Etikk

Ved NIH er vi opptekne av at våre forskarar og studentar skal fylgje gjeldande lover og reglar og god vitskapleg praksis i sitt forskingsarbeid

Høgskulen har eit eige kvalitetssystem for forskingsprosjekt. Der finn forskarar og studentar dei lover, reglar og rutinar som dei plikter å setje seg inn i og etterleve ved oppstart, gjennomføring og avslutning av eit forskingsprosjekt. Etiske utfordringar i forskingsprosjekt er stort sett knytt til: 

1)      Normer og reglar for vitskapleg praksis. NIH har eit reglement for "vurdering av vitenskapelig uredelighet" og ein komite som sakshandsamar moglege brot på reglementet. Til dømes forfalsking eller plagiering.  

2)      Bruk av personopplysingar i forskingsprosjekt: Ved innsamling, registrering, behandling eller lagring personopplysingar i forskingsprosjekt krevst godkjenning frå Norsk senter for forskningsdata (NSD)

3)      Helseforsking. Helseforskingslova set krav til forskningprosjekt med eit medisinsk føremål. Det er oppretta etiske komitear i kvar helseregion (Regionale Etiske Komiteer, forkorta REK), som skal godkjenne prosjekt med medisinsk forskning på menneske. For NIH prosjekt med medisinsk forsking på menneske, skal det søkast godkjenning frå REK. Dersom REK finn at prosjektet ikkje fell inn under Helseforskingslova, skal saken handsamas av NIH sin komité for helseforsking.

Kontakt

Kristian Sollesnes

Avdelingsleder

Telefon: +47 23 26 20 42 / +47 959 04 600

Turid Sjøstedt

Seniorrådgiver

Telefon: +47 23 26 20 32 / +47 950 39 516