Det er sterk evidens for ein positiv helseeffekt av fysisk aktivitet. Det finnes imidlertid lite kunnskap om effekten av fysisk aktivitet på kroppssamansetnad, aerob fysisk form og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom hjå sjukleg overvektige personar.
Tid:
Sted: Norges idrettshøgskole, AUD A
Fysisk aktivitet, aerob fysisk form, kroppssamansetnad og lipoproteiner hjå personar med sjukleg overvekt
Formålet med prosjektet er å undersøke samanhengar mellom fysisk aktivitet og kropssamansetnad, aerob fysisk form og lipoproteiner over eitt år.
Datainnsamling er knyta til ein livsstilsintervensjon for sjukleg overvektige personar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Målingar av fysisk aktivitet, kosthald, kroppssamansetnad, aerob fysisk form og lipoproteiner gjerast fleire gonger over eitt år. Ein valideringsstudie av Actigraph GT1M blir gjennomført ved gange på tredemølle.
Fysisk aktivitet var relatert til redusert kroppsvekt, feittmasse og aterogene lipoprotein, samt betra aerob fysisk form etter kontroll for konfunderande faktorar. Terskelverdiane for bestemming av moderat (612 tellingar/min) og høg intensitet (4780 tellingar/min) frå akselerometer var lågare enn kva som har blitt funne i tidlegare studier hjå unge, normalvektige personar.
Lenkjer til publikasjonar:
Aadland E, Anderssen SA: Treadmill calibration of the Actigraph GT1M in young-to-middle-aged obese-to-severely obese subjects. Journal of Obesity 2012, 2012:Article ID 318176. http://www.hindawi.com/journals/jobes/2012/318176/
Aadland E, Steene-Johannessen J: The use of individual cut points from treadmill walking to assess free-living moderate to vigorous physical activity in obese subjects by accelerometry: is it useful? BMC Medical Research Methodology 2012, 15:172.http://www.biomedcentral.com/1471-2288/12/172
Aadland E, Jepsen R, Andersen JR, Anderssen SA: Increased physical activity improves aerobic fitness but not functional walking capacity in severely obese subjects. http://www.medicaljournals.se/jrm/content/?doi=10.2340/16501977-1205&preview=1