Turid Skrede
stipendiat
Ekelund, Ulf
hovedveileder
Anderssen, Sigmund Alfred
prosjektleder
Geir Kåre Resaland, HVL
prosjektkoordinator
Publisert:
Activ Smarter Kids (ASK) er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, trivsel og helse. ASK blir gjennomført fordi det i dag er utilstrekkeleg kunnskap om korleis auka fysisk aktivitet i skulen verkar inn på skuleprestasjon, skuletrivsel og helsevariablar. Denne kunnskapen er viktig både i eit læringsperspektiv og eit førebyggande folkehelseperspektiv.
Turid Skrede
stipendiat
Ekelund, Ulf
hovedveileder
Anderssen, Sigmund Alfred
prosjektleder
Geir Kåre Resaland, HVL
prosjektkoordinator
Publisert:
-
Tid:
Sted: Aud. Innsikt, NIH
Active Smarter Kids Study
Undersøke samanhengen og effekten av fysisk aktivitet og sedat tid på fysiologiske variablar knytt til metabolsk helse hjå 10-åringar
ASK er ein sju månadar klynge-randomisert kontrollert studie. 1129 elevar i 5.klasse frå 57 grunnskular i Sogn og Fjordane blei klynge-randomisert på skule i enten intervensjonsgruppe eller i kontrollgruppe. Elevane i dei 28 intervensjonsskulane deltok i intervensjonen mellom november 2014 og juni 2015.
Les mer om prosjektet.
Artikkel I: Basert på vår systematiske kunnskapsoppdatering er det er få indikasjonar for ein prospektiv samanheng mellom sedat tid og metabolske risikofaktorar, medan samanhengen mellom moderat-til-høg fysisk aktivitet og opphoping av metabolske risikofaktorar er negativ og konsistent.
Artikkel II: Total tid i moderat-til-høg fysisk aktivitet ved baseline er prospektivt assosiert med betre metabolsk helse sju månader seinare. Ingen samanheng mellom sedat tid og metabolske helse.
Artikkel III: Fysisk form er ein moderator i den prospektive samanhengen mellom fysisk aktivitet og metabolske risikofaktorar. Hjå barn med låg fysisk form er det ein sterkare samanheng mellom moderat-til-høg fysisk aktivitet og opphoping av metabolske risikofaktorar, med ikkje hjå barn med høg fysisk form.
Artikkel IV: Total sedat tid predikerar ikkje høgare kroppsmasseindeks, midjemål eller skinfold. I motsetnad predikerar kroppsmasseindeks og midjemål meir sedat tid og mindre fysisk aktivitet – desse samanhengane er i hovudsak berre hjå gutar.