Freestyle-køyrarar triksar seg til hovudskadar

Éin av tjue freestyle- og snøbrett-køyrarar på toppnivå får ein hovudskade i løpet av sesongen. - Det kan sjå ut til at hopping og triks er meir risikabelt enn høg fart åleine, seier forskar Sophie Steenstrup.

gutt på snowboard
Nesten kvar fjerde hovudskade er alvorleg, viser ny forskning om skadane blant World Cup-køyrarar i alpint, freestyle og snøbrett Foto: NIH

I ein doktorgrad har Sophie Steenstrup ved Norges idrettshøgskole sett på skadane blant World Cup-køyrarar i alpint, freestyle og snøbrett. Freestyle omfattar disiplinane kulekøyring, aerials, skicross, halfpipe og slopestyle.

- Mange hadde nok venta at dei fleste hovudskadar skjer i alpint, på grunn av farta. Men våre data viser at freestyle-køyrarar er meir utsette. Skadane heng ikkje berre saman med høg fart, men også med hopping og triks, seier Steenstrup.

Ho har studert data frå Det internasjonale skiforbundet som omfattar sju World Cup-sesongar. Medan 5,7 prosent av freestyle-køyrarar har fått hovudskader per sesong, er talet for snøbrettkøyrarar 5,0 og for alpinistar 3,5.

Kvar fjerde skade er alvorleg

Dei fleste skadane i denne typen vinteridrett er kne- eller leddbandskadar, som korsbandskadar. Men også brotskadar og hovudskadar skjer relativt ofte. Ifølgje Steenstrup sine data utgjer hovudskadar mellom 10 og 13 prosent av skadane.

- Dei fleste hovudskadane er lette hjerneskakingar. Men nesten kvar fjerde hovudskade er alvorleg. Desse skadane kan vere tragiske, seier Steenstrup.

Definisjonen av alvorleg inneber at utøvaren må vere vekke frå trening eller konkurranse i over 28 dagar.

For alpinisten Aleksander Aamodt Kilde tok det vel ein månad før han var tilbake etter at han i oktober 2017 slo hovudet i kneet på trening og fekk hjerneskaking. I avisa Budstikka omtala han det som «eit komisk fall».

- Men denne måten å falle på har vi faktisk observert i eit par videoar vi har analysert også, så heilt uvanleg er det ikkje, seier Steenstrup.

Fell med hovudet til slutt

Ein del av forskingsprosjektet har vore å analysere videoopptak av dei hovudskadane som har inntreft i World Cup-renn dei siste ti åra. Her såg Steenstrup og kollegaer at utøvarar i alle dei tre greinene har det med å falle på same måte:

- Dei landar på skia eller brettet først, så følgjer armar og bein. Så slår dei bekkenet eller rumpa ned i snøen, så ryggen, og til slutt hovudet. Dei landar altså ikkje på hovudet først, forklarer ho.

Steenstrup hadde sjølv ikkje venta at denne måten å falle på var såpass vanleg i alle dei tre disiplinane. Dette var eit viktig funn.

Tryggare hjelmar?

- Det er viktig særleg for forskarar som skal konstruere hjelmar. Du kan ikkje putte ein hjelm på eit menneske, slå personen i hovudet og sjå kva som skjer. Hjelmforsking skjer berre i laboratorium, og da er det ein fordel om forskarane veit kva måtar som er mest vanlege å falle på, seier ho.

I dag blir kriteria for hjelmtesting bestemte utan kunnskap om korleis utøvarane fell. Ein manglar også kunnskap om kva fart og kor sterke krefter som er involvert.

Då Steenstrup og kollegaer undersøkte kva fart hjelmar støyter mot underlaget med, såg dei at heile 11 av 13 registrerte støyt hadde ei høgare fart enn det som er standard i hjelmtesting i dag. Her analyserte forskarane 11 fall, med totalt 13 hjelmstøyt.

Veit ikkje nok om snøen

Det forskarane manglar kunnskap om, er snøen sine eigenskapar i dei tilfella dei har analysert.

- Om snøen er hard eller mjuk betyr mykje for kor hardt slaget blir. Dette er ei svakheit ved vår studie. Vi veit heller ikkje nok om korleis verkelege skadesituasjonar, der hjelmen treff snø, relaterer til hjelmtesting i laboratorium. Derfor foreslår vi at hjelmar skal testast ute, på World Cup-preparert snø.

Også bakkane kan bli tryggare

Meir kunnskap om skadar og fall kan gje tryggare hjelmar, og også tryggare bakkar, ifølgje Steenstrup.

- I videoanalysane har vi sett at hovudskadane i alpint ofte skjer i svingar. I freestyle- og snøbrett-køyring skjer skadar helst under hopp og bruk av andre element. Vidare forsking må sjå på korleis hopp, løyper og element er konstruerte. Kanskje kan ein gjere noko for å trygge bakkane.

Akkurat no har ikkje forskarar svaret på kva tiltak som bør gjerast, men her bør Det internasjonale skiforbundet støtte vidare forsking, meiner Steenstrup.

Kan gjelde fleire enn toppidrettsutøvarar

Sjølv om ho har studert utøvarar på toppnivå, trur ho at forskingsresultata også er relevante for andre samfunnsgrupper.

- I dei aller fleste skisenter er det i dag område med hopp, halfpipes og terrengparkar, som alle som vil kan køyre på. Vi har ikkje sett på korleis vanlege folk fell og slår hovudet, men det kan tenkast at mekanismane er ganske like, seier ho.

Sjølv om World Cup-utøvarar vil ha høgare fart og gjere større og meir vanskelege triks, oppstår hovudskadar også i vanlege skibakkar.

- Viss vi får meir forsking på hoppkonstruksjon og korleis landingane kan bli tryggast muleg, vil funna kunne føre til tiltak også på lågare nivå. Kanskje kan vi her hindre skadar blant vanlege ungdommar og vaksne. Men akkurat no veit vi veldig lite, for det finst lite forsking på dette feltet, seier Sophie Steenstrup.