Kroppsøvingskonferansen: Ny karakter i framtida

– Mange lærarar i kroppsøving gjev elevane falske forhåpningar. Og elevane får ei utriveleg overrasking når karakteren kjem. Det meiner Karin Redelius, ein av hovudtalarane på kroppsøvingskonferansen på NIH 6.-7. juni. Samlinga er ein kunnskaps-hub for å utvikle faget vidare.

basketball, jente kaster ball
Kroppsøvingsfaget er i endring Foto: NIH

Karin Redelius er professor i idrettspedagogikk ved Gymnastik- og idrottshögskolan (GIH) i Stockholm; skulen er Sveriges motstykje til Norges idrettshøgskole (NIH).

Karin Redelius portrett
Karin Redelius er professor i idrettspedagogikk ved Gymnastik- og idrottshögskolan (GIH) i Stockholm. Foto: GIH

Ho arbeider mykje med karaktersetjing i kroppsøving, som er eit såkalla målstyrt fag i Sverige. Det tyder at det er dei faktiske resultata ein oppnår, som er viktigast.

Meir enn smil

– Det har både fordelar og ulemper, og det skaper nokre utfordringar. Karaktersetjinga må byggje på faste kriterie, som kanskje er annaleis i Norge. Ein elev skal ikkje vurderast på om han eller ho er positiv eller «gjer sitt beste», seier Redelius.

– ...?

– Også lærarar liker innsats og positive elevar, men dét er ikkje relevant. Det er eigen prestasjon og utvikling som skal telje, og da særleg kunnskapen ein syner. Det er ikkje korleis elevane oppfører seg som er viktig; ein må vurdere elevar etter dei kriteria som er bestemt.

Blir lett lurt

Ho meiner ein her har eit utbreidd problem:

Aage Radmann portrett
Aage Radmann, leiar for Seksjon for kroppsøving og pedagogikk på NIH og primus motor for konferansen. Foto: NIH

– Lærarane syner ofte at dei set pris på positivitet og vilje til å stå på. Men dei burde heller være opne om kva som faktisk tel: kunnskap og prestasjonar. Slik mange lærarar ter seg, kastar dei blår i augane på elevane.

– Og då risikerer elevane å jobbe feil - og å få ein dårlegare karakter enn forventa?

– Riktig. Og samtidig må ein hugse at ein ikkje gjev karakterar for deira eiga skuld, men for at elevane skal lære noko som er nyttig og relevant også utanom skulen. Her har mange lærarar mykje å lære.

Koblingsboks

– Konferansen er viktig som kunnskaps-hub, som ein møtestad for teoretikarar og dei som praktiserer, men også for å utveksle kunnskap og diskutere forsking og utvikling av kroppsøvingsfaget, seier Aage Radmann.

– Workshopen om vegen vidare og kva ei femårig lærarutdanning kan by på, det er noko av det mest spanande på konferansen, seier Aage Radmann.

– Men og

  • sesjonen om kroppsøving, helse og livsmeistring
  • workshopen om ei annleis kroppsøving og korleis man kan få til ei betre undervisning i friluftsliv
  • foredraget om når studentane har ansvaret og micro-teaching i dans – og workshopen om dans og utdanningar innan kroppsøving
  • sesjonen om ny kunnskap og kva som er verdt å vite
  • ...og om utandørs symjing og livberging og utfordringane der

Han leier Seksjon for kroppsøving og pedagogikk på NIH og er primus motor for arrangementet.

Han brenner for å utvikle faget vidare og meiner både forskarar og praktikarane - særskilt lærarar - har mykje å lære av kvarandre.

Konferansen er ein årleg happening kor folk frå heile landet møtest. Den skal og spegle alle dei fire fagfelta, frå kroppsøving og idrettsfag via praktisk-pedagogisk utdanning og friluftsfag til fysisk aktivitet for funksjonshemma.

Sjølvbestemt – og framtidsretta?

Den omveltinga som er på gang i faget er noko av det viktigaste for den andre hovudtalaren, Per Midthaugen. Han er førsteamanuensis og kollega av Aage Radmann.

Per Midthaugen portrett
Per Midthaugen er ein av hovudtalarane på kroppsøvingskonferansen. Foto: NIH

– Den nye læreplanen som er på høyring nå seier mellom anna at elevane skal gå djupare inn i faget, at dei skal lære tidleg eit vidt spekter av aktivitetar. Gradvis skal dei så gå i djupna i nokre av desse, og då blir det viktig for dei å forstå både korleis og kvifor ein gjer ting. Altså å få djupare kjennskap til aktivitetar dei trivst med og som dei kan halde fram med etter endt skulegang, seier han.

– Samstundes blir interessene, føresetnadene og utviklinga hos den einskilde viktigare enn det dei presterer idrettsleg - omtrent som Karin Redelius seier.

Den nye læreplanen skal i gang frå neste haust i både grunnskulen og i vidaregåande skule.

– Den tar føre seg eigenverdien av kroppsbruk, både for den einskilde og for samfunnet. Det er utan tvil viktig, men like viktig er det om planen faktisk er framtidsretta nok.

 

FAKTA - Kroppsøvingskonferansen

  • Årviss samling som Norges idrettshøgskole (NIH) arrangerer 6.-7. juni

  • Årets utgåve er den 8. i rekka

  • Målgruppa er lærarar i kroppsøving og idrettsfag i tillegg til folk frå høgskuler og universitet

  • Tek opp ny forsking og er ein stad å utveksle erfaringar og byggje nettverk

  • Bak står folk på heile Seksjon for kroppsøving og pedagogikk, som snart byter namn til Institutt for lærarutdanning og friluftslivstudium