Uetisk press på unge talent?

Kostnadane ved resultatjag og perfeksjonisme kan vere store for unge talent som satsar mot toppen. Kvar tredje slik utøvar innan idrett og utøvande kunst slit med negative kjensler, stress og prestasjonsangst. Trenarane kan både vere problemet og løysinga.

Ballett pardans på scene
Å få danse på dei store scenene er sjølve draumen for mange dansarar - som blir utsett for mykje press, også frå seg sjølve. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Det handlar om å forstå korleis gunstige eller ugunstige motivasjonsprosessar verkar inn på prestasjonar, psykisk helse – og motivasjon.

Heidi Harldsen portrett
Heidi Marian Haraldsen, stipendiat i coaching og psykologi ved Norges idrettshøgskole. Foto: Åsa Maria Mikkelsen

Heidi M. Haraldsen har studert tenåringar som har satsa hardt innan utøvande kunst – ballett og musikk – og ulike idrettar. Studien er grunnlag for doktorgraden ho skal forsvare ved Noregs idrettshøgskole 17. desember.

Offer for det perfekte

I fleire rundar har 200–250 unge på 16–19 år svara på korleis dei opplever kvardagen som utøvarar på veg mot toppen. Heidi M. Haraldsen har òg djupneintervjua eit tital nåverande og tidlegare utøvarar som såg tilbake på sine erfaringar undervegs. 

Ho har undersøkt ungdom innan kunstformene ballett og musikk og innan idrettane roing, skøyter, alpint, skiskyting, langrenn, friidrett og symjing.

– Særleg trenarar må bli mykje meir merksame på «perfeksjonismen» – jakta på det perfekte – og konsekvensane av dette i form av auka sårbarheit og altså ugunstige motivasjonsprosessar. Og: At miljøa der talentutvikling skjer – med trenarar i spissen – kan gjere mykje for å dempe risikoen for svekkja psykisk helse, trivsel og motivasjon.

Unge hornblåsarar i gata
Unge musikarar kan ha mykje moro, men òg her vil alvor og prestasjonsangst slå inn for mange. Her ei gruppe frå Barratt Due musikkinstitutt. Ill-foto: Thea Gunnes

 

Gode tankesett

  • Ugunstige motivasjonsprosessar: Prosessar der til dømes ein ungdom blir driven av ytre styrte og kontrollerande krefter som i det lange løp er usunne og kan gå utover den mentale balansen og helsa.
  • Det kan til dømes vere ein jakt på det perfekte, førestillingar om høge forventningar frå andre eller andre former for indre eller ytre press.
  • Sunne motivasjonsprosessar: Når nokon blir driven av eigen entusiasme og kjennar seg i førarsetet for si eiga utvikling.

Haraldsen seier gunstige motivasjonsprosessar er særs viktig for læring, utvikling og personleg vekst. Utvikling av talent avheng ikkje berre av kunstnarleg og sportsleg kompetanse hos utøvaren. Ho er òg avhengig av god motivasjon og gode mentale tankesett; det påverkar korleis utøvarane har det psykologisk. Det å avdekke og eliminere faktorar som truar ein god utvikling er viktig.

 

Er meir meistrar enn lærarar

– Ein del lærarar eller instruktørar innan både kunstutdanningane og nokre idrettar har ein veg å gå, konkluderer Haraldsen.

Ho seier dei jamt over arbeider på ein meir autoritær og kontrollerande måte enn dei andre – som på si side støtter utøvarane og deira eigne initiativ meir.

– Biletet er ikkje svart-kvitt, men kunstlærarane skårar jamt over litt dårlegare på lærarstil. Litt forenkla sagt er lærarane her først og fremst kunstnariske meistrar meir enn lærarar eller trenarar. Utøvarane har stor respekt for dei og kjenner på eit stort press: Dei må leve opp til høge forventningar om dei skal komme igjennom det tronge nålauget.

«Skal vere tøft»

Hardkjøret generelt og press frå læraren eller trenaren saman med det perfeksjonistiske, går utover den mentale helsa til utøvarane: Det forsterkar dei ugunstige motivasjonsprosessane og kan slå ut i tvil, negative kjensler, fysisk og psykisk utmatting, prestasjonsangst og anna.

Men òg utøvarane sjølv står for mykje av presset; mange av dei vil sjølv ha det slik, både innan idrett og kunsten.

– Det skal liksom vere tøft og hardt. Om treningane er for snille, drar ungdommane heller til England eller Russland og oppsøkjer meir ekstreme talentmiljø.

Ballett-bein langs bommen
Det perfekte sit i detaljane, og ein kjem ikkje unna terping, terping og atter terping. Foto: Shutterstock

 

Spesialisering eller leik

Talent innan kunst og idrett blir alt fram svært ulikt. Spesialiseringa startar tidlegast innan ballett, der sjølv små barn deltar i profesjonalisert og lærarstyrt opplæring med terping på teknikk og kritisk tilbakemelding heilt frå ung alder. Det er lang tradisjon for dette innan dans og musikk, og særleg innan dei klassiske variantane, altså innan klassisk musikk og ballett.

Til samanlikning utset idretten spesialiseringa. Idretten er mest leik, han består av foreldredrivne aktivitetar med mykje meir sosial støtte for dei yngste, til dømes på løpebanen eller i langrennssporet.

Forsking syner at denne framgangsmåten er både sunnare og betre for å dyrke fram talent.

– Noko av skilnadene som kjem fram i forskinga mellom idrett og utøvande kunst ligg truleg i denne kulturforskjellen, meiner Haraldsen.

Perfeksjonistar med låg sjølvkjensle

Kva kjenneteiknar så utøvarane som fortel om ugunstige motivasjonsprosessar, dei Haraldsen har studert mest inngåande?

Utøvarane deler seg i tre grupper, dei har ulike historier å fortelje om kvifor dei opplever ugunstige motivasjonsprosessar. Innan idretten og kunsten er dette svært likt.

For den eine gruppa, "perfeksjonistane", er nettopp perfeksjonismen problemet; at dei er gode, kjem av at dei gjerne trenar svært hardt for å unngå å mislukkast fordi dei lèt sjølvkjensla avhenge av kva dei presterer. Ved nederlag står eigenverdien deira på spel.

Pliktkjensle

Hos den andre gruppa, som er mindre perfeksjonistiske, kjem dei ugunstige motivasjonsprosessane gjerne av at dei har vore uheldige nokså nyleg, med sjukdom eller ein skade. Det er tøft å takle, men dei er likevel meir mentalt robuste fordi dei har eit betre tankesett rundt utviklinga si enn dei i den første gruppa og taklar motgangen betre.

Den tredje og siste gruppa har ein motivasjon utanfrå: Dei har starta og held framleis på meir av pliktkjensle eller for å leve opp til forventningar frå foreldre eller lærar, enn for seg sjølve. Dei kan øve jamvel 30 timar i veka fordi dei allereie har investert så mykje og ikkje har utforska andre utvegar.

– Dette kan vere ei bakside av tidleg spesialisering. Dei har inga plan B.

To på rulleski i tåka
Skiløping er mykje meir prega av leik - og ofte òg drive av foreldre. Foto: NIH

 

Jenter og dansarar på kanten

Tenåringane som siktar mot toppen innan både kunst og idrett er ambisiøse; dei jobbar svært målretta for å bli gode. Det aller fleste er bevisste på dette, og dei taklar presset bra.

Likevel syner undersøkinga at kunstutøvarar og jenter generelt er meir sårbare enn gutar og idrettsutøvarar, påpekar Haraldsen.

Trenaren som buffer og løysing

Ifølgje Heidi M. Haraldsen ber trenaren på noko av løysinga på desse problema. Ho meiner relasjonen mellom dei og utøvarane er heilt avgjerande.

– Om trenaren både anerkjenner utøvarane sin eigenart og set han i sentrum, og samstundes unngår å presse, kontrollere eller manipulere dei, vil han eller ho fungere som ein buffer eller skjold mot dei potensielle problema. Da kan han eller ho halde dei sårbare sidene hjå utøvarane i sjakk. Talenta vil bløme, og fråfallet bli mindre, ifølgje motivasjonsforskinga.

– Men om nokon skal bli verkeleg god, kan ikkje trenaren vere berre mjuk heller?

– Det er ein fin balanse mellom krav, struktur og støtte som trenaren må finne om ikkje ungdomane skal risikere å pådra seg mentale problem. Ein må hugse at utøvarane sjølv er viktige for si eiga læring og utvikling, det er ikkje noko ein kan tvinge eller true fram. Trenaren må tenkje bredt, ikkje berre teknikk, detaljar og prestasjon, meiner Heidi M. Haraldsen.

– Derfor må ein trenar ikkje berre vere idretts- eller dansekunnig, men òg vere ein god motivator og pedagog. Dei må hugse at det er menneskje dei arbeider med, ikkje maskinar.

 


 

Disputasen 17.12 er open for alle.

LES artikkel 2 frå avhandlinga
om kva rolle lærar og trenarstil har for opplevinga av ugunstige motivasjonsprosessar:
"Thriving, Striving, or Just Surviving? A Study of Motivational Processes among Elite Junior Performers from Sports and Performing Arts" (engelsk)

Meir om prosjektet...

 

Heidi Marian Haraldsen:

  • Utdanna dansekunstnar og dansepedagog med hovudfag i pedagogikk om «Det estetiske mennesket».
  • Har drive ballettskole og dansekompani for ungdom i over 15 år og utvikla læreplanar i dans for vidaregåande skole.
  • Studieprogramansvarleg for praktisk-pedagogisk utdanning i dans og teater ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Meir...