Fjernsyn og tvisyn: Skal ein sitja framfor svart skjerm under fotball-VM i Qatar?

Ein kan sanneleg spørja seg om ein bør boikotta sportslege storhendingar av politiske grunnar. Kva ein vil med boikotten, og kva ein får ut av han, er ikkje alltid så lett å seia.

Konsepttegning, World Cup logo over et bilde av fjernsynstøy
Skal du sjå på VM i Qatar? Eller har du ikkje lyst? Illustrasjon: NIH

Dei ikkje-intenderte konsekvensane, altså kva ringverknader boikotten skaper som ein ikkje hadde tenkt på, bør også med i reknestykket. Kan henda blir den ramma motparten arg, og lukkar seg endå meir for dei omsyna eller verdiane ein sjølv vil ha fram. Kan til dømes ein norsk boikott av russiske skiløparar som Alexander Bolsjunov og Veronika Stepanova føra til at sportselskande russarar samlar seg meir rundt sitt eige flagg, endå så blodstenkt som det er? Kan boikott av VM i Qatar få den effekten at regimet der går meir i vranglås når det gjeld rettane for arbeidsfolk, og for ulike slag minoritetar?  

Den norske boikotthistoria

Norge – om ein kan snakka om dette langstrekte landet i eintal – har si veldig lange historie av å debattera, og faktisk boikotta, ulike internasjonale idrettsarrangement. Vedtaket til det internasjonale skiforbundet (FIS) om å stenga ute russiske utøvarar (på alle nivå) frå konkurransar ut sesongen 2021-2022 kom mykje på bakgrunn av presset frå Norges Skiforbund (NSF) og dei lokale World-Cup-arrangørane i Drammen og Holmenkollen i mars 2022, endå om FIS begrunna boikotten i omsynet til sikkerheita for utøvarane sjølve.

Det ekstraordinære fotballtinget som Norges Fotballforbund (NFF) heldt sommaren 2021, skjedde fordi ein grasrotaksjon av klubbar (vel med Tromsø IL aller først) spurde seg (og i siste instans FIFA) om ein verkeleg ville lata landslag frå heile verda spela på stadion der mange gjestearbeidarar hadde slitt og døydd. Dei ulike klubbane i Norge sette boikottaksjonen presist og heilt på spissen: Kan NFF verkeleg gå god for at herrelandslaget vårt skal leika på gravplassar?

No vedtok det ekstraordinære tinget som kjent at ein ikkje skulle boikotta VM direkte. Sigmund Loland, professor i idrettsfilosofi og idrett og etikk her ved Norges idrettshøgskole (NIH), skreiv ein viktig rapport («Store idrettsarrangement og menneskerettigheter: begrensninger og muligheter»[i]) for det utvalet som NFF hadde sett ned. Loland løftar fram den forskinga som finst internasjonalt på nettopp effektane av ulike typar boikottar og sanksjonar, og er såleis vel verdt å lesa.  

I 1980 vedtok idrettstinget (den gongen var NIF uavhengig av Norges Olympiske Komite) å ikkje ta del i sommar-OL i Moskva, på grunn av Sovjetunionens invasjon i Afghanistan året før. Fleirtalet var relativt knapt. I 1969 blei alle landa i den såkalla Warszawa-pakta, minus Tsjekkoslovakia, nekta å ta del i skifestivalen i Holmenkollen, dette på grunn av Sovjetunionen hadde knust Praha-oppstanden i 1968 med stridsvogner og militær makt. Dei aller beste friidrettsutøvarane i Norge, så som Arne Kvalheim, saman med både svenskar og danskar, bestemte seg det same året 1969 å boikotta EM i Aten, i protest mot korleis militærjuntaen i Hellas for fram mot folket sitt (med tortur og fengslingar). Faktisk var det ganske mange aviser og kringkastingsselskap i Skandinavia som nekta å rapportera frå den same meisterskapen.

Idrettsstreik

Den mest kjende norske idrettsboikotten er kva ein nemnde som «idrettsstreiken» frå seint i 1940 til våren 1945, i protest mot kneblinga av idrettsdemokratiet under rikskommisær Josef Terboven (og Adolf Hitler bakom han igjen). Den olympiske meisteren Birger Ruud blei fengsla, fordi han ikkje ville samarbeida med, eller tevla i hoppbakkar under, dei nazistiske makthavarane. Idrettshistorikarane Matti Goksøyr og Finn Olstad har skrive ei særs grundig bok om denne aller viktigaste perioden i norsk idrett, og kalla henne Skjebnekamp (2017).

Den aller første idrettsboikotten i Norge skjedde i 1905, i protest mot at svenske politikarar hadde kortslutta forhandlingane om eigne norske konsulat i utlandet. Det som kanskje såg ut som triviell utanlands-politikk frå Sverige, fekk enorme dimensjonar av demokrati, fridom og uavhengigheit i Norge. Komiteen som skulle organisera den nokså offisielle norske troppen til Nordiska Spelen i Stockholm (februar 1905) la såleis ned arbeidet sitt. Avisene i Kristiania dreiv i stor grad fram denne trongen til, og argumentasjonen for, idrettsboikott.

Likevel kalla verken komiteen eller avisene (Dagbladet, Morgenbladet, Aftenposten) beslutninga for ein direkte boikott, og dei grunngav avgjerda si i ei djup kjensle av sorg. Dei hadde ikkje lyst å leika med ein «bror» som var så svikefull. Dei orka ikkje tenka på leik når dei var i ein tilstand av «nedstemthed af alvorligste art».

Redda si sjel

På ein måte liknar kjenslene og reaksjonen den gongen kva mange i Norge har sagt om VM i Qatar no i haust: Eg orkar ikkje sjå på. Eg har rett og slett ikkje lyst. Og kanskje handla det om, både den gongen tidleg i 1905, og no seinhaustes 2022, at ein vil redda sjela si, biletleg tala. Ein har ikkje lyst å gløyma så lett det som ein moralsk sett plagast av. Ein har ikkje hug å bli riven med av tv-sendingane til TV2 og NRK, og kanskje av stemningane på pubane rundt om i landet, slik at ein gløymer dei mange ihelslitne og døde arbeidarane, som laga dei sikkert flotte fotballstadiona rundt omkring i Qatar. Og ikkje vil ein tilgje FIFA for å ha lata seg bestikka til å legga eit fotball-VM til desember månad.

Kor vidt ein skal kalla slike private aksjonar for boikottar, skal få ligga. Og kva dei fører til, eller hjelper mot, skal ikkje vegast eller målast her. Å villa redda si eiga sjel, om ein kan kalla det det, må vera ein heilt legitim grunn til å halda tv-skjermen svart. På same måten som det må vera heilt greitt om ein har lyst å følgja med på kven som vinn, Danmark eller England eller kanskje Iran (eller kanskje ikkje). 

Norges idrettshøgskole har for sin del (som institusjon) ikkje teke noko stilling til boikott-spørsmålet for denne store fotballmeisterskapen. Ved tidlegare høve, så som OL i Sotsji i 2014, feira NIH med eigen blogg (som til og med rektor Lars Tore Ronglan var med på), og fjernsynsskjermane rundt om på huset formidla tevlingane dei vintervekene leikane stod på. Slik blir det nok ikkje i november og desember 2022. NIH vil ikkje «tvinga» nokon til å måtta følgja med, eller ikkje kunna unngå kampane i Qatar, anten dei no er studentar eller tilsette eller gjestar.

Ved opningskampen mellom England og Iran (21. nov) feirar vi først og fremst Matti Goksøyr, som snart er til vegs ende i si lange forskar- og undervisningskarriere her på NIH. Han skal gje sitt tvisyn, opplyst av historia, om idrettshendingar verkeleg bør boikottast.

Referanser 

Norges fotball forbundet (NFF): Qatar-utvalgets rapport, 18. may 2021. (fotball.no)