ikkje vekt på idrettsprestasjonar. Den seier at undervisinga skal fremje allmenndanning, livslang rørsleglede og dessutan betre sjølvkjensla.

Likevel opplever mange elevar at det meste av undervisinga går ut på å lære seg ulike idrettar – og å prestere best mogleg i dei.

– Det betyr at dei som driv med idrett utanom skulen har ein kjempefordel. Dei møter aktivitetar dei kjenner og trivast med, og dei gjer det naturleg nok betre i desse aktivitetane. Dei kjenner sterkare tilhøyring og får styrka sjølvkjensle og alt i alt større utbytte av faget. Slik verker det ikkje i like stor grad å være for dei andre, dei som ikkje er aktive i idrett på fritida, forklarer Irina Burchard Erdvik.

  • 4. september disputerer Irina Burchard Erdvik for doktorgraden sin på NIH, med avhandlinga "Physical Education as a developmental asset in the everyday life of adolescents."
  • I undersøkinga si har ho spurt om lag 3.000 unge i ungdoms- og vidaregåande skule om sjølvkjensla deira, om idrettsdeltaking på fritida, om korleis dei opplever kroppsøvinga og om kjensla av sjølvbestemming, meistring og tilhøyring i faget.
Kroppsøving med småbarn – ungar framfor fargerik vegg sit med armane høgt i veret
– Lærarane skal løne dei som er flinke i kroppsøving, ikkje dei som presterer godt i idrett, meiner Irina Burchard Erdvik. Ill-foto: Shutterstock

 

– Eit problem

Erdvik meiner dette ikkje berre tyder at ein forskjellsbehandlar unge med ulike grunnlag, ein bryt også med både læreplanen og opplæringslova.

– Lova seier at alle har rett til tilpassa opplæring. Men mykje tyder på at dei ikkje får det i dag, slår ho fast.

Erdvik meiner dette er problematisk.

– Det er ei utfordring om dei som treng kroppsøvingsfaget mest, dei som har den dårlegaste sjølvkjensla, dei som ikkje er så trygge eller som manglar erfaring frå idrett og fysisk aktivitet, får oppleve at dei ikkje meistrar og ikkje høyrer heime. Dei får dårlege føresetnader for å lukkast. Dette er både ei stor pedagogisk utfordring og ei folkehelseproblem.

Kroppsøvingslærar med ungar på skogstur
Kroppsøvingslærar-student Hallgeir Martinsen frå NIH på skogstur med ein klasse frå Lommedalen skole. Foto: NIH

Gammal vane lagar A- og B-lag

Irina Burchard Erdvik meiner dette òg handlar om inkludering, om at alle må med uavhengig av kva fritidsinteresser og føresetnader dei har. Det handlar om å ta eit utgangspunkt i kvar einskild.

– Såleis er det mykje meir rom for inkludering i kroppsøvingsfaget enn slik praksisen synast å være i dag, seier ho. – Og tilsvarande er det slik at lærarane skal løne dei som er flinke i kroppsøving, ikkje dei som presterer godt i idrett. Men, vedgår ho, det er sjølvsagt ikkje enkelt å rive seg laus frå fastgrodde mønster.

Derfor skuldar ho heller ikkje berre på lærarane for at situasjonen er som han er, sjølv om nettopp dei har ansvaret for å følgje opp kvar einskild elev på riktig måte.

– Alle sit meir eller mindre fast i det same, også elevane. Dei har jo vakse opp med og er vane med at gode ferdigheiter i idrett er sjølve målet. Og at det er det dei vert måla på.

Ho seier mange lærarar ser at idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive ungdommar har ulike føresetnader for å lykkes i faget, og prøver å skape ei endring. Ein god del lærarar har til dømes forsøkt å støtte opp om behova hos dei ulike elevane på ein betre måte ved å dele kroppsøvingsklassen i to: Ein del for elevar som vil oppleve idrett og idrettsglede og ein del for dei som ønskjer eit anna fokus for å fremje rørslegleda.

– Det er vel meint, men sjølv om ein del elevar har likt det, så oppfattast det i stor grad som ei deling i eit A- og eit B-lag. Det blir like gale.

Idrett ikkje med

– Er ikkje dette spriket mellom ambisiøse formål og «alle skal med»-tankegangen nærast umogleg å få til i praksis? Idretten MÅ jo med, også fordi det er viktig for unge å lære seg både reglar og praktiske ferdigheiter som dei kan bruke saman med venner utanom skulen?

Tung skute å snu

Irina Burchard Erdvik har da heller ikkje nokon enkel løysing på spriket mellom lov- og lærarplanmål og etablert praksis. Men ho har eit forslag.

Det omfattar heile systemet frå elevane og opp: Elevane, lærarane, lærarutdannerane, forskarar og politikarar, og dermed skular, universitet og høgskular og departement. Djuptgripande endringar er naudsynte for å påverke undervisinga og elevane si oppleving av kroppsøvingstimane.

– Der handlar det om korleis lærarane kommuniserer med elevane. Men for å få dette riktig, må ein ta fatt i lærarutdanningane. Det er eit problem dersom undervisinga som kroppsøvingslærarstudentar får fokuserer på prestasjonsforbetring i ulike aktivitetsfag. Eit slikt fokus på aktivitet og prestasjon overførast lett til eigen undervising i skulen, og dette harmonerer dårleg med intensjonane i læreplanen. Motorisk læring og kjennskap til idrett som rørslekultur er også sentralt, men da som del av ein heilskap, seier ho.
Og dermed kjem ein raskt vidare til både forskarar, dei som arbeider med læreplanar – eigentleg heile systemet.

 – Igjen: Det er ein fastgrodd praksis. Dette er eit tungt skip å snu.

Militær øving

Kroppsøvingsfaget har ei historie som starta ein heilt annan plass enn der det er i dag, som ei militær øving. Det handla om Noregs forsvarsevne. Sidan har fokuset skifta til helse og hygiene, og seinare vart det meir for fysisk fostring og folkehelse. Målbare prestasjonar har vore viktig.

– Nå har kroppsøvingsfaget likevel andre mål. Sjølv om motorisk læring og ulike rørslekulturar er sentralt også i dag, skal ikkje idretten sette standarden for kva som er god måloppnåing i faget. Da har ikkje elevane like føresetnadar for å lykkast og skulen bryt med læreplanen og opplæringslova.

Må støtte dei minst aktive

Irina Burchard Erdvik seier ho ser fram til at den nye læreplanen kjem i bruk. Den blir enda tydelegare på at det å prestere i ulike idrettar ikkje er noko mål.
– Den kan vere eit viktig kompass for å styre denne skuta i ei riktig retning. Alle ledd må samarbeide, både elevar, lærarar, lærar-utdannarar og andre om ein skal bryte laus og kome vidare i historia.

Men, seier ho, allereie nå er det viktig å passe ekstra på dei som ikkje driv med idrett utanfor skulen og dei som ikkje er så fysisk aktive på fritida. For å unngå at faget bryt opplæringslova og bidreg til sosial ulikskap må lærarane bli betre på å støtte utvikling og læring blant elevane med minst rørsleerfaring. Desse elevane kan få auka læringsutbytte og glede av kroppsøvinga om ho vert betre tilrettelagt, også for dei.