Kom i form over telefon

Trening over telefon eller e-post, høyrest det fjernt ut? Eller er det ein effektiv måte å få fleire i form? Svaret er at det faktisk går heilt fint an.

Deltakarane blei testa mellom anna på kor tøyelege dei var i starten og etter at dei hadde blitt trena over telefon og e-post. Foto: NIH

Det syner ei doktoravhandling frå Norges idrettshøgskole og Universitetet i Agder. Her ville Ingirid Geirsdatter Heald Kjær

  • finne ut korleis det sto til med fysisk form og fedme blant vanlege folk
  • sjå kor godt «fjerntrening» av folk fungerer: I kva grad kan ein bruke telefon og e-post til å følgje opp folk til å trene betre
  • og såleis hjelpe dei i betre fysisk form
  • og dessutan få ned vekta, midjeomkretsen og feittprosenten deira

I avhandlinga tek ho òg føre seg tal som antyder at langt fleir er overvektige enn det ein har trudd. Derfor ynskte Kjær å finne fram til meir objektive mål for overvekt og fedme enn det vanlegaste målet: BMI.
Stikkord er hudfoldsmål og midjeomkrets:

FAKTA

  • BMI eller kroppsmasseindeks angjer forholdet mellom høgd og vekt.
  • Med hudfoldsmåling bruker ein ein særskilt teknikk for å «klemme ut» ein hundfold på magen og dermed måle mengda underhudsfeitt.
  • Med midjeomkretsen - livvidda - bereknar ein mengda feitt rundt magen.

Effektiv fjerntrening

Vi kommer tilbake til dei vel 900 som blei spurt og målt på vekt og kondisjon. Først skal vi til dei oppunder 100 som var med i «fjerntrening»-studien:

Dei som vart trene via e-post og telefon. Det gjekk mykje betre enn ein skulle tru.

– For dei aller fleste som fekk slik oppfølging gjekk forma opp og vekta ned, oppsummerer Kjær:

  • Midjeomkretsen og feittprosenten gjekk ned. 64 % fekk «klinisk signifikant» - minimum 5 prosent - mindre kroppsfeitt. (I kontrollgruppa, som ikkje fekk noko oppfølging, gjekk 36 prosent ned.)
  • Dei fekk betre kondisjon.
  • Dei blei sterkare, særleg i ryggen.
  • Dei blei mjukare (fekk betre fleksibilitet) og betre spenst.

Framgangen var størst for oksygenopptak, statisk ryggstyrke, spenst og kor mykje «hamstringen», altså muskulaturen bak i låret, kunne tøyast.

– Den gjennomsnittlege framgangen var klart større i hovudgruppa, den såkalla intervensjonsgruppa, enn i kontrollgruppa når vi tok omsyn til utgangspunktet for kvar gruppe.

Hovud- eller intervensjonsgruppa fekk altså jamleg oppfølging mens gruppa dei blei samanlikna med, kontrollgruppa, blei overlatt til seg sjølv. Dei var like mange i kvar gruppe frå start; om lag 40 i hovudgruppa fullførte mens 50 i kontrollgruppa var med til slutt.

Ingirid Geirsdatter Heald Kjær - portrett
Ingirid Geirsdatter Heald Kjær Foto: Privat

Ein e-post eller ein telefon...

Hovudgruppa blei følgt opp med råd via e-post eller telefon annankvar veke. Rådgjevarane veksla mellom å bruke e-post og telefon. Alle deltakarane her følgde rettleiinga dei fekk, sjølv om ein ikkje kunne styre i detalj korleis dei faktisk følgde råda.

– Det spesielle er kor godt det virka å følgje dei opp «på avstand», seier Kjær.

Dei oppunder 40 som fullførte, hadde ein klart betre framgang enn dei 50 i kontrollgruppa.

– På tide å bruke meir fjerntrening?

– Det er verdt å undersøkje meir! ler ho, og seier det verkar lovande.

– Mange ulike faktorar avgjer. Folk er ulike, og ulike ting fungerer for ulike folk. For mange er det òg viktig med støtte frå andre, medan andre trener godt aleine. Denne forma for trening vil heilt sikkert fungere fint for ein del, ikkje for alle.

Dei 111 som starta blei tilfeldig inndelt i ein hovudgruppe og ein kontrollgruppe. Høvesvis 50 og 39 i kvar gruppe fullførte. Alle i både hovud- og kontrollgruppa blei testa på same måte før og etter.

Til skilnad frå hovudgruppa fekk kontrollgruppa ingen oppfølging og ingen råd før perioden var over.

Fleire feite?

I tillegg til fjerntrening tek Kjær si avhandling òg føre seg overvekt. Det var her dei 900 andre blei undersøkt. Eller, rettare sagt: Dei blei undersøkt i samband med KAN-prosjektet som Kjær òg  deltok i. Og ho brukte tal herifrå til å undersøkje kor mange som er overvektige og feite.

I tillegg arbeidde ho for å finne "normalverdiar" for muskelskjelett og såkalla nevromotorisk form – slik som kor uthaldande deltakarane var, for statisk og dynamisk styrke, balanse, rørsleevne og spenst.

Det syner seg at kor mange som er overvektige eller feite kjem heilt an på kva målemetode ein brukar: BMI, måling av hudfoldsfeitt eller midjeomkrets:

  • Med BMI kjem vel 12 % av alle menn og vel 13 % av alle kvinner ut som «feite» (BMI over 30).
  • Med midjeomkrets er tala 24 % og 38 %, altså er brått over dobbelt så mange feite.
  • Med hudfoldsmåling blir tala 37 % og 20 % for høvesvis menn og kvinner.

– Det viktigaste her var å berekne andelen overvektige og feite i befolkninga. Og det synte seg at ingen av teknikkane gjev nokon klar fasit, understreker Kjær. – Derfor bør ein bruke fleire metodar for å slå fast kor stor del av befolkninga som er overvektige/feite eller ikkje.

– Men, legg ho til: – Det er uansett ein klar samanheng mellom livvidde og helserisiko, så dei tala er viktig å ta på alvor - for alle som er opptekne av helsa si.


Ingirid Geirsdatter Heald Kjær disputerer for doktoravhandlinga si på Norges idrettshøgskole 29. januar.

Les prosjektbeskrivelsen