Parkeringsavgift
Parkeringsavgift er sett til kr. 11,- per time, men tilsette og studentar får eige P-bevis vederlagsfritt.
Gjestekort
Kun gjester, gjesteforelesarar, handverkarar, servicefolk og vareleveransar kan få gjestekort i resepsjonen. Funksjonshemma med gyldig P-tillatelse for forflyttningshemma skrive ut av kommunen har fri parkering på indre og ytre område.
Kontrollavgift
Kontrollavgift som er skulda manglande synleg P-bevis eller feilparkering vert ikkje sletta. Klager på eventuelle kontrollavgifter, sjå informasjon. Viser til driftspolicy som omhandlar parkeringsbestemmelsane og konsekvensane av å ikkje overhalde dei.
Driftspolicy for Norges idrettshøgskole
Målsetjinga med denne driftspolicy er at kunden skal motiverast til å bruke parkeringsområdet som det er tiltenkt. Kunden skal informerast om parkeringsbestemmelsane og konsekvensane av å bryte desse.
Målet er størst mogleg betalingsvilje og respekt for bestemmelsane. Aker P-drift sitt personell skal utføre sine arbeidsoppgåver i samsvar med dette.
1. All parkeringskontroll vert utført av uniformert personell. Kontrollen vert utført etter behov.
2. For å oppnå eit best mogleg samarbeid, peiker partane ut kvar sin kontaktperson blant anna for å løyse driftssaker.
Kontaktperson frå Norges Idrettshøgskole er
.
Kontaktperson frå Aker P-Drift AS er
.
3.Før parkeringskontroll vert utført, skal alle skilt og billettautomatar sjekkast mot feil og manglar for å unngå misforståingar og problem for parkeringskundane. Eventuelle feil må straks meldast til Aker P-Drift AS.
4. Parkeringskontrollen vert utført på fylgjande måte:
■ Tidspunkta for personellet sin ankomst og avreise til / frå parkeringsområdet vert notert på eit eige rapportskjema.
■ Viss kunden kjem til bilen medan vakta fyller ut kontrollavgifta, vert denne makulert på staden. For øvrig retter Aker P-Drift AS seg etter dei retningslinjer for håndheving på privatrettsleg regulerte parkeringsområde som er utarbeida av Forbrukarrådet og bransjeorganisasjonen vår. Dersom desse retningslinjene vert endra i framtida vil vi tilpasse oss dette.
■ Ikkje betalt tilstrekkeleg avgift
■ Ikkje kontrollerbar billett
■ Gyldig P-tillatelse manglar
■ Parkert i strid med bestemmelsar for oppstilling. Forklaringa på feilparkeringa vert alltid skrive under. Merknader: Ventetid 3 minutt.
■ Heimel utan ventetid: Stans forbudt og Gyldig P-tillatelse for forflytningshemma manglar
■ Heimel med ventetid på 5 og 10 minutt: Parkering forbudt: Ventetid fem minutt for personbilar, 10 minutt for varebilar. Parkert ved lasterampe/varelevering: Ventetid fem minutt for personbilar, 10 minutt for varebilar.
5. Når avtalen vert inngått er kontrollavgifta kr. 610,-.
6. All klagebehandling skal skje via Aker P-Drifts. Retningslinjer for dette er angitt på kontrollavgifta si bakside.
7. Drift / policymøter vert avholdt ved behov.