Utleigekontoret

Serviceerklæring for utleigekontoret.

Innleiing

Norges idrettshøgskole (NIH) er en vitskapeleg høgskole med tilhøyrande idrettsanlegg. NIHs utleigekontor er underlagt Eiendomsavdelingen.

1. Overordna mål

Utleigeverksemda har som målsetjing i størst mogleg grad å leige ut anlegget til idretten og andre eksterne brukarar til prisar som minimum gir kostnadsdekning. Det er ein føresetnad at utleigeverksemda ikkje verkar negativt inn på kjerneverksemda.

2. Produktbeskriving

  • Behandla fortlaupande førespurnadar om sporadisk leige og større arrangement i inneverande sesong (august-juni), og forete registrering av leieforhold i utleiekalenderen (TimeEdit).
  • Forvalta fakturering av Interne og eksterne leigetakarar. Fakturering skjer månedleg etterskottsvis.
  • Utarbeida og formidla NIHs utleigebrosjyre
  • Behandla søknadar om sesongleige med søknadsfrist 30. mai, samt formidla skriftleg tilbod eller avslag til søkarar, som har søkt innen søknadsfristen.
  • Behandla tilbakemeldingar fra interne og eksterne kundar som gjeld anlegg, lokale og utstyr.

3. Servicemål

  •  Tilbakemelding på førespurnad om sporadisk leigeforhold i inneverande sesong skal vanlegvis skje innan 2 virkedagar
  • Tilbod for sesongavtalar sendast ut etter at skolens behov er tatt hand om, og seinast innan 31. juli for kommande sesong.
  • Sporadisk leigeforhold for kommande sesong vil generelt bli behandla fra same dato som tilbod om sesongavtalane formidlast.
  • Ved større arrangement og spesielle høve skal vi leggja til rette, koordinera og informera dei avdelingar det gjeld på NIH.
  • NIH skal levera anlegg og lokale, med dei fasilitetar som er beskrivne i utleigebrosjyren.

4. Tilgjengelegheit

  • Tilgjengeleg: e-post booking@nih.no.
    Telefontid: måndag-fredag kl. 0900-1100, tlf. 23 26 22 03 Fax; 22 23 42 20
  • Postadresse: Norges idrettshøgskole v/utleigekontor P.B. 4014 – Ullevål Stadion, 0806 Oslo.
  • Telefonførespurnader utover kontortida, kan rettast til NIH Servicetorg (tlf. 23 26 20 00)
  • Normalopningstida ved NIH er måndag-fredag kl. 0800-2200, laurdag og søndag kl 0900-1800.
  • Stengt: Heile påska, pinse, jule- og nyttårshelga inkl. dagane mellom jul og nyttår, bevegelige heilagsdagar og uke 28-32.
  • Søk etter ledig kapasitet i anlegg og lokalar: www.nih.no/utleie/web eller kontakt utleigekontoret
  • Kundeinformasjon om eigne bookede tider: www.nih.no/utleie/web, eller kontakt utleigekontoret

5. Føresetnader

  • Informasjon om søknad og leigetider finnast her
  • Søknad for neste skoleår/sesongavtale annonserast kvart år med søknadsfrist 31. mai.
  • Større arrangement behandlast særskild og kan behandlast utanfor ordinære søknadsfristar/kriterium
  • Anlegg og lokale er som hovudregel tilgjengeleg i annonserte opningstider gjennom skoleåret.

Tildeling av tid og generelle avtalevilkår:

  • Prioritering ved tildeling og bruk av anlegg og lokale, tildeling av eksterne leigeforhold, krav til utleiger og leigetakar, betaling og avbestillingsvilkår, se Reglement for bruk og utleie av NIHs anlegg og lokaler eller utlegiebrosjyre

6. Tilbakemeldingar

Vi ynskjer tilbakemeldingar fra våre brukarar/leigetakarar. Dette kan gjerast ved å kontakte Servicetorget eller booking@nih.no

Kontakt

NIH Utleigekontor

E-post: booking@nih.no

Telefon: 23 26 22 03 (måndag-fredag kl. 09:00-11:00)

Postadresse: Norges idrettshøgskole, v/Utleigekontoret, P.B. 4014, 0806 Oslo