Elevar med minoritetsbakgrunn er ikkje godt nok inkludert i kroppsøving. Løysinga ligg mykje på læraren, men det er krevjande.
9. desember
NIH
kl.07:30
Dette er ein av konklusjonane som Ingfrid Mattingsdal Thorjussen legg fram når ho forsvarar si doktoravhandling på Noregs idrettshøgskole (NIH) 9. desember:
Gjennom feltarbeid i ein fleirkulturell skulekontekst og djupneintervju av ungdom i 8. til 10. klasse har Thorjussen undersøkt kva som ligg bak elevane sine erfaringar av inkludering og ekskludering i kroppsøvingsfaget.
Ho har funne fram til ei rekke avgjerande faktorar som det mest av alt er opp til læraren i ta tak i for å skape meir inkluderande undervising i møte med mangfaldige grupper. Det handlar om anerkjenne skilnadar som noko positivt, men òg å ta dei på alvor og vere merksam på situasjonar som kan bli vanskelege. Faget er ikkje friteke frå korkje kjønnsdiskriminering, rasisme eller sosial ekskludering.
Gjennom ungdommane sine eigne skildringar slår ho fast at kroppsøvingslærarane har ein svært krevjande jobb, men at det er fullt mogleg å få til kroppsøvingstimar der alle føler at dei er med.
Ingfrid Mattingsdal Thorjussen er tilknytt Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH.
NB Tidleg start grunna opponent i New Zealand
Grunna koronapandemien blir det berre plass for særskilt invitert publikum.