Hopp direkte til innhold

NIH media

Norges idrettshøgskole har eit eige mediasenter, NIH media, som arbeider med alle produksjonar innan lyd og bilete. NIH media sitt tekniske utstyr er av broadcastkvalitet og vi har produsert filmar som har vorte viste på NRK og TV2.

Utover å serve fagtilsette og studentar, sel NIH-media sine tenester til eksterne oppdragsgivarar. NIH-media tek på seg produksjonsoppgåver frå både skule, idrett, næringsliv og frå andre.

Saman med fagtilsette kan NIH-media lage ulike produksjonar innan idrett, friluftsliv, generell fysisk aktivitet og helse. Sluttproduktet kan vere på VHS, minidv, DVCAM, DVCPRO, Betasp og DVD.

Når det gjeld DVD har vi utstyr til å printe på plater og mangfoldiggjere inntil 400 plater pr dag.

NIH-media kan overføre frå gamle VHS filmar til DVD og gamle lydkassettar til CD. NIH-media har eit rikt bilete- og filmarkiv tilgjengeleg for oppdragsgivarane våre.