16. april 2021 disputerer Hilde Fredriksen for avhandlinga «Forebygging av skulderskader i håndball. Utfordringen med gjennomføring av forebyggende tiltak».
16. april
NIH - streamast
kl.10:15
Korleis kan man førebygge skulderskader hos handballspelarar?
Det er mogleg å førebygge skulderskadar hos handballspelarar, men kva gjer vi når spelarar ikkje vil bruke skadeførebyggande program fordi dei synest det tar for lang tid?
Den høge førekomsten av skulderskadar blant handballspelarar, der kvar fjerde spelar til ein kvar tid har skulderplagar, var utgangspunktet for doktorgradsarbeidet til Hilde Fredriksen, til dagleg tilknytt Olympiatoppen og Senter for idrettsskadeforsking på NIH.
Gjennom arbeidet sitt har ho undersøkt om ein kan forkorte eksisterande program gjennom å fokusere på kjende risikofaktorar.
Ho har òg oversett og validert eit spørjeskjema for monitorering av skulderfunksjonane hos kast-utøvarar. Dette er eit nyttig hjelpemiddel i vurderinga av om ein spelar er klar for å spele handball igjen etter ein skade eller ikkje.
10:15 – Prøveførelesing
"Is the future PROMISing? Pasientrapporterte utfallsmål ved muskelskjelett-tilstander – potensiale og begrensninger"
12:00 – Hovudførelesing over avhandlinga
"Forebygging av skulderskader i håndball. Utfordringen med gjennomføring av forebyggende tiltak"