Dette er nye NIH

Europas flottaste campus for idrettsutdanning har opna på Sognsvann. Nye NIH har blitt ein framtidsretta campus som legg vel til rette for undervisning og forsking.

Tysdag 27. februar blir Norges idrettshøgskole offisielt opna av forsknings- og utdanningsminister Iselin Nybø. NIH er teikna av arkitektkontoret Pran & Torgersen og stod ferdig i 1968. Svømmehallen er totalfreda, mens eldre bygg er verna utvendig. I 2009 blei det klart at ein stor del av bygningsmassen trong rehabilitering og fornying. Etter detaljprosjekteringa starta Statsbygg med rehabiliteringa av NIH i 2015. 

Freda bygg

Prosjektet omfatta totalrehabilitering av om lag 16 000 m2 bygningsmasse og 1450 m2 nybygg. Ambisjonen har vore å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane, betra energieffektiviteten, funksjonaliteten og tilgjenget, slik at ein kjem opp til dagens standard. Fordi bygningen er freda, har det vore tett dialog med Riksantikvaren under heile rehabiliteringsprosjektet.
Totalrehabiliteringa av NIH har kosta omlag ein milliard kroner.

Miljøvennleg campus

I prosjektet inngår òg bygging av ein energibrønnpark på ca. 100 energibrønnar, som i kombinasjon med varmepumper skal dekkje meir enn 50 prosent av varmebehovet på skolen.
Alle vindauga og fasadane av store glasfelt med sprosser av aluminium er skifta ut for å redusere energibehovet til bygningane ned mot dagens standardar. Fordi fasadane er verna eller freda, er nye fasadar og vindauge visuelle kopiar av opphavlege løysingar. Trevindauga er òg kopiar av originalvindauga, men med trelags glas. Mesteparten er utført med persienner som er integrerte i glaset. Gymbygga har fått nye vindaugsareal i underetasjen, noko som gir betre lysforhold i treningssenteret og spinningrommet. Det er lagt utvendig drenering og isolasjon i sokkeletasjen. Betongen i bygga er òg rehabilitert. Dei mørkegrå glasplatene i fasadekledningen er verna, så dei blei reinsa for asbest før dei blei sette på plass igjen.

Bygg som er totalrehabilitert

• Svømmehall
• Undervisningsrom og aktivitetssaler
• Lesesal
• Kantine
• Treningssenter tilknytta laboratorium
• Garderobar
• Auditorium

 Her kan du sjå dagbok frå prosjektet.