Vakttenesta

Serviceerklæring for vakttenesta.

1. Overordna mål

Vakttenesta skal syrgje for at høgskolens anlegg og utstyr bare blir bruka av dei som har lovleg tilgang til det, og at gjeldande bruks-, sikkerheits- og ordensreglar blir fylgd i tråd med reglement.

2. Produkt- / tenestebeskriving

  • Vaktteneste kveld og helg
  • Betening av sentralbord og servicetorg
  • Utlån av nyklar og utstyr til studentar, tilsette og leigetakarar
  • Brannvern og førebyggjande sikkerheitsarbeid (videoovervaking, alarmar)
  • Yte fyrstehjelp ved skadar og ulukker (inkl. HLR)
  • Sikring av skolen med kontroll av adgangskontrollsystem og låsing av dører

3. Servicemål

  • Rettleia og leggja til rette for leigetakarar, studentar og tilsette
  • Yte service for NIHs brukarar og fylgje opp leigeavtalar
  • Informere om relevante tilbod og tenester NIH gjer tilbod om
  • Yte akutt teknisk hjelp ved bruk av teknisk utstyr
  • Syrgje for at anlegg og lokale er ryddig og at utstyr er på plass
  • Syrgje for at resepsjonsområdet er ryddig
  • Tilsyn med all ferdsel på anlegga.
  • Syrgje for førebyggjande arbeid for å hindra uynskte situasjonar og hendingar
  • Rapportera hendingar, ulukker og avvik til administrasjonen for videre oppfylging og informasjon
  • Ved alvorlege hendingar, kunne stengja anlegg og lokale

4. Tilgjengelegheit

  • For opningstider ved NIH og leigeføresetnader visas til www.nih.no/utleie.
  • Vakttenesta betener NIH kvardager fra kl. 16.00-22.00 og laurdag/søndag normalt mellom kl. 09.00-18.00.

5. Føresetnader

  • Vakttenesta skal alltid være til stade ved organisert bruk av NIH
  • Vakttenesta skal kunne påpeika avvik og uynskte hendingar, samt bortvisa personar som ikkje har lovleg adgang til skolens område

6. Tilbakemeldingar

Vi ynskjer tilbakemeldingar fra våre brukarar/leigetakarar. Dette kan gjerast ved å kontakte Servicetorget eller booking@nih.no