Stillesitting ikkje så farleg likevel

Sit du mykje stille? Det er faktisk ikkje så farleg, heller ikkje for barn, om dei berre er tilstrekkelig fysisk aktive elles. Men er du først blitt tung, blir du òg lett mindre aktiv, og kan lettare pådra deg alvorlege sjukdomar seinare.

Barn leker på lekeplass
Ein viktig del av undersøkjinga gjekk ut på å finne ut kor viktig aktivitet og stillesitting eigentleg er med omsyn til utvikling av sjukdomar seinare. Foto: Skolefoto

Det syner ei undersøking som Turid Skrede har gjort i samband med doktoravhandlinga si ved Norges idrettshøgskole. Ho ville finne ut i kva grad høvesvis stillesitjing og fysisk aktivitet blant ungar påverkar faren for hjarte- og karsjukdomar. Difor har ho studert nesten 1.200 5.-klassingar frå 57 ulike skular i Sogn og Fjordane.

Må ta i

Turid Skrede
Turid Skrede Foto: Privat

Skredes målingar føregjekk på hausten og våren skuleåret 2014/15. Alle ungane gjekk med aktivitetsmålar ei heil veke. I tillegg fekk dei målt høgd, vekt og ei rekke risikofaktorar for alvorlege sjukdomar.

Skrede samanlikna så aktivitet og fysisk form med desse risikofaktorane: Stort midjemål, kroppsmasseindeks, høgt blodtrykk, ugunstig nivå av kolesterol og insulin. Og ho har funne ut at:

  • Å sitte stille, også mykje, er ikkje så farleg som ein har trudd.
  • Det viktige er å vere i fysisk aktiv med moderat til høg intensitet.
  • Ein blir ikkje tung av stillesitting, men dei som er tunge blir oftast sittande for mykje i ro.
  • Barn med låg fysisk form har størst helseeffekt av å vere meir fysisk aktive.

– Så sjølve stillesittinga er ikkje så farleg?

– Det har vore ein del skremselspropaganda rundt det, ja. Skrede påpeker at tidlegare studiar ofte har nytta TV- og skjermtid som eit mål på stillesitting. Då kan resultata bli påverka av kva ein gjer medan ein sit i ro, for eksempel om ein et snacks og drikk brus attåt. Ein har heller ikkje tatt høgde for aktivitet resten av dagen.

Barn i 5. klasse leker
5.-klassingar i leik - frå Turid Skredes undersøkjing. Foto: Skolefoto

 

– Med våre objektive mål finn vi ikkje nokon samanheng mellom stillesitting og helse, men dess meir aktivitet, dess betre helse.

Veier opp for sitting

– Delvis ei sjølvmotseiing?

– Joda, men det er kanskje meir naudsynt å fokusere på at barn bør vere fysisk aktive, enn at dei skal sitte mindre. For å seie det enkelt: Ein kan la elevar slappe av i eit frikvarter, berre ein får opp farta skikkelig i dei andre, forklarer Skrede. – Det er ikkje noko poeng å erstatte sitting med roleg aktivitet. Når ein først er aktiv, skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg.

I følgje Verdas helseorganisasjon (WHO) tar hjarte- og karsjukdommar kvart år livet av nesten 18 millionar menneske og fører til for tidleg død for vel så mange. Sjølv om sjukdomane i hovudsak råkar vaksne, kan dei byrje å utvikle seg allereie i barne- og ungdomsåra. Fysisk inaktivitet er ein av hovudårsakene. Difor rår både WHO og Helsedirektoratet til minimum 30 minutt aktivitet med moderat til høg intensitet dagleg for vaksne og 60 minutt for barn og unge. «Moderat» til «høg» tyder her aktivitet frå rask gange og oppover.

Barn leker på lekeplass - til Turid Skredes disputas
5.-klassingar i leik - frå Turid Skredes undersøkjing. Foto: Skolefoto

 

– Men dersom vaksne sit 8-9 timar om dagen, må også dei passere ein time dagleg. Elles vert mykje stillesitting uheldig. Men det er altså fråværet av skikkeleg aktivitet som er kritisk. Difor er det urovekkande at så mange både vaksne og barn ikkje er aktive nok.

Blir ikkje større

Skrede finn også at fysisk aktivitet ikkje påverkar kroppssamansetnaden spesielt, heller ikkje om ein sitt mykje stille. Men dei som har lagt på seg, blir mindre aktive. Det blir fort en vond sirkel, som også heng saman med kosthold - utan at Skrede har kome inn på dét i si avhandling.

– Det seier likevel noko om kor viktig det er å førebyggje vektauke også hos barn: Er dei først blitt tunge, får dei ein tung jobb som kan følgje dei heilt opp i vaksen alder. Alle har godt av å vere meir aktive, særleg for dei som er i dårlig form.

– Ein får lågare blodtrykk og sunnare kroppssamansetnad, medan kolesterol og insulin blir regulert mykje betre, uansett kor sprek eller tung ein er. Alt dette er avgjerande om ein skal redusere risiko for hjarte- og karsjukdommar, som altså var målet frå starten med undersøkinga.


 

Turid Skrede disputerer for doktoravhandlinga si «Prospective associations between sedentary time, physical activity and cardiometabolic risk factors in children: The Active Smarter Kids Study» på Norges idrettshøgskole 5. april 2019.

Skrede arbeider til dagleg som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.