Færre døyr av kreft og hjarte- og karsjukdom før 70 års alder

Sidan 2010 er dødsfall av ikkje-smittsame sjukdomar før fylte 70 års alder redusert med 18 prosent. Det er nedgangen i hjarteinfarkt- og kreftdødsfall som gjer størst utslag.

Fra treningssalen med "Aktiv mot kreft".
Fra treningen til "Aktiv mot kreft"/ Foto: NIH

I Noreg gjekk talet på tidlege dødsfall ned frå 257 per 100 000 innbyggjarar i 2010 til 211 i 2015, noko som tilsvarar 18 prosent nedgang.

- Vi er derfor på god veg til å nå målet om 25 prosent nedgang innan 2025, seier Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet.

Dei ikkje-smittsame sjukdomane er den viktigaste årsaka til tidleg død blant vaksne i både rike og i mange fattige land. Med «tidleg død» meinast det her dødsfall før fylte 70 år. Dei ikkje-smittsame sjukdomane som inngår i statistikken, er kreft, hjarteinfarkt, hjerneslag og andre hjarte- og karsjukdomar, diabetes og lungesjukdomen kols.

Ni mål i kampen mot ikkje-smittsame sjukdomar

Verdas helseorganisasjon (WHO) vedtok i mai 2012 eit mål om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 25 prosent i perioden 2010 til 2025. I tillegg er det åtte andre mål. Dei ni måla blir ofte omtalt som NCD-måla. NCD står for noncommunicable diseases - ikkje-smittsame sjukdomar.

Fedme ei stor utfordring

- 18 prosent nedgang i tidleg død frå 2010 til 2015 er bra, men vi må ikkje la det bli ei sovepute. Ei utfordring for Noreg kan vere at vi allereie no har tatt ut nokre effektar ved at mange har slutta å røyke. Spørsmålet er om vi får ein ytterlegare nedgang i åra framover, påpeikar Stoltenberg.

- Fleire av dei andre NCD-måla, blant anna målet om å redusere fedme, er ei stor utfordring for folkehelsa og krev ein vedvarande innsats, seier Stoltenberg.

Positiv utvikling for sju av ni mål

WHO har sett opp ni mål for å kjempe mot dei ikkje-smittsame sjukdomane. I tillegg til å redusere tidlege dødsfall før fylte 70 år, som er mål nummer ein, er målet å redusere dei fire viktigaste felles risikofaktorane:

  • Tobakksbruk
  • Usunt kosthald
  • Fysisk inaktivitet
  • Høgt alkoholforbruk

Det er òg andre mål som gjeld blodtrykk, fedme og tilgang til behandling for alle som treng det.

Noreg har utarbeidd ein eigen nasjonal NCD-strategi for perioden 2013-2017. No er det planar om å lage ein oppfølging av denne. Status for Noreg er at utviklinga synest å vera positiv for sju av dei ni måla. For eitt mål har vi ikkje klart å snu utviklinga, tvert imot går det i feil retning. Det gjeld målet om å stanse auken i fedme og diabetes. For eit anna mål, redusert salt i kosthaldet, har vi førebels ikkje data som viser utviklinga over tid.

- At utviklinga er positiv for sju av ni mål, tyder på at Noreg stort sett er på riktig veg. Vi må likevel følgje utviklinga tett. På fleire område treng vi betre talgrunnlag over tid. Det gjeld til dømes tal for fysisk inaktivitet blant barn og saltinntaket i befolkninga over tid, seier områdedirektør ved Folkehelseinstituttet, Knut-Inge Klepp. Det er òg eit spørsmål om vi vil få ei negativ utvikling på enkelte mål på grunn av den aukande andelen vaksne med fedme.

Han legg til at dei ni NCD-måla dessutan berre er eitt av fleire bilete på helsetilstanden i befolkninga. For Noreg vil det vere viktig å følgje med på om den positive utviklinga skjer i alle sosiale lag, eller om vi går i ei retning mot større sosiale helseforskjellar.

Nasjonal gruppe

I Noreg er det etablert ei nasjonal gruppe som har samla og presentert data om dei ni måla. Frå Noregs idrettshøgskole deltek  Sigmund Alfred Anderssen og Ulf Ekelund

For media

For Noregs idrettshøgskole/Folkehelseinstituttet: Ulf Ekelund, e-post: ulf.ekelund@nih.no