Disputas: Effekten av uthaldstrening i ungdomsåra

Uthaldstrening artar seg heilt annleis for unge som framleis veks enn for vaksne. For unge er det viktigaste for uthald nettopp det at dei veks.

Informasjon

Dato

18. desember

Sted

NIH

Tid

kl.10:15

Om

Hege Wilson Landgraff har studert korleis uthalds- eller kondisjonstrening verker på unge i puberteten, samanlikna med vaksne.

Ho forsvarar funna sine i disputasen på Noregs idrettshøgskole (NIH) 18. desember:
«Effekt av kondisjonstrening gjennom pubertetsåra» - eller: «Cardiorespiratory, haematological and body composition changes in maturing girls and boys with different training backgrounds»

I arbeidet med avhandlinga stilte Landgraff spørsmålet: Når hormonelle endringar døgnet rundt får både storleiken på hjertet og blodvolumet til å auke så mykje, kor mykje betyr da nokre timar med kondisjonstrening?

Ho konkluderer med at til dømes intervalltrening er mykje mindre viktig for uthaldet hos unge enn hos eldre. Årsaken er at sjølve voksteren tek seg av å auke oksygenopptaket, og dette er lite påverka av kva ein trener. Og det får konsekvensar for kva trenarar og også foreldre bør leggje vekt på.

Hege Wilson Landgraff har vore tilsett som stipendiat ved Forskingssenter for barne- og ungdomsidrett (FOBU) sidan 2012, eit senter under Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH.

 

Komité

  • Maria T.E. Hopman, Professor Integrative Physiology, Faculty of Medical Sciences, Radboud University, Nederland
  • Jon Peter Wehrlin, head of the Endurance Physiology Group at Magglingen, Switzerland, Swiss Federal Institute of Sport, Magglingen, Sveits
  • Ulf Ekelund, Professor, Institutt for idrettsmedisinske fag, NIH

Vegleiar

Jostein Hallén, Professor, Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH

Program

  • 10:15-11:00 - Prøveforelesing
    Cardio-respiratory fitness (CRF) and body composition are both strong determinants of cardio-vascular morbidity and mortality in adults. Discuss the magnitude of associations between CRF and body composition related to cardiovascular morbidity and mortality and the relative importance of CRF and body composition to cardiovascular disease and mortality. Consider the combined associations between CRF and body composition and whether public health interventions should focus on increasing CRF or reducing obesity.
  • 12:00-15:00 - Disputas
    Cardiorespiratory, hematological and body composition changes in maturing girls and boys with different training background

Praktisk informasjon

Grunna koronapandemien blir det berre plass for særskilt invitert publikum.

Kontakt oss

Klavs Madsen

Instituttleder

E-post: klavsm@nih.no

Telefon: +47 23 26 23 05 / +47 468 30 845

Beate Marie Kristensen

Kontorsjef

E-psot: beatek@nih.no

Telefon: +47 23 26 23 00 / +47 924 00 317