Gje langrenn tilbake ein moral

Verken Klæbo, Bolsjunov eller Iversen fortener gullet på femmila i VM.

Klæbo og Bolsjunov kjempar tett side om side i innspurten medan Emil Iversen kjem bak
Johannes Høsflot Klæbo og Aleksandr Bolsjunov i klinsj under innspurten på VM-femmila i Oberstdorf 7. mars. Emil Iversen var nummer tre, men vann gull etter at Klæbo vart diska og Bolsjunov hadde knekt staven. Foto: Skjermdump frå NRKs nettspelar

Den juridiske striden etter VM-femmila er endeleg over. Johannes Høsflot Klæbo og skiforbundet i Norge har trekt anken etter at nordmannen blei diskvalifisert frå gullet, og både han og sølvvinnaren Alexandr Bolsjunov kan slikka sine sår.

Underleg nok sit Emil Iversen, som vel ville blitt nummer tre utan stavbrotet til russaren, att med gullmedaljen.

Gudmund Skjeldal portrett
Gudmund Skjeldal er stipendiat i idrettshistorie ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH. Foto: NIH

Men ingen av dei tre burde tatt imot eit gull etter den ulukkelege slutten på verdsmeisterskapen.

Premiepallen skulle ha stått naken.

Ingen vil vel vinna ved å beint fram øydelegga for konkurrenten.

Det kan det vera opplysande å sjå seg lenger tilbake. Idrettshistoria har nokre hendingar for evigheita.

  • Fotballproffen Arne Larsen Økland sa ifrå seg eit mål han fekk tilkjent mot Bayern München i 1981 – fordi det ikkje var eit skikkeleg mål.
  • Tennisspelaren Mats Wilander bad om at motstandaren skulle få spela matchballen om igjen, endå dommaren hadde dømt ballen ut, og Wilander var tilkjent sigeren i semifinalen i storturneringa French Open. Dette hende i 1982. Wilander var berre 17 år gammal.
  • Og broren til ein av oss, Kristen Skjeldal, gav drikka si til ein annan løpar på ei femmil i Holmenkollen i 1991, fordi motstandaren hadde mista begeret sitt.

Tom premiepall

Korleis ville premiepallen sett ut etter femmila i Oberstdorf dersom idrettsmoralen fekk rå? Den som handlar om fair play, og ikkje berre om å følgja reglane og jussen?

1 - Johannes Høsflot Klæbo

...ville ha sagt ifrå seg gullet fordi han knekte staven til den argaste motstandaren sin.

Visseleg var det ikkje Klæbo sitt ønske at Bolsjunov skulle knekka staven på oppløpet, men Klæbo kom for tett opp i han; han prøvde å gå heilt på ytterkanten mot stadionsperringane; han var ikkje så rask at han kunne velja spor og bane heilt fritt.

Russaren fekk den tynne og sprø staven i spenn fordi nordmannen pressa seg fram.

Og ingen har vel lyst å sigra i ein spurt der konkurrenten stakar med ein broten stav – som du har øydelagt.

2 - Aleksandr Bolsjunov

...ville ikkje tatt i mot eit gull, heller.

Bolsjunov blei for ivrig i kampens hete, det må han vedgå etterpå. Han pressa Klæbo ut mot sperringane; han visste kva han gjorde; han hadde sett ein finne gjera det same i verdscupen i Lahti i vinter.

Om det var lov, var det ikkje rett å hindra eller forlenga eller obstruera spurten til motstandaren slik.

Og ingen vil vel vinna ved å beint fram øydelegga for konkurrenten.

3 - Emil Iversen

...ville ikkje tatt i mot gullet, han heller.

Kven vil sigra når han ser at rivalen ikkje kan staka med to stavar – slik som han sjølv kan?

Kven vil ha så store fordelar at det ikkje er tale om ein likeverdig konkurranse lenger?

Kven synest då at å stå på førsteplassen på premieplassen er noko stas?

Å takka nei til gullmedalje på VM-femmila ville vore den aller største bragda.

Styresmaktene i langrenn ser ut til å ønskja seg konkurransar der kaving og kiving og konfliktar oppstår.

Heltar for framtida

Vi veit at mange utøvarar ikkje lever etter ein slik tanke. Dei juksar på mange tenkjelege, og utenkjelege vis.

  • Johann Mühlegg frå Spania prøvde å stikka frå dopingjegerane i 2002. Ein tennisspelar skreiv ei bok som heitte Winning ugly (1993).
  • Profesjonelle fotballspelarar rullar rundt på graset i desperat liksom-smerte, for at motspelaren skal bli vist ut.

Men det er ikkje dette som er tanken med konkurranseidrett!

Ideen er at ein stiller likt på start: Måtte den beste vinna. Køyr slik du vil dei andre skal køyra. Spel slik du vil dei andre skal spela.

Du unner såleis ikkje deg sjølv fordelar du ikkje unner dei andre. Å følgja reglane er ikkje nok.

Fair play eller idrettsjuss

For moderne langrenn er dette med fair play blitt ris til eigen bak. FIS, altså det internasjonale Skiforbundet, har rigga til så mange konkurransar der tilfeldigheitene, stavbrekka og uhella få rå.

Fellesstartar er ein risikabel idrett med sti og stavar og mange løparar i eit felt. Det same gjeld sprintar. Dei juksar på mange tenkjelege, og utenkjelege vis.

Styresmaktene i langrenn, nasjonalt og internasjonalt, ser ut til å ønskja seg konkurransar der kaving og kiving og konfliktar oppstår. Det er liksom det spennande.

Så skal ein liksom løysa flokane med reglar og juss og ankeinstansar etterpå.

Mykje av idrettspressa er ikkje særleg betre. Framfor herrestafetten las vi ein journalist i Aftenposten som ønska seg eit nytt stavbrekk, slik som det med Oddvar Brå og Alexander Savjalov i 1982.

Han meinte det er slikt som fenger ungdommen.

Men då har vi lyst å minna om tolvåringen Kasper Dahl Opheim. Han spela i 2016 på gutelaget Lyngbø i Bergen. Han fekk idømt eit straffespark til fordel for seg, men han nølte. Han fekk ei dårleg kjensle; han tykte at han sjølv hadde falle altfor lett i duellen der dommaren hadde blåse.

Då Opheim tok straffesparket, skaut han langt utanfor mål – med vilje.

Det er slike heltar som idretten treng.


 

Innlegget er skrive av Gudmund Skjeldal og Geir Skari saman.

  • Gudmund Skjeldal er tidlegare eliteskiløpar, no stipendiat i idrettshistorie ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH
  • Geir Skari  er tidlegare eliteskiløpar

Kronikken er først publisert på NRK Ytring