Disputas: Kroppsøving - eit utviklingsaktiva for alle elevar?

Undervisinga i kroppsøving i norsk skole må leggjast om – om den skal leve opp til opplæringslova.

Informasjon

Dato

4. september

Sted

Auditorium Innsikt, NIH

Tid

kl.12:15

Om

Det er ein av konklusjonane i doktoravhandlinga som Irina Burchard Erdvik forsvarar på NIH 4. september: "Physical Education as a development asset in the everyday life of adolescents"

I undersøkinga si har ho spurt om lag 3.000 unge i ungdoms- og vidaregåande skule om sjølvkjensla deira, om idrettsdeltaking på fritida, om korleis dei opplever kroppsøvinga og om kjensla av sjølvbestemming, meistring og tilhøyring i faget.

Ho har mellom anna funne at kroppsøvings-timane oftast er lagt opp med mykje idrett, etter ein «idrettslogikk» som mest gagnar dei idrettsaktive. Opplæringslova seier ikkje noko om at idrett er viktig.

Forslaget hennar til løysning vil få følgjer for alt frå dei som lagar lærarutdanninga via fagfolk og lærarar og heilt ut til elevane.

 

 

Komite

  • Susanna Hedenborg (leiar) – professor i idrettsvitenskap ved NIH
  • Alex C. Garn – professor i Kinesiologi, Louisiana State University
  • Tor Soderstrom – professor i pedagogikk, Umea Universitet, Department of Education

 

Vegleiarar

  • Reidar Säfvenbom (hovedvegleiar) – professor ved Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier på NIH
  • Tommy Haugen – førsteamanuensis ved Institutt for idrettsvitenskap og kroppsøving ved Universitetet i Agder
  • Kjersti Mordal Moen – professor ved Fakultet for helse og sosialvitenskap ved Høgskolen i Innlandet

Program

12:15-13:00 - Prøveforelesing
The relation between Physical education and Physical activity in a life perspective.

14:00-17:00 – Disputas, hovudforelesing
Physical Education as a development asset in the everyday life of adolescents»

Praktisk informasjon

Det er førebels berre sett av om lag 80 plassar for publikum.

Kontakt oss

Oddbjørn Alstad

Oddbjørn Alstad

Kontorsjef

Telefon: +47 23 26 20 43 / +47 930 93 936

Reidar Säfvenbom

Reidar Säfvenbom

Instituttleder

Telefon: +47 23 26 24 25 / +47 930 39 506