Fysisk aktivitet, eksekutiv funksjon og skuleprestasjon

-

Tid:

Sted: Aud Innsikt

Formell tittel

Fysisk aktivitet, eksekutiv funksjon og skuleprestasjon hjå 10-årige skuleelevar: Fem studier basert på «The Active Smarter Kids» (ASK) – ein skulebasert intervensjonsstudie.

Formål

Å undersøkje samanhengar mellom objektivt målt fysisk aktivitet, fysisk form og motorikk og eksekutiv funksjon og skuleprestasjon, samt om eksekutiv funksjon er ein mogleg forklaringsvariabel for dei potensielle intervensjonseffektane av fysisk aktivitet på skuleprestasjon.

Prosjektbeskrivelse

Avhandlinga er ein del av studien ASK-studien. Denne omfattar 1129 elevar ved femte trinn frå 57 grunnskular i Sogn og Fjordane. Intervensjonen gjekk over sju månadar og bestod av tre komponentar som til saman utgjorde 165 minutt per veke med ekstra fysisk aktivitet: 1) fysisk aktivitet integrert i skulefag, 2) korte pausar med fysisk aktivitet i skulefag, og 3) heimelekse med fysisk aktivitet (sjå heimeside www.askstudy.no). Studien er registert i Clinicaltrials.gov NCT02132494
 

Resultat

Kunnskapsoppsummeringar har vist små effektar av fysisk aktivitet på både eksekutiv funksjon og skuleprestasjon. I våre undersøkingar fann me ingen effekt av ASK-intervensjonen på eksekutiv funksjon eller skuleprestasjon. I analysar der utvalet var delt etter prestasjon på nasjonale prøvar før intervensjonsstart, såg ein derimot ein betra prestasjon i rekning hjå dei barna med lågast skåre i rekning før intervensjonen starta. Dermed kan det sjå ut til at ein alternativ didaktikk som inneheld bruk av fysisk aktivitet kan ha effekt hjå denne gruppa av barn, noko som er eit viktig funn. Vidare viste såkalla per protokoll analysar (som berre inkluderte dei skulane som følgde protokollen for studien), ein effekt på både eksekutiv funksjon og motorikk. Desse funna kan indikere at motorisk utfordrande aktivitetar er ein viktig premiss for at fysisk aktivitet skal kunne påverke eksekutiv funksjon og skuleprestasjon. I prospektive analysar fann ein ingen støtte for objektivt målt fysisk aktivitet som forløpar for skuleprestasjon og derfor heller ingen evidens for eksekutiv funksjon som mogleg forklaringsmekanisme mellom dei to.

Artiklar:

Aadland, K. N., Moe, V. F., Aadland, E., Anderssen, S. A., Resaland, G. K., & Ommundsen, Y. (2017). Relationships between physical activity, sedentary time, aerobic fitness, motor skills and executive function and academic performance in children. Mental Health and Physical Activity, 12, 10-18. doi:10.1016/j.mhpa.2017.01.001

Aadland, K. N., Ommundsen, Y., Anderssen, S. A., Brønnick, K. S., Moe, V. F., Resaland, G. K., . . Aadland, E. (2017). Effects of the Active Smarter Kids (ASK) Physical Activity School-based Intervention on Executive Functions: A Cluster-Randomized Controlled Trial. Scandinavian Journal of Educational Research, 1-15. doi:10.1080/00313831.2017.1336477

Resaland, G. K., Aadland, E., Moe, V. F., Aadland, K. N., Skrede, T., Stavnsbo, M., . . . Anderssen, S. A. (2016). Effects of physical activity on schoolchildren's academic performance: The Active Smarter Kids (ASK) cluster-randomized controlled trial. Preventive Medicine, 91, 322-328. doi:http://dx.doi.org/10.1016/j.ypmed.2016.09.005

Aadland, K. N., Ommundsen, Y., Aadland, E., Brønnick, K. S., Lervåg, A., Resaland, G. K., & Moe, V. F. (2017). Executive Functions Do Not Mediate Prospective Relations between Indices of Physical Activity and Academic Performance: The Active Smarter Kids (ASK) Study. Frontiers in Psychology, 8(1088). doi:10.3389/fpsyg.2017.01088

Aadland, K. N., Aadland, E., Andersen, J.R., Lervåg, A., Moe, V.F., Resaland, G. K., & Ommundsen, Y. (Akseptert). Does self-regulation mediate the relationship between school-based physical activity and academic performance in numeracy in ten-year-old children?

ASK-studien er støtta av Norsk forskingsråd (grant number 221047/F40), Gjensidige-stiftelsen (grant number 1042294), tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane –no Høgskulen på Vestlandet, og Norges Idrettshøgskole