Disputas: Helse som didaktisk fenomen i kroppsøvingsfaget

I kva grad er helse ein del av undervisninga til kroppsøvingslærarar? Tar dei det for gitt at elevane lærer om helse når dei har fysisk aktivitet?

Informasjon

Dato

15. juni

Sted

NIH, auditorium Innsikt

Tid

kl.10:15

Om

Dette er nokre av spørsmåla Hanne Herigstad Mong gir svar på i doktorgrada si. 

  • Hanne Herigstad Mong er stipendiat ved institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier.
  • 15.juni forsvarer ho avhandlinga si: "Helse som didaktisk fenomen i kroppsøvingsfaget. En multimetodisk studie om undervisning om helse på ungdomstrinnet." på Noregs idrettshøgskole. 

Temaet for avhandlinga er undervisning om helse i kroppsøvingsfaget. Helse har over lang tid vore ein del av faget som det har blitt vektlagt at elevane skal få kunnskap om. 

Samtidig blir fagmiljøet prega av diskusjon om to forskjellige retningar om korleis elevane skal lære. 

Ein instrumentell dreining med auka aktivitetsnivå, medan den andre er meir oppteken av at undervisninga må ha fokus på at elevane skal lære om helse. 

Sidan ein av skulens viktige oppgåver er å bidra til allmenndanning og læring er denne avhandlinga eit bidrag til den siste retninga der læringa er viktigast.

Målet med prosjektet har vore å undersøke korleis helse blir undervist i kroppsøvingsfaget på ungdomstrinnet, og korleis didaktisk arbeid kan bidra til å utvikle undervisning om helse i faget. 

Komite:

Vegleiarar: 

 

Program

10.15-11.00: Prøveforelesing

 

13.00-16.00: Disputas over avhandlinga:

"Helse som didaktisk fenomen i kroppsøvingsfaget.

En multimetodisk studie om undervisning om helse på ungdomstrinnet."

Praktisk informasjon

Disputasen er open for alle og vil også bli strøyma på YouTube.