Ein ny metode for å diagnostisere og dermed kunne operere skadde kne ein før ikkje kunne redde – det er eitt av resultata frå doktorgraden Nicholas DePhillipo skal forsvare på NIH 24. mars.
24. mars
Møterom Blankvann, NIH
kl.12:15
Målet for arbeidet har vore å finne ein betre måte for å påvise ein særskilt type meniskskade. Såleis har DePhillipo funne ein type skade som ikkje har vore kjend frå før, ein såkalla «menisk-rampelesjon». Skaden, som viser seg å vere utbreidd, har hittil gjeve varige smerter og i mange tilfelle både varig mén og behov for protese.
Med oppdaginga – å kunne påvise skadetypen – kan den nå opererast, og den skadde vil oftast komme raskt og fullt før på beina att. Oppdaginga beskrivast som revolusjonerande.
Sjølve avhandlinga kan hentast frå Brage...
12.15-13:00: Prøveforelesing:
“What is the effect of meniscal tears and their management on risk of developing osteoarthritis (degenerative and traumatic lesions)”
ca 13:00-16:00: Disputas:
"Meniscal Ramp Lesions: Anatomy, Biomechanics, and Clinical Outcomes"
Disputasen vil gå føre seg på engelsk.
Disputasen vil gå føre seg i Møterom Blankvann på NIH.