Helse som didaktisk fenomen i kroppsøvingsfaget

I kva grad er helse ein del av undervisninga til kroppsøvingslærarar? Tar dei det for gitt at elevane lærer om helse når dei har fysisk aktivitet?

Tid:

Sted: NIH

Formell tittel

Helse som didaktisk fenomen i kroppsøvingsfaget: En multimetodisk studie om undervisning om helse på ungdomstrinnet

Prosjektbeskrivelse

Temaet for avhandlinga er undervisning om helse i kroppsøvingsfaget. Helse har over lang tid vore ein del av faget som det har blitt vektlagt at elevane skal få kunnskap om. 

Samtidig blir fagmiljøet prega av diskusjon om to forskjellige retningar om kva og korleis elevane skal lære. 

Ein meir instrumentell retning med dreiing mot auka aktivitetsnivå, medan den andre er meir oppteken av at undervisninga må ha fokus på at elevane skal lære om helse. 

Sidan ein av skulens viktige oppgåver er å bidra til allmenndanning og læring er denne avhandlinga eit bidrag til den siste retninga der læringa er viktigast.

Målet med prosjektet har vore å undersøke korleis helse blir undervist i kroppsøvingsfaget på ungdomstrinnet, og korleis didaktisk arbeid kan bidra til å utvikle undervisning om helse i faget. 

Resultat

I prosjektet har Mong mellom anna undersøkt korleis åtte kroppsøvingslærar forstår helse og korleis dei underviser om det. Ho har også gjort såkalla aksjonsforsking, der ho i samarbeid med ein kroppsøvingslærar og elevar har sett på korleis didaktisk arbeid kan bidra til å utvikle undervisninga om helse.

Funna viser at lærarane ofte tenkte på helse som ein bieffekt. Dei er ikkje bevisste på at dei skal planlegge undervisning om helse, på same måte som fotball. Men det er ikkje noko som kjem automatisk.

Mykje endra seg for både lærarar og elevar når læraren hadde planlagt undervisninga om helse didaktisk. Det blei tydelegare både for læraren kva som var hensikta med økta og elevane kva dei faktisk hadde lært.

 

Les hele rapporten

Last ned fra Brage