Disputas: Fysisk aktivitet gav ikkje betre læring

Ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar, det er ein av konklusjonane i doktoravhandlinga som Ingeborg Barth Vedøy skal forsvare på NIH 1. desember.

Informasjon

Dato

1. desember

Sted

NIH - auditorium Innsikt

Tid

kl.10:15

Om

Ingeborg Barth Vedøy er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH og har dagleg tilhald ved Høgskolen i Innlandet på Elverum.

1. desember 2021 forsvarar ho doktoravhandlinga si:

"Fysisk aktivitet, psykisk helse og skuleprestasjonar hos ungdom. Ei longitudinell studie av fysisk aktivitet si rolle for indikatorar på psykisk helse og skuleprestasjonar hos norske ungdommar på ungdomsskulen"
Last ned avhandlinga

Å inneha god psykisk helse, samt oppnå gode skuleprestasjonar er eit vesentleg premiss for ungdommar si framtid. Tidlegare forsking har peikt på at fysisk aktivitet kan vera ein sentral faktor for å oppnå dette, men det manglar studiar som har undersøkt dette over lang tid.

Denne studien har følgt 600 ungdommar årleg gjennom dei tre åra av ungdomsskulen og sett på fysisk aktivitet, psykisk helse og skuleprestasjonar.

Overordna syner resultata ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar blant deltakarane.

Det vart heller ikkje funnet nokon samanheng mellom fysisk aktivitet eller stillesitjande tid og psykiske problem. Likevel ser det ut til å vere ein positiv samanheng mellom stillesitjande tid og psykisk well-being hos gutar, samt mellom fysisk aktivitet og psykisk well-being hos jenter.

Desse resultata understøttar moglegheita for at fysisk aktivitet kan ha ulik betydning for ulike indikatorar på psykisk helse, og at mengda og intensiteten av fysisk aktivitet i liten grad ser ut til å ha betydning for psykiske problem og skuleprestasjonar hos elles friske ungdommar.

Viktigaste funn:

  • Ingen samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og psykiske problem hos ungdom
  • Ingen samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og skuleprestasjonar hos ungdom
  • Ein liten samanheng mellom fysisk aktivitetsnivå og positive dimensjonar av psykisk helse; psykisk well-being og nokre indikatorar på sjølvtillit, særskilt hos jenter
  • Positiv samanheng mellom auke i stillesitjande tid og psykisk well-being hos gutar

 

Bedømmelseskomité

  • Frank Abrahamsen – Førsteamanuensis, NIH – leder
  • Russel Jago – Professor i fysisk aktivitet og helse, School for Policy Studies, Bristol - Population Health Science Institute, University of Bristol, England
  • Anna Bugge – dosent, fysioterapiutdannelsen, Københavns professionshøjskole, Danmark

Vegleiarar

Program

10:15 - 11:00 – Prøveforelesing
"The effectiveness of physical activity programs for adolescents to change academic achievement and/or mental health"

12:30 - 15:30 – Disputas over avhandlinga
Fysisk aktivitet, psykisk helse og skuleprestasjonar hos ungdom.
Ei longitudinell studie av fysisk aktivitet si rolle for indikatorar på psykisk helse og skuleprestasjonar hos norske ungdommar på ungdomsskulen

Praktisk informasjon

Disputasen er open for alle, men blir òg streama - velkomne!

Kontakt oss

Sigmund Alfred Anderssen

Instituttleder

Telefon: +47 23 26 23 01 / +47 452 79 348

Solveig Sunde

Kontorsjef

Telefon: +47 23 26 23 45 / +47 930 86 045