Utleie
Eiendomsavdelingen,
Sist oppdatert: 03. januar 2013
Skriv ut
Norges idrettshøgskole leiger ut eit breitt spekter av idrettsanlegg og lokale; uteanlegg og banar, idrettshallar og gymsalar, symjehall, skytebanar, auditorium og ikkje minst undervisningsrom.

Vi prioriterer utleigarar frå idrettslag og organisasjonar framfor andre eksterne brukarar, men alle er velkomne til å søkje om leigetid og vil få tildelt tid viss det er ledig kapasitet.
Leige av anlegg
Vi leiger og ut anlegget på dagtid (i studietida) så lenge leigetakar ikkje er til hinder for NIH sitt eige bruk.
Vi har som målsetjing å halde eit prisnivå som gjer det mogleg å dekkje inn dei meirkostnader utleigeverksemda påfører NIH, samstundes som prisen skal vere akseptabel for dei prioriterte leigetakarane våre (idretten).
NIH Utleigekontor
Mail: 
Telefontid, mandag-fredag kl. 0900-1100
Tlf.: 23 26 22 03
Fax: 22 23 42 20
Postadresse: Norges idrettshøgskole v/Utleiekontoret, P.B. 4014, 0806 Oslo.
Tips en venn