Kor farleg er det å nikke i fotball? Og kor mykje av hovudskadane hos tidlegare fotballtoppar skuldast nikking? For å få svar har Stian Bahr Sandmo leitt seg fram til betre målemetodar.
17. desember
Haldast digitalt via Zoom
kl.14:00
Målet for Sandmo har vore betre forståinga av samanhengar mellom gjentekne støyter mot hovudet i fotball – og dei potensielle konsekvensar dette har for hjernen.
Her har han arbeid med ulike målemetodar.
Stian Bahr Sandmo har evaluert målemetodar ein kan bruke for å undersøke effektane av nikking. Mellom anna har dei utstyrt spelarar med øyrepluggar; desse målte akselerasjonskreftene som hovudet til spelarane blei utsette for når dei nikka. Dei har også kartlagt omfanget av nikking i barne- og ungdomsfotball. Her kom
det fram at unge under 12-13 år nikkar svært lite.
Dei har òg tatt blodprøver frå spelarar i Tippeligaen og undersøkt førekomsten av tau-protein i desse for å sjå om nikking og hovudskadar ga strukturelle hjerneskadar, noko de ikkje fann. Og dei har undersøkt i kva grad sjølvrapportering kan brukast til å måle nikking og verknadane av dette.
Disputasen kan følgjast på zoom – sjå lenker nederst
Repetitive head impacts in football - Quantifying exposure and assessing outcomes
Prøveforelesning og disputas blir halde digitalt via Zoom.
14:00-15:00 - Prøveforelesing
Ultramarathon: A review of the scientific literature to inform an evidence‐based training plan
Følgj prøveforelesinga her…
16:00-19:00 - Disputas over avhandlinga
Repetitive head impacts in football - Quantifying exposure and assessing outcomes
Følgj disputasen her...
Grunna koronapandemien kan disputasen følgjast på zoom.