Disputas: Kva skjer i kroppen når ein auker det maksimale O2-opptaket?

Mekanismane bak oksygenopptak er tema når Øyvind Skattebo skal forsvare si doktoravhandling på NIH 19. august.

Informasjon

Dato

19. august

Sted

Auditorium Innsikt, NIH

Tid

kl.10:15

Om

Mange av dei detaljerte mekanismane omkring kva som faktisk skjer når oksygen skal over i muskulaturen og brukast der, har vore ukjende. Dette har Skattebo arbeidd med, gjennom kompliserte tekniske og fysiske testar på ein gruppe frivillige.

Enkelt sagt har han følgt oksygenet frå det kjem inn via lungene og blodet fram til  muskulaturen, og korleis faktorar som blodvolum, pumpekapasiteten i hjartet og ulike eigenskapar i blodet og muskulaturen verker saman - og avgjer det maksimale oksygenopptaket.

Funna har betydning for korleis ein til dømes kan leggje opp kondisjonstrening.

Disputasen blir streama her...

 

Komite

Professor Jens Boysen-MøllerInstitutt for fysisk prestasjonsevne, NIH – leder

Professor Ylva Hellsten – Department of Nutrition, Exercise and Sports, University of Copenhagen, Denmark – 1.-opponent

Professor Bruno Grassi – Department of Medicine, University of Udine, Italy (til stades via videolenke) – 2.-opponent

 

Rettleiarar

Professor Jostein Hallén – Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH

Professor Carlo Capelli – Università di Verona

Klavs Madsen - Instituttleder, Institutt for fysisk prestasjonsevne

Program

10:15-11:00 - Prøveforelesing
“Gender differences in physiological adaptation to endurance training in performance, health and disease.”

11:30-14:30 - Disputas
The importance of oxygen extraction and blood volume for maximal oxygen uptake»

Disputasen blir halde på engelsk og blir streama her...

Praktisk informasjon

Det er førebels berre sett av 80 plassar for publikum.

Påmelding

Kontakt oss

Klavs Madsen

Instituttleder

Telefon: +47 23 26 23 05 / +47 468 30 845

Beate Marie Kristensen

Kontorsjef

Telefon: +47 23 26 23 00 / +47 924 00 317