Mange idrettsskadar – og faren for å få dei – blir oversett av trenarar. For å kutte skadar og fråfall, må treninga tilpassast meir etter vekst og modning enn det ein gjer i dag.
10. juni
NIH - streamast
kl.14:00
Det er hovudkonklusjonen i doktoravhandlinga som Eirik Halvorsen Wik skal forsvare i disputasen på Noregs idrettshøgskole 10. juni:
I arbeidet sitt har han følgt tenåringsutøvarar på elitenivå ved Aspire Academy i Qatar sin hovudstad Doha over dei siste fire åra. Aspire Academy er eit «nasjonalt toppidrettsgymnas» for gutar der friidrett og fotball er dei største idrettane.
Han har mellom anna undersøkt kva for skadar som har størst innverknad på deltaking og om ungdomane er meir eller mindre utsette for skadar på ulike tidspunkt medan dei veks til. Med lærdomen frå dette kan ein sette inn tiltak for å unngå at ungdomane pådreg seg ulike typar skadar som dei lett dreg med seg vidare i livet.
Men registreringa av data avslørte òg ein annan viktig feilkjelde – som kan vere vanleg i fleire studie: Fysioterapeutane noterte skader med lav alvorlighetsgrad svært ulikt, noko som kan gi et uriktig bilete av utbreiinga av særskilte skadetypar.
Vegleiarar
Komité
"Evidence based strategies for management and prevention of COVID-19 in elite athletes preparing for and participating in the Tokyo Olympic summer games"
"Injuries in elite male youth football and athletics - Growth and maturation as potential risk factors"
Inntil koronasituasjonen er meir avklart, blir disputasar halde berre med særskilt invitert publikum fysisk til stade.