Skikurs på Ål

For fyste gong i historia ble det arrangert skikurs for førsteårs-studentane på Ål med slalåm og langrenn på timeplanen annankvar dag.

Gode langrennsforhold på Ål-fjellet. Foto: Thomas Losnegard

Idrettsstudentane på første året har til vanleg hatt langrennskurs over fleire veker i sitt næraste nabolag – snøparken og Nordmarka.

Grunna lite snø i Oslo dei siste vintrane og eit ønske om å ha meir intensiv undervisning i langrenn, ble undervisninga dette året slått saman med det tradisjonelle alpinkurset på Ål.

Fire klassar og totalt rundt 125 studentar reiste til Ål i ei veke, til saman to veker med undervisning delt på to studentgrupper á 2 klassar.

Lange dagar i spor og bakke

Studentane delte seg i grupper ut frå dugleik og erfaring, og hadde undervisning i langrenn og alpint annankvar dag i sju dagar.

-  Vi var litt usikre på om opplegget totalt sett skulle vere for belastande for studentane, fortel skilærar og førsteamanuensis ved Seksjon for fysisk prestasjonsevne, Thomas Losnegard.

NIH-student Paul Josef Norheim avkreftar dette. - Opplegget med langrenn og alpint annanhvar dag fungerte heilt fint, forsikrar han. Visst ble vi trøtte, men det var vi førebudde på. Dei fleste hadde overskot til ein dagleg restitusjonsøkt i bassenget på hotellet eller på squashbana. Nokre nytta og høve til kveldskøyring i alpinbakken.

Dagane i alpinbakken ble nytta mellom klokka ni og fire, med ei teoriøkt kvar kveld. Dagane i langrennssporet var delt i to med teoriundervisning imellom.

- Eg trur alle var godt nøgd med det faglige innhaldet på kurset. Alle hadde noko å lære og forbetre. Thomas og Per er erfarne instruktørar og pedagogar som saman med trenarstudentar laga gode rammer for utvikling og læring, fortel Paul Josef. 

NIH-studentar preppar ski

Ein del av kurset var preparering av ski. Foto: Thomas Losnegard

Ål som skidestinasjon

-  Vi har gode erfaringar med alpinanlegget i Ål, seier alpinlærar og universitetslektor ved Seksjon for fysisk prestasjonsevne, Per Haugen.  Utforminga av skisenteret er svært godt tilpassa trening og undervisning og med stor velvilje frå skisenteret sin side kan vi setje løyper/løypemodellar og på den måten skape ein god arena for læring.

Det viste seg at også vilkåra for langrenn var særdeles gode på Ål.

-  Med mildvær og  regn i Oslo desse to vekene, var det flott å opphalde seg på fjellet med sol, snø og godt skiføre,  legg Thomas til. Vi tok skiheisen til fjells kvar morgon, gjekk turar og trena teknikk oppe på høgfjellet. Dei aller fleste tok utfordringa med å renne ned alpinbakken på langrennsski.

Motiverte og dyktige studentar

På spørsmål om dugleiken på ski hos NIH-studentane, svara Thomas slik. – Eg opplever at dei aller fleste er gode til å gå på ski. Sjølvsagt er det stor variasjon, som det er i andre idrettar. Studentane valde sjølv i kven gruppe dei ville vere i, frå potensial  til ekspert, noko som fungerte bra.

Også Per skryt av studentane. – Innsatsen og pågangsmotet var imponerande noko som raskt resulterte i nye tekniske ferdigheiter. Dette vart særs synleg når studentane såg tilbake på videoar av seg sjølve, og det var ikkje sjeldan at dei drog på smilebandet av eigne prestasjonar frå dei fyrste dagane.

-  Det som imponerte meg mest var at alle var så lærevillige. I løpet av dei to vekene høyrde eg ikkje ein som klaga. Og det til trass for at det enkelte dagar kom mykje snø og forholda var tunge både i sporet og i bakken, legg Thomas til.   

Årets høgdepunkt

- Steminga var god gjennom heile veka, seier Paul Josef.  For mitt vedkommande er Ål-veka  årets høgdepunkt! Vi er godt kjende med kvarandre i klassen. Gjennom veka på Ål ble vi og godt kjende med den andre NIH-klassen.  

- Eg var nok litt skepktisk til Ål før vi drog, og tenkte at Geilo hadde vore betre, innrømmer Paul Josef. Men med omsyn til rammar for kurset var forholda godt tilrettelagde. Og det var heilt topp å ha fjellet for seg sjølv!

Bilete av NIH-student på langrennski

Kjekt å ha fjellet for seg sjølv på vekedagane! Foto: Thomas Losnegard

 

Les blogginnlegg til NIH-student på skikurs